Sperle skule (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sperla krins (Sperle krins) er ein nedlagd skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem midt på 1800-talet. Krinsen vart på 1800-talet kalla Kirkerodens kreds eller Kirkekredsen. Han femnde om heimane mellom Fossøygjelet og Gardsgjelet, det vil seie frå og med Fossøyane (under på matrikkelgardane Fossen i sør, og nordover med alle heimar under Sperla, Åsen og Nedrelid.

Krinsen vart utvida nordover etter 1915 då den nye vegen gjennom Gardsgjelet stod ferdig. Då vart Bruheim, Nes og hovudbruket på Jostedal prestegard lagd til Sperla krins. Då Myklemyr skule vart lagt ned i 1964, vart elevane overflytte til Sperla skule.

Krinsen var den fyrste i Jostedalen som fekk fastskule etter at skulelova 1860 innførte krav om skulehus i alle krinsar med meir enn 30 elevar. Skulehuset vart plassert i Sperla, med lik avstand til båe yttergrensene for krinsen. Skulehuset vart bygt av berre nye materialar og dekt av folket i krinsen, kommunen, amtet og ved lån i Jostedal bygdemagasin.

Skulehuset var i bruk fram til 1968 då skulen vart nedlagd og elevane overflytte til den nye sentralskulen Jostedal skuleBjørk. Det gamle skulehuset er no i privat eige og står framleis tett attmed fylkesvegen i Sperla.

Arkiv

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 315-318.