Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen: Forskjell mellom sideversjoner

m
Robot: Endrer mal: Thumb høyre
Ingen redigeringsforklaring
m (Robot: Endrer mal: Thumb høyre)
 
(22 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
<onlyinclude>{{Thumb|Høgåsen 1928.jpg|<small>[[Martinus Høgåsen]], sosialist i bunad, representerer ein hovudstreng i språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen, nemleg kombinasjonen av norskdom og sosialisme. Frå ei arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er [[Hans Baukhol]] og [[O.Broløkken]]</small>|[[Pål Kluften]].}}
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]''' tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av [[Austlandet]]. Med omsyn til opplæringsmålet i folkeskulen var språkskiftet fullført i distriktet før 1940. Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene.
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]''' tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av [[Austlandet]]. Som den fyrste kommunen aust for [[Langfjella]] innførte [[Lom]] landsmålet som skulemål alt i 1899. Grannebygda [[Skjåk]] kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan [[Østre Gausdal]] i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Med omsyn til opplæringsmålet i folkeskulen var språkskiftet praktisk tala fullt gjennomført i distriktet før 1940.


[[Lom]] innførte landsmålet som skulemål alt i 1899 som den fyrste kommunen aust for [[Langfjella]]. Grannebygda [[Skjåk]] kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan [[Østre Gausdal]] i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny, kraftig offensiv som gjorde at det ikkje var ein einaste bokmålskrins att i 1940, med unntak av [[Fåberg]].  
Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten for språkskiftet. Sidan vart det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla i distriktet, noko som er med på å forklare den massive suksessen for målstrevet i 1930-åra. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det elles openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.


Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten for språkskiftet. Sidan vart det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla i distriktet, noko som er med på å forklare den massive suksessen for målstrevet i 1930-åra. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det elles openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.
Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene.</onlyinclude>


== Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme ==
== Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme ==
Målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn talemålet på dei austlandske flatbygdene. Det gjer sitt til å forklare at det kom språkskifte i dalen og ikkje nedover på flatbygdene. Fåberg, der nynorsken aldri fekk retteleg fotfeste, omfatta bygder nedover på vestsida av Mjøsa, og kan slik sett reknast meir som ei flatbygd enn som ei fjell- og dalbygd. Vestre Gausdal har noko av det same preget, og der kom språkskiftet seint. Nabobygda Østre Gausdal, derimot, var ei pionerbygd når det gjeld bruk av nynorsk. Det heng openbert saman med det uvanleg sterke norskdomsmiljøet rundt Vonheim.
{{Thumb|Per Bø 1830-1878.jpg|<small>Bonden [[Per Bø]] (1830-1878) var ei lokal kraft i utviklinga av norskdomsmiljøet i Østre Gausdal. Han overtala Christopher Bruun til å flytte dit med folkehøgskulen sin i 1871. Så tidleg som i 1875 insisterte Per Bø på å korrespondere med styresmaktene på landsmål.</small>|Ukjent.}}
Målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn kva gjeld talemålet på dei austlandske flatbygdene. Det gjer sitt til å forklare at det kom språkskifte i dalen og ikkje nedover på flatbygdene. Fåberg, der nynorsken aldri fekk retteleg fotfeste, omfatta bygder nedover på vestsida av Mjøsa, og kan slik sett reknast meir som flatbygd enn som ei fjell- og dalbygd. Gausdal har noko av det same preget. Men dei to delane av kommunane som Gausdal den gongen utgjorde, Vestre og Østre Gausdal, fekk nokså ulik utviling i språkskifteprosessen. Samstundes  kan det knapt seiast at den eine har meir flatbygdpreg enn den andre i målføret. Så det må andre forklaringar til. I Vestre kom språkskiftet seint. Østre Gausdal, derimot, var ei pionerbygd når det gjeld bruk av nynorsk. Det heng openbert saman med det uvanleg sterke norskdomsmiljøet rundt folkehøgskulen [[Vonheim]].


Som i Østre Gausdal må den etter måten tidlege suksessen for nynorsken i Gudbrandsdalen sett under eitt, i monaleg grad kunne forklarast ved i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Gudbrandsdalen har pionerstatus når det gjeld etableringa av [[folkehøgskular]], [[Friskule|friskular]] og [[frilynde ungdomslag]], med [[Christopher Bruun]] som den førande aktøren.  
Som i Østre Gausdal må den etter måten tidlege suksessen for nynorsken i Gudbrandsdalen sett under eitt, i monaleg grad kunne forklarast ved i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Gudbrandsdalen har pionerstatus når det gjeld etableringa av [[folkehøgskule|folkehøgskular]], [[Friskule|friskular]] og [[frilynde ungdomslag]], med [[Christopher Bruun]] som den førande inspirator og aktør.  


Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast [[Ivar Blekastad]], [[Stefan Frich]], [[Kristofer Jansson]], [[Andreas Austlid]], [[Olav Åsmundstad]], [[Rasmus Stauri]], [[Per Bø]], [[Trond Vigerust]], [[Olav Aukrust]] og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.
Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast [[Ivar Blekastad]], [[Stefan Frich]], [[Kristofer Jansson]], [[Andreas Austlid]], [[Johannes Skar|Johannes]] og [[Matias Skard]], [[Olav Åsmundstad]], [[Rasmus Stauri]], [[Per Bø]], [[Trond Vigerust]], [[Olav Aukrust]], [[Jakob Haraldseid]]  og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.


== Gjennombrotet i mellomkrigstida ==
== Gjennombrotet i mellomkrigstida ==
Etter mykje turbulens på 1920-talet, ser det ut til at språkstriden i Gudbrandsdalen la seg i eit rolegare leie ei tid. Så livna det til att på slutten av 1930-talet. Det hadde nær samanheng med innføringa av [[rettskrivingsreformen av 1938]]. Den var omstridd både i bokmåls- og riksmålsleiren, men kanskje mest blant blant nynorskfolk fordi reformen gav rom mellom anna for -a-endingar i staden for i-endingar og andre målmerke som høvde betre med austlandsk talemål enn Aasen-normalen. «Austmannalaget», som var fylkeslag for Noregs mållag i Hedmark og Oppland, gjekk inn for den austlandske eller samnorske linja i nynorsknormalen. Det var eit nytt leiarskap i Austmannalaget med [[Håvard Skirbekk]] og [[Martinus Høgåsen]] i spissen som fekk til dette.  
Etter mykje turbulens på 1920-talet ser det ut til at språkstriden i Gudbrandsdalen la seg i eit rolegare leie ei tid. Så livna det til att på slutten av 1930-talet. Det hadde nær samanheng med innføringa av [[rettskrivingsreformen av 1938]]. Den var omstridd både i nynorsk- og riksmålsleiren. Skepsisen var kanskje aller sterkast blant ein del nynorskfolk, fordi reformen gav rom for bøyingsformer og ordval som høvde betre med austlandsk talemål enn Aasen-normalen, så som -a-endingar i staden for i-endingar. «Austmannalaget», som var fylkeslag for Noregs mållag i Hedmark og Oppland, gjekk inn for den austlandske eller samnorske linja i nynorsknormalen. Det var eit nytt leiarskap i Austmannalaget med [[Håvard Skirbekk]] og [[Martinus Høgåsen]] i spissen som fekk til dette.  
 
Martinus Høgåsen var lærar og arbeidarpartipolitikar i Vågå, og ein svært sentral person i målskiftet til nynorsk i heile Gudbrandsdalen. Samstundes som han var nestformann i Austmannalaget, var han formann i [[Gudbrandsdal lærarmållag]]. Dette laget sette nå i gang ein målretta offensiv for å få innført nynorsk i dei krinsane der bokmålet enno rådde. Mellom anna redigerte Høgåsen eit agitasjonsskrift frå laget, ''Skulemålet i Gudbrandsdalen'', som kom ut i 1937. Framstøyten lykkast overmåte godt. Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Lærarmållagets offensiv gjorde at det i 1940 ikkje var ein einaste bokmålskrins att i Gudbrandsdalen nord for [[Fåberg]], bygda rundt Lillehammer heilt synst i dalen.
 
Gudbrandsdalen var ikkje eineståande i den forserte språkovergangen som vart utløyst av 1938-rettskrivinga. Det skal ha vore oppimot 1000 skulekrinsar i landet som gjekk over til nynorsk på den tida, og kva meir er, mange bokmålsskular tok i bruk dei radikale formene.<ref>Høgåsen, M. 1961 side 4.</ref> Dei radikale, «folkelege» formene var i monaleg grad resultat av Arbeidarpartiets politikk på den tida. Under innverknad av markante målmenn i arbeidarrørsla, fyrst og fremst [[Halvdan Koht]], hadde partiet vedteke følgjande kulturpolitiske formulering i sitt politiske program:
:«I det nasjonale kulturarbeidet vil partiet byggje på dei ekte folkelege tradisjonane som har levd hos bønder og arbeidsfolk fram gjennom tidene. Derfor vil vi i målspørsmålet alltid stri for ekte folkemål.» (Her sitert etter Høgåsen 1967 side 4.)


Martinus Høgåsen var lærar og arbeidarpartipolitikar i Vågå, og ein svært sentral person i målskiftet til nynorsk i heile Gudbrandsdalen. Samstundes som han var nestformann i Austmannalaget, var han formann i [[Gudbrandsdal lærarmållag]]. Dette laget sette nå i gang ein målretta offensiv for å få innført nynorsk i dei krinsane der bokmålet enno rådde. Mellom anna redigerte Høgåsen eit agitasjonsskrift frå laget, ''Skulemålet i Gudbrandsdalen'', som kom ut i 1937. Framstøyten lykkast overmåte godt. I 1937 hadde 38 av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen gått over til nynorsk. Innan 1940 hadde alle skulekrinsane nord for Fåberg valt nynorsk som hovudmål.


== Nynorsk i arbeidarrørsla ==
== Nynorsk i arbeidarrørsla ==
Martinus Høgåsen var den viktigaste, men langt frå den einaste målaktivisten blant sosialistane i Gudbrandsdalen. Da Heidal innførte nynorsk i skulen i 1933, stod å lese i Den 17de mai:  
Martinus Høgåsen var den viktigaste, men langt frå den einaste målaktivisten blant sosialistane i Gudbrandsdalen. Da [[Heidal]] innførte nynorsk i skulen i 1933, stod det å lese i Den 17de mai: «Det er arbeidarpartiet med ordførar [[Ivar Dahle]] i brodden som har æra av denne målsigeren. Arbeidarpartiet i Gudbrandsdalen er sterkt målvenleg.»<ref>Den 17de mai 7.12.1933, her referert frå Hovdans protokoll.</ref> Ivar Dahle var eit tidleg døme på dei ganske mange vestlandslærararane i Gudbrandsdalen som ikkje var venstremenn, men sosialistar. Eit anna døme på det er lærar og kyrkjesongar [[Kristian Gerhard Wågen|K.G.Wågen]] i Skjåk. Han var leiande kommunist/arbeidarpolitikar i bygda, og stod samstundes i fremste linje for nynorsken under språkskifteprosessen der. I dette hadde han følgje av læraren [[Thorstein Eggum]], som vart varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk i 1935.
:Det er arbeidarpartiet med ordførar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren. Arbeidarpartiet i Gudbrandsdalen er sterkt målvenleg.<ref>Den 17de mai 7.12.1933, her referert frå Hovdans protokoll.</ref>


Under språkskifteprossen i Skjåk i 1920-åra stod lærar, kyrkjesongar og førande kommunist/arbeidarpolitikar i bygda [[K.G. Wågen]] fremst i linja. Han hadde følgje av læraren [[Thorstein Eggum]], som vart varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk i 1935. Ein annan sosialist som markerte seg i denne samanhengen var boktrykkaren og kulturpersonlegdomen [[Pål Kluften]] frå Nord-Fron.
Den nærmast legendariske arbeidarordføraren i [[Sør-Fron]], [[Egil Hernæs]], gjekk også heilhjarta inn for nynorsk i 1938, i følgje Høgåsen. Den eine av dei to aller fyrste arbeidarordførarane i Gudbrandsdalen (1925), [[Arthur Janson]] i Sel, hadde også stor sympati for målreisinga. Han uttala i ein samtale med Høgåsen på ei 1. maistemne på den tida han vart ordførar: «[Målreisinga] er også en sak som har vært foraktet av de store, men elsket av de små. Nå er jeg bygutt, fra Drammen [...men] blir det aktuelt, stemmer jeg for nynorsk i Sel.»<ref>Høgåsen, M. 1961 side 11, 14.</ref> På den andre sida ville den andre av dei to arbeidarordførarane frå 1925, [[Albert Guddal]] på Dovre, halde fast ved riksmålet, enda han var vestlandslærar god som nokon.<ref>Hovdans protokoll for Dovre.</ref> Men ein sambygding og partifelle av Guddal skulle få større politisk og målpolitisk innverknad regionalt og nasjonalt. Det var skreddaren [[Lars Moen]], som sat i kommunestyret saman med Guddal. Moen vart formann i [[Gudbrandsdal arbeidarparti]] 1932-1949, stortingsmann i nær 30 år frå 1928 og kyrkje- og undervisningsminister 1948-1953. Han var tilhengar av målsaka i austlandsk/samnorsk variant.


Einskilddøma er fleire. Kor vidt det er dekning for påstanden om at arbeidarrørsla i distriktet var «sterkt målvenleg» kan sikkert diskuterast. Arbeidarpartiet var som dei andre partia - med mogleg unntak for Venstre - splitta i språkspørsmålet. Men kombinasjonen norskdom og sosialisme fanst i tilstrekkeleg omfang i Gudbrandsdalen til at målrørsla ikkje einsidig vart assosisert med bonderørsla. Det gjorde heilt sikkert den sosiale basisen for språkskifteprosessen breiare.
Ein annan framståande kulturpersonlegdom og sosialist som markerte seg for nynorsken i Gudbrandsdalen, var boktrykkaren, diktaren og spelemannen [[Pål Kluften]] frå Nord-Fron.


Eit viktig tilleggsmoment her er at det politiske spydspisspartiet for målsaka, Venstre, i Oppland og Gudbrandsdalen hadde oppslutninga tilknytta venstrevarianten Arbeidardemokratar/Radikale folkeparti. Denne rørsla hadde sterk tilslutningen frå småbrukarane og langt inn i arbeidarklassen, sjikt som frå 1930-talet i hopetal gjekk over til det sosialistiske arbeidarpartiet.
Einskilddøma kan gjerast fleire. Men kor vidt det er dekning for påstanden om at arbeidarrørsla i distriktet var «sterkt målvenleg» kan sikkert diskuterast. Arbeidarpartiet var som dei andre partia - med mogleg unntak for Venstre - splitta i språkspørsmålet, som tilfellet Guddal/Moen på Dovre og talrike andre lokale språkdebattar demonstrerte. Vi kan like fullt slå fast at kombinasjonen norskdom og sosialisme fanst i tilstrekkeleg omfang i Gudbrandsdalen til at målrørsla ikkje einsidig vart assosisert med bonderørsla. Det gjorde heilt sikkert den sosiale basisen for språkskifteprosessen breiare. Fleire stader var det slik at dei leiande riksmålsaktivistane var storbønder og bondepartifolk.
 
Eit viktig tilleggsmoment her er at det politiske spydspisspartiet for målsaka, Venstre, i Oppland og Gudbrandsdalen var organisert i varianten Arbeidardemokratar/[[Radikale Folkeparti|Radikale folkeparti]]. Denne rørsla hadde oppslutning frå småbrukarane og langt inn i arbeidarklassen, dvs. samfunnssjikt som 1930-talet i hopetal gjekk over til den sosialistiske arbeidarrørsla.




== Mållag og andre organisasjonar og institusjonar ==
== Mållag og andre organisasjonar og institusjonar ==
Det fanst alt frå slutten av 1860-åra institusjonar (skular) og samskipnader som skapte eit klima for målskifte til nynorsk da det vart aktuelt nokre tiår seinare. Det var ei rad folkehøgskular, den fyrste i Sel frå 1867, sidan også i Østre Gausdal, Kvam (Nord-Fron), Hundorp (Sør-Fron). Fylkesskulen i Ringebu kunne til forveksling likne ein folkehøgskule. [[Gudbrandsdal gymnas|Landsgymnaset på Vinstra]] vart planlagt før krigen, med målfolk som Martinus Høgåsen i spissen. Gymnaset kom rett nok ikkje i gang før 1946, men vart ein viktig institusjon også for å fremje og forsvare posisjonen til nynorsken i etterkrigstida.
Frilynde ungdomslag spratt fram i heile dalen, med ein forløpar i Ivar Blekastads Mølju i Sel frå 1868.
Viktigast i språkskiftesamanheng var likevel naturlegvis mållaga som var skipa for føremålet. Målreisingskronikøren [[Peder Hovdan]] reknar [[Ivar Kleiven|Ivar Kleivens]] samtalelag frå 1884 som ein direkte forløpar for dei reine mållaga, og openbert med god grunn:
:«Lagslovi, ordskiftet og alt dei skreiv, var på norsk. Eit handskrive blad Ottadølen kjem ut kvart møte og er på "målet". Fyrste emne dei dryfta var målsaki. Alle var samde um at me lyt få: Målet fullt ut inn i Skulen, inn i Lærarskulen, ein professor i Universitetet og Bibelen umsett.» <ref>Hovdans protokoll for Vågå, (delvis?) sitert frå [[Fedraheimen]] 28.1.1885.</ref>
Dei fyrste eigentlege mållaga ser ut til å ha dukka opp frå 1898 av. Alt i 1899 blir landsdelssamskipnaden [[Austmannalaget]] stifta, med aktiv deltaking av gudbrandsdølar. I 1914 kom [[Dølaringen]] til som ein distriktssamskipnad særskilt for Gudbrandsdalen. [[Gudbrandsdal lærarmållag]] frå 1930-talet vart frontorganisasjon for storoffensiven 1938-1940, og etter krigen gjorde [[Gudbrandsdalen Arbeidarmållag]] sitt.
Når det gjeld skipinga av lokale mållag, kan vi setje opp følgjande oversyn:
{|class="wikitable"
{|class="wikitable"
!Kommune  
!Kommune  
Linje 41: Linje 57:
| [[Språkskiftet til nynorsk i Skjåk|Skjåk]] ||1911 ||
| [[Språkskiftet til nynorsk i Skjåk|Skjåk]] ||1911 ||
|-
|-
| Lom ||1899 ||
| [[Språkskiftet til nynorsk i Lom|Lom]] ||1899 ||
|-
|-
| Vågå ||1912 ||
| Vågå ||1912 ||
|-
|-
| Heidal ||- ||
| [[Språkskiftet til nynorsk i Heidal|Heidal]] ||- ||
|-
|-
| Sel ||1920 ||
| Sel ||1920 ||
Linje 64: Linje 80:
|}
|}


[[Dølaringen]],
== Skjematisk oversyn over språkskiftet ==
 
Tabellen viser språkskifteprosessen kronologisk på ymse felt i Gudbrandsdals-kommunane.  
[[Gudbrandsdal lærarmållag]]
 
[[Gudbrandsdal ungdomslag]],
 
[[Gudbrandsdal gymnas|Gudbrandsdal landsgymnas]]
 
Folkehøgskulane i Sel, Kvam (Nord-Fron), Hundorp (Sør-Fron) og Gausdal (Østre). Fylkesskulen i Ringebu.  


Friskular i Lom, Gausdal og Fåberg.
Forklaring:
*«1. nyn.krins» (kolonne 2) viser tidlegaste årstalet for vedtak om målskifte for minst ein skulekrins i kommunen. Målvedtak vart gjort av skulestyret krins for krins, etter høyring i krinsen, evt. med folkerøysting. Dette vart aktuelt etter 1892.
*«Alle krinsar» (kolonne 3): Årstal der siste krinsen i kommunen hadde innført nynorsk.
*«1. sokn Blix» (kolonne 4): Også frå 1892 var det høve for kyrkjelydane til ved fleirtalsvedtak å ta i bruk [[Elias Blix]] ''Nokre salmar'', som var skrivne  på landsmålet.
*«Kommunespråk» (kolonne 5): Ikkje alle kommunar gjorde formelle vedtak om målform i administrasjonen, føring av referat osv. Årstala i kolonnen må derfor forklarast nærmare i merknadskolonnen. Det var høve til å ta i bruk landsmålet i kommunal samanheng i og med [[jamstellingsvedtaket]] 1885.  


== Skjematisk oversyn over språkskiftet ==
Sjå elles artikkelen [[Hjelp:Lokal språkstrid]].
{|class="wikitable"
{|class="wikitable"
!Kommune  
!Kommune  
!Fyrste krins nyn
!1. nyn.krins
!Alle krinsar
!Alle krinsar
!Fyrste sokn med Blix  
!1. sokn Blix  
!Adm.språk i kommunen
!Kommunespråk
!Merknader
!Merknader
|-
|-
|Lesja  ||1937 ||1947 || || ||
|Lesja  ||1937 ||1947 || 1906|| ||
|-
|-
|Dovre  || 1919||1939 || || ||
|Dovre  || 1919||1939 ||1907 || ||
|-
|-
| [[Språkskiftet til nynorsk i Skjåk|Skjåk]] || 1908||1924 || || ||
| [[Språkskiftet til nynorsk i Skjåk|Skjåk]] || 1908||1924||1906 || ||
|-
|-
| Lom || 1899 ||1899 || || ||
| Lom || 1899 ||1899 ||1907 || ||
|-
|-
| Vågå ||1919 ||1938 || || ||
| Vågå ||1919 ||1938 ||1926 || ||
|-
|-
| Heidal ||1933||1933 || || ||
| Heidal ||1933||1933 || 1926|| ||
|-
|-
| Sel ||1939 ||1939 || || ||
| Sel ||1939 ||1939 ||1907 || ||
|-
|-
| Nord-Fron ||1924 ||1939 || || ||
| Nord-Fron ||1924 ||1939 ||1923 || ||
|-
|-
| Sør-Fron ||1915 ||1939 || || ||
| Sør-Fron ||1915 ||1939 ||1907 || ||
|-
|-
| Ringebu ||1939 ||1939 || || ||
| Ringebu ||1939 ||1939 || 1906|| ||
|-
|-
| Øyer||1939 ||1939 || || ||
| Øyer||1939 ||1939 ||1907 || ||
|-
|-
| Fåberg ||1916 ||nei || ||
| Fåberg ||1916 ||ikkje ||1907 ||
|-
|-
| Østre Gausdal ||1908 ||1908 || || ||
| Østre Gausdal ||1908 ||1908 ||1906 || ||
|-
|-
| Vestre Gausdal ||1939 ||1939 || || ||
| Vestre Gausdal ||1939 ||1939 || 1906|| ||
|}
|}


== Seinare utvikling ==
== Seinare utvikling ==
Etter krigen har språkskifteprosessen vorte nokså mykje reversert, særleg i bygdene frå og med Sel og sørover. Med omsyn til kommunalt administrasjonsspråk er det i dag (2013) berre to erklærte nynorskkommunar ([[Skjåk kommune|Skjåk]] og [[Nord-Fron]]), men også berre ei kommune med bokmålsvedtak ([[Lillehammer]]). Dei andre er språkleg nøytrale.
Etter krigen har språkskifteprosessen vorte nokså mykje omsnudd, særleg i bygdene frå og med Sel og sørover. Med omsyn til kommunalt administrasjonsspråk er det i dag (2013) berre to erklærte nynorskkommunar ([[Skjåk kommune|Skjåk]] og [[Nord-Fron]]), men også berre ei kommune med bokmålsvedtak ([[Lillehammer]]). Dei andre er språkleg nøytrale.


== Referansar ==
== Referansar ==
Linje 121: Linje 134:


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Høgåsen, Martinus: ''«Foraktet av de store, men elsket av de små»'', Gudbrandsdal Arbeidarmållag 1961.
*Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 2012.
*Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 2012.
*''Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195..'' Handskriven protokoll av [[Peder Hovdan]], nå i [[Arkiv for norsk målreising]], Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
*''Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195..'' Handskriven protokoll av [[Peder Hovdan]], nå i [[Arkiv for norsk målreising]], Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
{{Språkskifte i norske kommunar 1892-2013}}
[[Kategori:Gudbrandsdalen]]
{{F2}}
{{nn}}