Skulehistorie i Leikanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Leikanger skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Leikanger kommune si skulehistorie.

Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Tidleg skulehistorie

Allereie i 1741 blei det halden møte i Leikanger for å få framgang når det gjaldt skulesaken. Til prestegarden på Leikanger kom futen frå Balestrand og prosten frå Vik, soknepresten, kapellanen, lensmannen og nokre lokale såkalla "Dannemænd". Det var krav gjennom kongelig forordning at skulen no måtte organiseras, også i Leikanger prestegjeld. Frå kun å ha organisert katekismeundervisning på sundagar i kyrkja skulle no prestegjeldet bestå av ulike skulekrinsar (roder som det blei kalla i starten), og skuletiden skulle bestemmes. Ikkje minst skulle det også bli avgjeres kva borna skulle lære på skulen, og korleis dei kunne skaffe nok pengar til føremålet.

Oversikt over skulekrinsar

1891 1892 1896
Hauglum/Holum Hauglum/Holum Hauglum/Holum
Halland Halland Nybø
Njøs Njøs
Fedje Fedje Fedje
Helleland Helleland Helleland
Bjørnetun Fresvik Fresvik
Fresvikdalen
Frønningen Frønningen Frønningen
Eitorn Eitorn Eitorn

Skulekrinsar

Feios, i dag Vik

Fresvik, i dag Vik

Frønningen, i dag Lærdal

Skuleveg

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Liljedahl Edvard 1803 1829 Liljedal kom frå Vik og var klokkar i Leikanger-kyrkja og lærar på Holum faste skule halden på klokkargarden.
Flesche Hans 1844 Stord seminar 1868
Thorkeldsen Johan 1843 Balestrands lærerskole 1865
Sande Olav 1850 Stord seminar 1872
Bøthun Jakob 1851 Balestrands lærerskole 1873
Tjønn Nils 1860 Stord seminar 1882
Skeide Aamund 1857 Stord seminar 1879
Fimland Kristiane 1869 Rennebu private lærerindeskole 1892 1899 På opsigelse
Njøs Maria 1877 1900 Overtok lærarposten for året 1900 då frøken Fimland flytta til Naustdal i 1899.

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Femårsmeldingar frå Leikanger:

  • Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-året 1891-1895. J.D. Beyers bog- &accidentstrykkeri 1896
  • Melding um Folkeskulen i Leikanger, Sogn. 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902


Aas, Sverre (1994) . Innsyn i den eldste skulesoga i Leikanger. Systrendingen, nr. 2, årgang 2, s. 5.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Leikanger er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.