Solheim (Lesjaverk): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
m (kategorisplitting) |
({{nn}}) |
||
Linje 18: | Linje 18: | ||
[[Kategori: Etableringer i 1918]] | [[Kategori: Etableringer i 1918]] | ||
[[Kategori: Lesjaverk]] | [[Kategori: Lesjaverk]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 2. feb. 2016 kl. 11:11
Mal:Thumb høyre Forsamlingshuset Solheim ligg nokre hundre meter vest for Lesjaverk stasjon på Raumabanen. Førebuingane til bygging av huset starta i februar 1917 med eit møte for alt bygdefolket, der det vart bestemt å bygge eit felles hus for dei to skulekretsane Sletten og Verket. Med i etableringsfasen var Lesjaverk ungdomslag, Fråhaldslaget Verkets Vel, Lesjaverk Arbeidarforening og kanskje òg andre.
Det vart brot i samarbeidet ved at arbeidarforeninga trekte ut i februar 1918, men arbeidet med bygging av huset kom i gong likevel same året. Skogeigarane i kretsane gav stokkar eller bord i samsvar med kor mykje skog dei eigde. 14. desember i 1918 vart det første møtet i huset halde, og 20. januar 1919 var den offisielle opninga.
Kjelde
- Morken, Andreas 1989: Solheim. Årsskrift for Lesja historielag s. 32-37.
- Heimeside til forsamlingshuset.