Skular i Feios: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Skulehuset på Helleland.jpg|Skulehuset på Helleland, Feios.|Bjarnhild Samland}} | [[Feios skule]]{{thumb|Skulehuset på Helleland.jpg|Skulehuset på Helleland, Feios.|Bjarnhild Samland}} | ||
'''[[Skular i Feios]]'''. [[Feios]], tidlegare i [[Skulehistorie i Leikanger|Leikanger kommune]], i dag [[Skulehistorie i Vik|Vik kommune]], vart i 1860 delt inn i tre skulekrinsar: Fedje, Dale og Berdal. | '''[[Skular i Feios]]'''. [[Feios]], tidlegare i [[Skulehistorie i Leikanger|Leikanger kommune]], i dag [[Skulehistorie i Vik|Vik kommune]], vart i 1860 delt inn i tre skulekrinsar: Fedje, Dale og Berdal. | ||
Sideversjonen fra 5. jun. 2017 kl. 21:44
Skular i Feios. Feios, tidlegare i Leikanger kommune, i dag Vik kommune, vart i 1860 delt inn i tre skulekrinsar: Fedje, Dale og Berdal.
Den første fastskulen vart bygd i Berdal i 1863. I 1879 vart skulehuset flytta til Helleland, der det framleis står i si opphavelege form. Huset vart brukt som skulehus fram til 1962, då borna i krinsen vart overførde til Fedje skule.
Fedje skule er den einaste skulen som framleis er i drift. Den heiter i dag Feios skule og ligg ved fjorden i Feios. Skulen vart bygd i 1956, og samla då fleire mindre skular.
Feios skule har i dag skule, barnehage og skulefritidsordning (SFO) samt bibliotek i same bygning. Det er eigen rektor ved skulen. Hausten 2010 vart skulen utvida med ungdomselevar frå nabobygda Fresvik. Større barnehagelokalitetar var under planlegging, men vart stoppa etter Terraskandalen i Vik kommune.