Sola politistasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. mar. 2011 kl. 11:36 av Birger Lindanger (samtale | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Grannessletta 2011.JPG

Sola politistasjon Alt sommaren 1940 blei det etter oppmoding frå lokale politikarar, mellom anna ordføraren i Sola, etablert ein eigen politistasjon for å ha tilsyn med evakuert eigedom i Sola. Ganske snart blei funksjonen utvida til å regulera tilhøva mellom okkupant og okkupert både i Sola og i tilgrensande bygder. Her var det solafolk søkte omløyve om dei skulle dra lenger enn tri mil. Men kanskje viktigast – var nokon misnøgd med okkupantane, kunne dei klaga her.

Fram til 1. mars 1942 var politifullmektig Sirevåg sjef . Sidan tok politiløytnant Arne Bang Andersen over. Personalet elles var opphavleg fire politikonstablar og ei kontordame, men blei i løpet av 1942 redusert til ein konstabel og ei kontordame attåt sjefen sjølv. Stasjonen disponerte to bilar, men bensinrasjoneringa tvinga konstablane på sykkel når det var praktisk mogeleg. Månadsforbruket av bensin svara til hundre liter!

I løpet av 1942 hadde stasjonen 1140 ekspedisjonar, ei dobling sidan året i førevegen. Av dette var 217 reine brotsverk medan resten anten var forsjåingar eller saker som galdt relasjonane mellom solafolk og dei tyske okkupantane. Ei årsak til auken i arbeidsmengd, var at heile fylket etter kvart kunne rapportera inn tvistar med dei tyske okkupantane til politistasjonen.

For 1942 melde politistasjonen at konfliktane med tyskarane i fire av fem tilfelle blei ordna på ein slik måte at klagaren blei tilfreds. I 40% av tilfella kom tyskarane med full tilståing medan det i 40 % av tilfella blei løyst via kompromiss. Aktiviteten til politistasjonen resulterte også i at tyskarane betalte direkte to millionar 2010-kroner i erstatningar til sivile grannar.

Andre viktige roller som låg på Sola politistasjon, var å fungera som luftvernstasjon og naudhjelpstasjon for dei sivile kring flyplassen. Difor tok politistasjonen også initiativ til å bygga splintsikre rom på dei mest utsette gardane.

Eit døme på koss det var mogeleg å endra tiltak som solafolk meinte var til skade for dei, har me frå hausten 1942. Den femte oktober det 1942 fekk sjefen for Sola politistasjon, Arne Bang Andersen, telefon frå kaptein Freisler som var sjef for den tyske avdelinga som var stasjonert i Tananger. Han ville ha betre kontroll med trafikken over hamna og kravde at alle som skulle ut og inn i hamna måtte varsla om tidpunktet på førehand. Dei som ikkje varsla på førehand, ville tyskarane skyta etter

Det var tollar Jensen som skulle ha denne oppgåva sidan det mest ikkje var bruka for hans tenester lenger. Som varamann blei Grant Meling peika ut.

For fiskarane i Tananger var dette ei upraktisk og helsefarleg ordning. Det tok kontakt med politikammeret og klaga til Arne Bang Andersen. Han gjekk i sin tur til den tyske hamnekapteinen i Stavanger . Etter ein del om og men, enda det med at hamnekapteinen i Stavanger greip og gav kontraordre. Etter det fekk fiskarane og andre trafikkera hamna etter behov.

Okkupasjonsmakta kunne elles ikkje bare ta seg til rettes som dei ville. I ein tidleg fase av krigen, blei huset til Berta Sola rive og lagra ved Hagakrossen. Tanken var at ho med tid og høve skulle få sett huset opp att. Men så ein dag sommaren 1942 kom det ein brysk tysk soldat og spurte om dei kunne få kjøpa materialane hennar.

Berta blei skræmd av dette og trudde ikkje ho kunne nekta tyskarane å forsyna seg. Berta klaga sidan til Ellen Stangeland som i sin klaga lensmann Rasmus Mæhle. Og Mæhle ringde til den 10. august til Sola politistasjon og ba dei sjå nærare på denne saka.

Politistasjonen fylgde opp og sende ut konstabel Halvorsen til Hagakrossen for å sjekka kva som var i ferd med å skje. Der kom han over ein tysk underoffiser som var i ferd med å måla opp materialar. Konstabelen kravde rekvisisjon for å fjerna materialar. Då tyskaren ikkje kunne visa til noko slikt, la den norske politimannen ned forbod mot å fjerna med materialar. I samtalen fekk han elles vita at det var kaptein Vetter i den tyske ”Bauleitung” som hadde gitt ordre om å ta av lageret.

Politiet ved Arne Bang Andersen fylgde sidan saka vidare opp til topps i den tyske bygningsleiinga og enda opp hjå ein oberst Schwier. Han kjende ikkje saka, men lova å starta undersøkingar i eigen organisasjon. Neste dag ringde Obergefreiter Rückert og tilsto at dei hadde teke materiala. Men det hadde skjedd heilt frå viljug får Berta si side mot lovnad om ei betaling etter høgste dagspris.

Då blei Sola forsyningsnemnd blei dregen inn. Der kunne styraren, Torger Sande, opplysa at Berta hadde fått løyve til å setja opp huset sitt att i Høyland. Det kunne difor ikkje koma på tale at den tyske okkupasjonsmakta kunne forsyna seg av materiala.

Bang Andersen ringde då tilbake til Rûckert og kravde at den materialen som tyskarane hadde teke på ulovleg vis, straks blei returnert til lagerstaden.

Dette kom likevel ikkje til å skje. I staden fekk Andersen etter eit par dagar telefon få den norske arbeidsformannen at materiala var frakta til bedehuset i Randaberg i samband med at det skulle støypast ein brønn der. Konstabel Andersen drog då til Randaberg. Der viste det seg at to norske arbeidarar hadde drive og sagd opp materiala etter ordre frå tyskarane.

Andersen tok då avhøyr av arbeidsformannen. Han kunne fortelja at i månadsskiftet juli-august hadde dei fått ordre frå det norske firmaet dei var tilsette i om å henta nokre materialar i Hagakrossen. Medan dei heldt på med dette, dukka lensmann Mæhle opp og kravde at dei la materiala tilbake. Dette var privat, norsk eigedom, let han om. Dei gjorde då som lensmannen sa og drog sidan bort.

Sidan kom den tyske underoffiseren som leia byggearbeida i Randaberg og kravde at dei skulle henta materiala i Hagakrossen. Dei viste då til forbodet frå lensmannen. Underoffiseren sende i staden to andre norske arbeidarar for å henta materiala.

Etter dette oppsøkte Andersen den tyske underoffiseren og konfronterte han med det han hadde fått vita. Han kravde at tyskaren skulle ta han med dit materiala var, og det viste seg då at det meste var nytta i samband med brakkebygging i Randaberg. Han unnskyldte seg med at han trudde det var tysk eigedom.

Enden på det heile var at tyskarane laut frakta tilbake alle materiala som var att. For det dei hadde brukt, skulle dei yta Berta full erstatning.

Sjølv om okkupasjonsmakta var tungt til stades, har me mange døme på at dei ikkje var upåverkelege. Var nokon misnøgde med tyske grannar, gjekk det å klaga til Sola politistasjon som kunne ta affære som også blei respektert blant dei tyske militære. Eit par døme kan illustrera dette.

I ein tysk stilling rett vest for huset til gardbrukaren Silas Hauge på Tjora heldt dei ein stor sjæfer som vakthund. Det var ikkje fritt for at beistet plaga sauene til Silas slik at han ikkje kunne ha dei ute om nettene. Silas klaga til Sola politistasjon, og saman tok dei turen for å snakka med sjefen i det tyske batteriet. Resultatet var at sjefen forsikra at han skulle ta betre vare på hunden for framtida og syta for å halda han borte frå sauene.

Noko som heilt frå starten av krigen hadde irritert bøndene i Sola, var fjerning av steingjerde. Ikkje bare var desse gjerdene eit hegn, dei markerte også titt grenseliner. Hjå Hans Slethei på Risa dreiv tyskarane på sommaren 1943 og bygde veg. Ikkje bare forsynte dei seg av stein frå steingjerdene til Hans, dei dreiv også sprenging slik at steinen flaug ut over markene hans. Då dei også tok nokre store steinheller som låg over brønnen hans, rann det over for Hans.

Difor møtte han opp på politistasjonen på Grannes og bad om at dei der måtte ta affære. Same dag som han fekk klagen, drog politikonstabel Peder Halvorsen til dei tyske soldatane og la fram klagen for dei. Det heile munna då ut i at soldatane både slutta å ta stein frå steingjerdet og å driva sprengingar på eigedommen. Hellene blei lagde tilbake over brønnen og dei lova i det heile at dei for ettertida skulle halda seg til eit steinbrot som ikkje var til ulempe for Hans.

Marselius Ølberg hadde også nokre vanskar med tyske grannar. Det var piggtrådsperringane som var problemet. Nå ville Marselius ha løve til å setja eit gjerde langs sperringa for at ikkje buskapen hans skulle koma borti og riva seg opp. Dessutan låg det også ein heil del piggtråd over beitemarka hans. Det var fare for at buskapen skulle riva seg opp i dei og alt dette avskar buskapen frå dette beitet. Marselius tok difor kontakt med Sola politistasjon og 21. mai 1943 heldt han og Arne Bang Andersen synfaring. Dinest oppsøkte Andersen sjefen for den tyske stillinga. Det heile enda med ein avtale som gav Marselius medhald på alle punkt. Tyskarane skulle fjerna piggtrådane frå markene medan Merselius fakk løyve til å setja opp eit gjerde som kunne skjerma mot piggtrådsperringa.

Tyskarane var sjølv interesserte i at jordbruket blei halde i hevd, og hadde eigne jordbruksansvarlege, Landwirtar, på flyplassane som skulle syta for at områda ved og kring stripene blei haldne produktive. Sivert Rugland var bonde på Skadberg og oppdaga fyrst i april 1943 at tyskarane var i ferd med å pløya opp markene hans.

Han klaga til Sola politistasjon, og på ny rykka konstabel Peder Halvorsen ut. Nå var det Landwirten for Forus flyplassområde som laut svara for seg. Her dokumenterte han at denne eigedommen ikkje var lovleg konfiskert og at tyskarane såleis ikkje hadde rett til å gjera seg nytte av han. Landwirten lova å undersøka tilhøva nærare og dagen etter blei det slutt med pløyinga.