Skodje kommune: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 21: | Linje 21: | ||
| annet = | | annet = | ||
}} | }} | ||
<onlyinclude><includeonly>[[Fil:1529 Skodje komm.png|thumb|80px]]</includeonly>'''[[Skodje kommune]]''' eller '''Skøye''' var ein kommune på [[Sunnmøre]] i [[Møre og Romsdal]]. [[Kommune]]n låg på nordsida av [[Storfjorden (Sunnmøre)|Storfjorden]] og grensa mot [[Haram kommune|Haram]], [[Ålesund kommune|Ålesund]], [[Ørskog kommune|Ørskog]] og [[Sykkylven kommune|Sykkylven]]. Administrasjonssenteret låg i [[Skodje (tettsted)|Skodje]]. 1. januar 2020 gjekk Skodje inn i den nye storkommunen Ålesund. | <onlyinclude><includeonly>[[Fil:1529 Skodje komm.png|thumb|80px]]</includeonly>'''[[Skodje kommune]]''' eller '''Skøye''' var ein kommune på [[Sunnmøre]] i [[Møre og Romsdal]]. [[Kommune]]n låg på nordsida av [[Storfjorden (Sunnmøre)|Storfjorden]] og grensa mot [[Haram kommune|Haram]], [[Ålesund kommune|Ålesund]], [[Ørskog kommune|Ørskog]] og [[Sykkylven kommune|Sykkylven]]. Administrasjonssenteret låg i [[Skodje (tettsted)|Skodje]]. 1. januar 2020 gjekk Skodje inn i den nye storkommunen [[Ålesund kommune|Ålesund]]. | ||
Dei større grendene i den tidlegare kommunen er [[Engeset]], [[Stette]], [[Valle (Skodje)|Valle]] og [[Brusdal]]. I sør grensa kommunen mot [[Storfjorden (Sunnmøre)|Storfjorden]]. </onlyinclude>[[Engsetdalsvatnet]] og [[Brusdalsvatnet]] er større vatn. Det er berre ei kyrkje i Skodje kommune, [[Skodje kyrkje]]. | Dei større grendene i den tidlegare kommunen er [[Engeset]], [[Stette]], [[Valle (Skodje)|Valle]] og [[Brusdal]]. I sør grensa kommunen mot [[Storfjorden (Sunnmøre)|Storfjorden]]. </onlyinclude>[[Engsetdalsvatnet]] og [[Brusdalsvatnet]] er større vatn. Det er berre ei kyrkje i Skodje kommune, [[Skodje kyrkje]]. |
Sideversjonen fra 9. feb. 2023 kl. 09:47
Skodje kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1529 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Skodje |
Areal i km²(2020) | 120,03 km² |
Folketal 2020 | 4680 (2018) |
Grunnlagt | 1849 |
Opphørte | 2020 |
No del av | Ålesund kommune |
Målform | Nynorsk |
Skodje kommune eller Skøye var ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen låg på nordsida av Storfjorden og grensa mot Haram, Ålesund, Ørskog og Sykkylven. Administrasjonssenteret låg i Skodje. 1. januar 2020 gjekk Skodje inn i den nye storkommunen Ålesund.
Dei større grendene i den tidlegare kommunen er Engeset, Stette, Valle og Brusdal. I sør grensa kommunen mot Storfjorden. Engsetdalsvatnet og Brusdalsvatnet er større vatn. Det er berre ei kyrkje i Skodje kommune, Skodje kyrkje.
Skodjebruane er to eldre vegbruer ved Straumen. Gamle Skodjestraumen bru er Noregs største hvelvbru bygd i stein. Bygginga av bruene byrja i 1911, og dei sto ferdige i 1919. Vegen blei ikkje opna før i 1922. Skodjestraumen bru som blei bygd i 2004 erstatta dei to gamle bruane, som samtidig vartstengt for biltrafikk.
Kommunehistorikk
Skodje kommune har hatt fleire endringar når det gjeld kommunegrensane, og har i periodar vært samanslått med sine nabokommunar.
- Frå 1837 var Skodje ein del av Borgund formannskapsdistrikt, men blei etablert som eigen kommune ved frådelinga i 1849. Den nyoppretta kommunen hadde 2 170 innbyggjarar.
- Skodje og Vatne (truleg tilsvarande Vatne kommune) låg i 1589 under Borgund prestegjeld, heilt til dei blei eige prestegjeld frå 1. mai 1858 etter kongeleg resulsjon av 12. januar 1858.
- 1. januar 1902 blei Skodje delt og Vatne etablert som eigen kommune med 1 547 innbyggjarar. Skodje hadde 1 551 innbyggjarar etter delinga.
- 1. januar 1916 blei ein liten del av Skodje, med 14 innbyggjarar, overført til Borgund kommune.
- 1. januar 1965 blei Skodje slått saman med Stordal og Ørskog til den nye storkommunen Ørskog kommune. Skodje hadde 2 047 innbyggjarar då han opphøyrde som eigen kommune.
- 1. januar 1977 blei Ørskog kommune delt i tre: Skodje, Stordal og Ørskog kommunar. Då Skodje gjenoppstod som sjølvstendig kommune, var innbyggjartalet 2 634.
- I 2016 vedtok kommunestyret i Skodje samanslåing med Ålesund og Sandøy. Dette skjedde i samband med kommunereformen 2014-2018.