Sogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2008 kl. 22:56 av Olve Utne (samtale | bidrag) (utviding med utgangspunkt i wikipedia:no:Sogn (distrikt))
Hopp til navigering Hopp til søk
«Sogn» har flere betydninger.
Sogn er vist i gult, Sunnfjord i rødt og Nordfjord i blått.

Sogn er eit landskap i Sogn og Fjordane fylke fylke i landsdelen Vestlandet som dekkjer områda kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtida utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtida og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi), og landskapet utgjorde seinare Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).

Sogn har eit samla areal på 10 675 km² [1] og har 36 644 innbyggjarar (0|.10.07) [2]. Landskapet omfattar dei tolv kommunane Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal. Sogn er eit av de 15 distrikta som gjerne vert rekna til landsdelen Vestlandet.

Distriktet kring den storslegne Sognefjorden har mange vidkjende reisemål og attraksjonar, inkludert Norsk Bremuseum i Fjærland ved Jostedalsbreen, Flåmsbana og den UNESCO-lista Nærøyfjorden i Aurland; og dessutan stavkyrkjene i Borgund, Undredal og Urnes (UNESCO). Området er òg kjent for fruktdyrking og har fleire gode lakseelvar, på Lærdalsøyri ligg Norsk Villakssenter. Sogn er eit populært reisemål for cruisetrafikk og grenser til Jotunheimen i aust.

Folk frå Sogn vert kalla sogningar og snakkar sognemål. Sognebunaden kjem frå området.

Administrative inndelingar

Lenkjer

Fotnotar


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Sogn (distrikt)» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.