Skulehistorie i Gloppen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 215: Linje 215:
Jørgen Meier Heffermehl (1805 – 1879) var sogneprest i Gloppen frå 1843 til 1866. Heffermehl var også ordførar i periodane 1848-1851 og 1856-1865. Både som sogneprest og ordførar hadde han mykje med skulen å gjere i desse åra. Kring 1850 kom Heffermehl i konflikt med Jon Jonsen Hyenes (1805-1884), også kjend som «Skule-Jo». Skule-Jo vart først lærar for omgangsskulen i den ytre delen av Nordstranda skuledistrikt i 1829. Sidan var han mellom anna lærar og kyrkjesongar i [[Gimmestad krins|Gimmestad]] nokre år, før han vart lærar og kyrkjesongar i Fastskulekrinsen ([[Vereide krins]]).  
Jørgen Meier Heffermehl (1805 – 1879) var sogneprest i Gloppen frå 1843 til 1866. Heffermehl var også ordførar i periodane 1848-1851 og 1856-1865. Både som sogneprest og ordførar hadde han mykje med skulen å gjere i desse åra. Kring 1850 kom Heffermehl i konflikt med Jon Jonsen Hyenes (1805-1884), også kjend som «Skule-Jo». Skule-Jo vart først lærar for omgangsskulen i den ytre delen av Nordstranda skuledistrikt i 1829. Sidan var han mellom anna lærar og kyrkjesongar i [[Gimmestad krins|Gimmestad]] nokre år, før han vart lærar og kyrkjesongar i Fastskulekrinsen ([[Vereide krins]]).  


Skule-Jo og mange av dei rundt han var [[Haugianisme|haugianarar]], og kom mot slutten av 1840-talet på kant med presten. Nokre meinte at Heffermehl pressa bøndene for pengar i form av avgiftar. Det vart også sagt at han hadde avvist dåpsbarn og folk som kom til nattverd I valet 1850 vart Skule-Jo vald til valmann over Heffermehl, med 130 stemmar mot 3. Etter dette fekk Heffermehl fekk med seg prosten til å avsette Skule-Jo frå stillinga si som kyrkjesongar og lærar. Årsaka som vart oppgitt var eit tilhøve kor Skule-Jo hadde forstyrra ein auksjon, og ei sak kor han hadde skreve under på eit dokument med lærar Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob") sitt namn utan Eimhjellen si medvit. Bygdefolket var ikkje nøgde med framferda til Heffermehl, og sende ei klage på han til biskopen. Heffermehl gjekk på si side til motklage. Søksmålet mellom Skule-Jo og Heffermehl fekk mykje merksamd lokalt, og kyrkjesongaren såleis ry på seg som ein talsmann for bygdefolket. Saka gjekk heilt til Høgsterett, kor Heffermehl vann i 1858. Dette fekk store økonomiske konsekvensar for Skule-Jo, som vart dømd til å betale bot og kostnadar.  
Skule-Jo og mange av dei rundt han var [[Haugianisme|haugianarar]], og kom mot slutten av 1840-talet på kant med presten. Nokre meinte at Heffermehl pressa bøndene for pengar i form av avgiftar. Det vart også sagt at han hadde avvist dåpsbarn og folk som kom til nattverd. I valet 1850 vart Skule-Jo vald til valmann over Heffermehl, med 130 stemmar mot 3. Etter dette fekk Heffermehl fekk med seg prosten til å avsette Skule-Jo frå stillinga si som kyrkjesongar og lærar. Årsaka som vart oppgitt var eit tilhøve kor Skule-Jo hadde forstyrra ein auksjon, og ei sak kor han hadde skreve under på eit dokument med lærar Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob") sitt namn utan Eimhjellen si medvit. Bygdefolket var ikkje nøgde med framferda til Heffermehl, og sende ei klage på han til biskopen. Heffermehl gjekk på si side til motklage. Søksmålet mellom Skule-Jo og Heffermehl fekk mykje merksamd lokalt, og kyrkjesongaren såleis ry på seg som ein talsmann for bygdefolket. Saka gjekk heilt til Høgsterett, kor Heffermehl vann i 1858. Dette fekk store økonomiske konsekvensar for Skule-Jo, som vart dømd til å betale bot og kostnadar.


===Målrørsla===
===Målrørsla===

Sideversjonen fra 1. feb. 2024 kl. 09:08

Skulehistorie i Gloppen skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Gloppen kommune si skulehistorie. Gloppen og Breim var ein kommune fram til 1886, då vart Breim skilt ut som eigen kommune. I 1964 vart Gloppen og Breim på ny ein kommune under kommunenamnet Gloppen. Framstillinga under vil presentere skulehistoria til Gloppen og Breim i to forskjellige bolkar, uavhengig av når dei var samla eller ikkje.

Skulefundasen 1743

I 1739 fekk Noreg si første skulelov. Den plikta skulegang for ungar frå 7-års alderen og fram til konfirmasjon. Det var soknepresten si oppgåve å organisere skulen i sine prestegjeld. I Gloppen var det sokneprest Gabriel Heiberg som organiserte skulesamskipnanden. Heiberg var ein ihuga skulemann og Gloppen var tidleg ute med skulegangen. Det var skulefundasen som låg til grunn for organiseringa av skulen, den fortalte korleis skulen skulle finansierast, kven som skulle gå på skulen, krinsinndeling m.m.

Fundasen sette skuleplikt for born i alderen 8-12 år. Kvart born skulle søkje skule 12 veker kvart år. Der skulle dei få opplæring i lesing, skriving, kristendomkunnskap, rekning og song. I Gloppen vart det skipa 5 skulekrinsar og i Breim vart det skipa 3. Kvar krins hadde to halvkrinsar som delte på læraren.

Gamle Gloppen kommune

Skulekrinsar i Gloppen

Skulekrinsar i Gloppen med ei eiga wiki-side:

Krinsutvikling

Dei fem krinsane i Gloppen etter skulefundasen i 1743 var 1) Nordstranda, 2) Hyefjorden og Hyedalane, 3) Lote, Hennebygda og Hopland, 4) Gimmestad og 5) Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø.[1] Ei ny skulelov innførd i 1827 medførte ei nyordning av krinsane.[2] Den eldste møteboka etter skulestyret i Gloppen oppgir kva inndeling ein hadde i 1828. Ein hadde då skuledistrikt, som igjen var inndelt i fleire rodar. Ein lærar veksla dermed på å halde undervisning i dei ulike rodane i kvart distrikt.

Krinsregularinga 1828 ga følgande krinsar:[3]

  • Nordstrandens distrikt
    • 1. rode: Hjelmesæter, Andenes, Abildsæter, Nybø, Vereide, Aasebø, Rye, Føleijd og Tystad.
    • 2. rode ("Fjelsbygdroden", "Berges rode"): Slagstad, Gloppestad, Skord, Aske, Alme, Vembesæter, Solem, Fjellestad, Berge og Engesæter.
    • 3. rode ("Eidsroden", "Østrems rode"): Houge, Østrem, Hollevik, Eyde og Evebø.
  • Næsje-Distriktet
    • 1. rode: Devik, Quitnes, Hestenes, Ekenes, Skjerdal, Sikeystrand og Aarevig.
    • 2. rode: Lothe, Lotsberg og Aasene.
    • 3. rode: Ytre-, Indre- og Øvre Henden, Lahaug og Hopland.
  • Hye-Distriktet
    • 1. rode: Kleppenes, Osmundnæs, Holme, Aae, Stromme og Hope.
    • 2. rode: Ommedal, Gjengdal, Miellem, Ronkleif og Rorvig.
    • 3. rode (Vesterdal): Emiellen, Solem og Hiortesæter.
  • Gimmestads sogn og skoledistrikt
    • 1. rode: Rysdal, Søreide, Mardal, Fittie, Arnestad, Elvebakke, Gimmestad og Moen.
    • 2. rode: Grov, Ryg, Ravnestad, Rosæter og Sande.
Krinsutvikling fram til 1861
1743[1] 1828 1838[4] 1861[5]
Nordstranda Nordstranda Ytre Nordstranda Ytre Nordstranda (Fastskulekrinsen)
Indre Nordstranda Indre Nordstranda og Fjellbygda (Austrheim)
Hyefjorden og Hyedalene Hye-distriktet Hyen Hyen (omgangsskule)
Næsje-distriktet Nesjane og Nordbygda Nesjane (Eikenes, Kleppenes, Osmundnes og Straume)
Lote, Hennebygda og Hopland Nordbygda, Hennebygda og Hopland
Gimmestad Gimmestad Gimmestad Gimmestad og Sande (Ramnestad)
Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø Sandane og Bukta (Mardal og Eide)
Krinsreguleringa i 1861

I 1860 vart Lov om Almueskolevæsenet paa Landet vedteken. Her sto det mellom anna at "forsaavidt Bostederne ligge saa nær sammen, at Antal af mindst 30 skolepligtige Børn fra Hjemmet hver Dag kunne søge samme Skole, holdes denne i eget dertil opført eller leiet hensigtsmæssigt Locale"[6]. For skulene i Gloppen betød dette at ein nå for alvor måtte omstille seg frå omgangsskule til faste skulestader. Det vart også naudsynt med ei ny krinsinndeling, som vart vedteken i 1861.[7] Lova førte også til at ein i tidrommet 1863-1884 bygde skulehus i mange av krinsane.[8]

Krinsreguleringa i 1890

Med innføringa av dei nye skulelovane i 1889 vart det naudsynt å revidere skulekrinsane. Paragraf 3 i den nye lova sa at ein skulle etterstrebe "en hensigtsmæssig klasseinddeling". Dette betød at ein kunne dele større krinsar inn i småkrinsar der det var mogleg, men at på gardar eller bygder der talet på born var for lågt til å ha eigen skule, skulle desse leggjast til den krinsen som var mest hensiktsmessig med tanke på skuleveg.[9] I Gloppen valde ein å slå saman Gimmestad og Sande til Rygg krins. Eide krins vart på si side delt opp: Ryssdal (Vassenden) vart ny krins, mens resten av Eide vart til Sandane krins. Grensene for nokre krinsar vart også endra. Mellom anna vart gardene Hjelmesæter og Andenes lagt til Vereide krins, mens garden Gloppestad vart flytta frå Vereide til Austrheim krins. Skulestyret kom også med forslag om å slå saman Sandane og Mardal til ein krins, men dette vart ikkje gjenomført. Likeins foreslo skulestyret at Andenes/Devik krins og Skeistrand krins skulle slås saman med Nesjane krins. Kommunestyret i Gloppen kommune gjekk i mot dette forslaget og krinsane held fram som før. Solheim og Eimhjellen vart også vedteken at skulle slåast saman til Hyen Vestredels krins, med skulestad på Eimhjellen [usikkert om dette vart gjennomført].[10]

Etter 1945: Sentralisering og nedlegging

Etter krigen har det vore ei tendens til sentralisering og samling av skulane i Gloppen. Samanslåing av skuler i Gloppan har i regelen vært resultatet av ein blanding av få elevar og dårleg økonomi.

  • Ryssdal krins vart nedlagd første halvdel av 50-talet. Elevane vart skyssa til Sandane skule.[11] Krinsen hadde då hatt få born, med berre fem elevar i 1953.[12]
  • Elevane frå Kandal krins vart frå 1969 sendt til Sandane skule.[13] På 70-talet vart det gjort forsøk på å starte opp att skulen, uten at dette gjekk.[14]
  • Undervisning i både Røyrvik krins og Eimhjellen krins var avslutta ein gong før 1979.[15] Alt i 1968/69 kom alle førsteklassingane i Røyrvik frå Solheim og Eimhjellen krins.[16]
  • Mardal skule var vedteke nedlagd i 1995, og elevane vart send til Sandane skule. Det vart held i rådgivande avrøysting i krinsen om stenginga av skulen, kor 39 stemte mot og 23 for nedlegging av skulen.[17] Elevtalet var derimot så lite at då saka vart behandla i skulestyret, vart nedlegging vedteke med seks mot ein stemmer.[18]
  • I 2000 vart det slutt for Nesjane krins. Skulen vart nedlagd og elevane sendt til Rygg krins.[19]
  • Solheim krins (Vestre Hyen skule) vart halde ope til 2008. Etter dette har elevane gått på Hyen skule.[20] [21]
  • På 2000-talet vart det klart at Gloppen kommune måtte spare 15 millionar kronar innan utgangen av 2011. Eit av tiltaka vart å leggje ned fleire mindre skular. I 2009 vart derfor Reed skule vart slege saman med Byrkjelo, Rygg vart slege saman med Sandane og Vereide krins slege saman med Austrheim skule.[22] Vereide-Austrheim-krinsen vart heitande Nordstranda skule.

I tillegg vert Lote krins flytta til Eid kommune i 1964.

Krinsutvikling 1860-2009
1861 1869 1884 1890 1895 1900 1910 1915 1922 1924 1928 1945 1964 1968 1970 1995 2000 2009
Ytre Nordstranda (Fastskulen) Vereide Nordstranda
Indre Nordstranda og Fjellbygda Austrheim
Hyen (omgangsskule) ? Røyrvik Vestre Hyen

(med fleire skulestader)

Hyen
Eimhjellen (frå 1874) (Hyen vestredel krins?) Eimhjellen
Solheim (frå 1874) Solheim
Gjengedal Hyen
Nesjane Nesjane Straume Straume
Osmundnes Nesjane Rygg Sandane
? Skeistrand Nesjane
? Devik
Nesjane
Gimmestad og Sande Gimmestad Rygg Rygg
Sande
Sandane og Bukta Mardal Sandane
Eide Ryssdal Ryssdal Sandane Sandane
Sandane Sandane
Nesstranda og Årdalen (Breim) Nesstranda (Breim) Kandal (Breim)
Nordbygda og Hennebygda Hennebygda/Lote Lote (seinare i Eid kommune) --> Eid kommune
Hennebygda (seinare i Eid kommune)
Hopland --> Rand krins i Stryn frå 1863[23]

Konflikten mellom «Skule-Jo» og sogneprest Heffermehl[24]

Jørgen Meier Heffermehl (1805 – 1879) var sogneprest i Gloppen frå 1843 til 1866. Heffermehl var også ordførar i periodane 1848-1851 og 1856-1865. Både som sogneprest og ordførar hadde han mykje med skulen å gjere i desse åra. Kring 1850 kom Heffermehl i konflikt med Jon Jonsen Hyenes (1805-1884), også kjend som «Skule-Jo». Skule-Jo vart først lærar for omgangsskulen i den ytre delen av Nordstranda skuledistrikt i 1829. Sidan var han mellom anna lærar og kyrkjesongar i Gimmestad nokre år, før han vart lærar og kyrkjesongar i Fastskulekrinsen (Vereide krins).

Skule-Jo og mange av dei rundt han var haugianarar, og kom mot slutten av 1840-talet på kant med presten. Nokre meinte at Heffermehl pressa bøndene for pengar i form av avgiftar. Det vart også sagt at han hadde avvist dåpsbarn og folk som kom til nattverd. I valet 1850 vart Skule-Jo vald til valmann over Heffermehl, med 130 stemmar mot 3. Etter dette fekk Heffermehl fekk med seg prosten til å avsette Skule-Jo frå stillinga si som kyrkjesongar og lærar. Årsaka som vart oppgitt var eit tilhøve kor Skule-Jo hadde forstyrra ein auksjon, og ei sak kor han hadde skreve under på eit dokument med lærar Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob") sitt namn utan Eimhjellen si medvit. Bygdefolket var ikkje nøgde med framferda til Heffermehl, og sende ei klage på han til biskopen. Heffermehl gjekk på si side til motklage. Søksmålet mellom Skule-Jo og Heffermehl fekk mykje merksamd lokalt, og kyrkjesongaren såleis ry på seg som ein talsmann for bygdefolket. Saka gjekk heilt til Høgsterett, kor Heffermehl vann i 1858. Dette fekk store økonomiske konsekvensar for Skule-Jo, som vart dømd til å betale bot og kostnadar.

Målrørsla

Anders Lothe skriv at "Gloppen kom tidleg og sterkt med i målrørsla"[25]. Fleire av lærarane var sterkt for målsaka; Lothe trekk mellom anna fram Gudbrand Henden, Jon Henden, Ola Sande og Jakob Lothe. Gloppens Mållag sende i 1905 eit framlegg til skulestyret i Gloppen om at Austlids Lesebok (på landsmål) måtte verte teke i bruk som lesebok i skulene i Gloppen. Skulestyret sende dette videre til krinsane med spørsmål om kva hovudmål dei ville nytte. Det nye hovudmålet var innførd frå hausten 1906 i dei krinsane som ønska det. I 1913 vedtok skulestyret at møteboka skulle førast på nynorsk. Sandane vart siste krinsen til å bytte målform i 1916.[25]

Lærarar i Gloppen

Under finn du eit utval av lærarar i Gloppen før 1890, samt lærarar med ei eige side på lokalhistoriewiki. For lærarar tilsett etter 1890, så dei einskilde krinsane.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Reinholdt Vibdorph Gardane Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø (omgangsskule) 1743
Kristoffer Anderson Skjerdal Nordstranda (omgangsskule) 1743
Jakob Jonson Henden Lote, Hennebygda og Hopland (omgangsskule) 1743
Jon Bjørkelo Høygardane Omgangsskule) 1743
Peder Olson Bergheim Myklebustdalen og Eggedalen (omgangsskule) 1743
Rasmus Raad Årdal og Nesstrand (omgangsskule) 1743
Jon Larsson Rygg Gimmestad sokn (omgangsskule)
Jens Olson Henden Heile Hyen (omgangsskule) 1743
Jon Jonsen (Østreim) Hyenes 1805 Ytre Nordstranden, Gimmestad, Fastskulekrinsen 1829 1850 Sjå avsnitt om "Konflikten mellom «Skule-Jo» og sogneprest Heffermehl".
Jakob Jakobsen Eimhjellen Hyen (før 1850) (kring 1851?)[26] "Skule-Jakob"[24].
Ola Josefson Hestenes 1822 Nesjane krins, Vereide krins 1838 Nesjane krins, 1852 Vereide krins 1890 Prostprøve
Endre Henden 1838 Austrheim krins 1863 1891 Volda lærarskule
Samson Sande 1866 Gjengedal Skule 1895 1936 Stord lærerskole 1891
Knut Gjengedal 1900 Gjengedal skule 1936 1967 Volda lærerskole 1922-25.

Gamle Breim Kommune

Eigen kommune frå 1886 til 1964.

Skulekrinsar i Breim

Krinsutvikling

Dei tre krinsane i Breim etter skulefundasen i 1743 var 1) Høgebygden (Bygdekrinsen), 2) Myklebustdalen og Eggedalen (Dalakrinsen) og 3) Nesstranda og Årdalen.[1] Ei ny skulelov i 1827 medførte ei nyordning av krinsane.[2] Den eldste møteboka etter skulestyret i Gloppen oppgir kva inndeling ein hadde i 1828.[3] Ein hadde då skuledistrikt, som igjen var inndelt i fleire rodar. Ein lærar veksla dermed på å halde undervisning i dei ulike rodane i kvart distrikt.

Krinsane frå 1828 var:

  • Byden:
    • 1. rode: Hundskard, Dahle, Kaale, Qvile, Stensager, Saarem og Hetle.
    • 2. rode: Skindlo, Øvresæter, Sætre, Hole og Felle.
    • 3. rode: Moldestad, Kleppe, Hollereyde, Hølo, Skrenne, Jordanger og Reed
  • Dalerne:
    • 1. rode: Møklebust, Kapperstad, Fossem, Sandal og Trorem.
    • 2. rode: Støve, Bjørnereim, Bjørkelo, Berjem og Teite.
    • 3. rode: Jelle, Strand, Gaasemyr og Egge.
  • Næsstranden med Aardalen og Raadeleden
    • 1. rode (Raadeleden): Stokke, Høylo, Bøe, Raad og Seime.
    • 2. rode (Aardalen): Frøystad, Bogstad (og inn til Førde?)
    • 3. rode (Næsstranden): Møkland, Ryg, Indre-Kandal, Midt-Kandal, Skarsteen, Ytre-Kandal og Næs.
Krinsutvikling 1860-1940
1743 1828 1861 1869 1884 1890 1900 1910 1915 1922 1924 1928 1940
Høgebygden Bygden Bygda- / Rekrinsen Høygardane (Dale)
Reed
Dalakrinsen Dalerne Myklebust / Bjørnareimkrinsen Myklebust Sandal
Myklebust
Eggedal- / Bjørkelokrinsen Gaasemyr (Krins A) Gåsemyr Bergheim
Teiten (Krins B) Teiten
Hole / Sætre Hole
Bjørnareim
Nesstranda og Årdalen Næsstranden med Aardalen og Raadalen Førde Årdal Førde
Årdal Årdal
Nesstranda Nesstranda (Skarstein) Nesstranda Kandal
Kandal

Med den nye krinsreguleringa i 1861, oppsto den krinsinndelinga som i stor grad vart gjeldande fram til ein begynte å slå saman skular på 60- og 70-talet. Kring 1890 vart Nesstranda (Skarstein skule) delt, slik at Kandal vart eigen krins. Førde krins vart lagt under Årdal krins i 1910, då skulestyret konkluderte med at talet på born var for lågt.[27]

Krinsutvikling etter 1945
1945 1950-talet 1964 1968 1970 1995 2000 2009
Hole Byrkjelo Breim
Myklebust Myklebust
Sandal
Bergheim
Reed Reed Reed
Høygardane (Dale)
Årdal
Førde --> Jølster kommune
2009 1970 1964/65 1946 1927 1922 1890 1861 1827
Reed Reed Reed Reed Reed Reed Reed (1860) Bygdekrinsen
Høygardane Høygardane Høygardane Høygardane
Årdal Årdal Årdal Årdal Årdal
Byrkjelo Byrkjelo
Hole Hole Hole Hole Sæthre Hole
Bjørnarheim Bjørnarheim
Sandal Sandal Sandal Sandal
Myklebust Myklebust Myklebust Myklebust Myklebust Myklebustdalen
Bergheim Bergheim Bergheim
Gåsemyr Gåsemyr Gåsemyr Dalakrinsen
Teita Teita Teita
Nesstrand Nesstrand Nesstrand og Årdalen
Kandal Kandal Kandal Kandal Kandal
Førde Førde Førde Førde Førde

Lærarar i Breim

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Bjørkelo Jon Høygardane (omgangsskule) 1743
Bergheim Peder Olson Myklebustdalen og Eggedalen (omgangsskule) 1743
Raad Rasmus Årdal og Nesstrand (omgangsskule) 1743
Mardal Anders kristenson 1784 Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) Truleg 1801 Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841.
Henden Gudbrand 1866 Nessestrand krins (Breim) og Sandane krins Nessestrand krins (Breim) 1887-1894 og Sandane krins 1894 1927 Stord lærerskole 1886

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1978. Digital versjonNettbiblioteket. Side 584-592.
  2. 2,0 2,1 Skoleloven 1827
  3. 3,0 3,1 Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 2-3.
  4. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket. Side 108-109.
  5. 5,0 5,1 Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket. Side 480.
  6. Lov om Almueskolevæsenet paa Landet (1860)
  7. Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 37-38.
  8. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. Lov om Folkeskolen paa Landet, dat. 26de Juni. (1889)
  10. Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927. Side 4-6.
  11. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1947-1957
  12. Firdaposten 1953.08.21. 19530821. Digital versjonNettbiblioteket.
  13. Firda 1969.06.03. 19690603. Digital versjonNettbiblioteket.
  14. Firda 1980.02.19. 19800219. Digital versjonNettbiblioteket
  15. Firdaposten 1979.12.20. 19791220. Digital versjonNettbiblioteket.
  16. Firda 1968.08.06. 19680806. Digital versjonNettbiblioteket.
  17. Firda 1995.06.10. 19950610. Digital versjonNettbiblioteket.
  18. Sogn avis 1995.06.19. 19950619. Digital versjonNettbiblioteket.
  19. Firda 2000.02.29. 20000229. Digital versjonNettbiblioteket.
  20. Firda 2007.12.19. 20071219. Digital versjonNettbiblioteket.
  21. Wikipedia: Vestre Hyen skole
  22. 22,0 22,1 Firda 2009.01.09. 20090109. Digital versjonNettbiblioteket.
  23. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  24. 24,0 24,1 Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. no#. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  25. 25,0 25,1 Lothe, Anders A.. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Utg. Firda lærarlag. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  26. Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. no#. 1950. Digital versjonNettbiblioteket. Side 76-77.
  27. Møtebok for skulestyret i Breim, 1902-1926. Side 32-33.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane. (Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1978. Digital versjonNettbiblioteket.)
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane. (Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.)
  • Lothe, Anders A.. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Utg. Firda lærarlag. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. no#. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • Sogn Avis
  • Firdaposten
  • Avisa Firda
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1845-1899
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1890-1902
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1902-1926
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1926-1961
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1961-1963
  • Autorisert protokoll for Nordstrandens skuledistrikt (Indre Nordstranden), 1830-1845

Digitale kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Gloppen er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.