Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]''' tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av [[Austlandet]].  Lom var den fyrste kommunen i Oppland som innførte landsmålet som skulemål, i 1899, og var den fyrste kommunen aust for [[Langfjella]] der dette skjedde. Grannebygda [[Skjåk]] kom etter 10 år seinare for nokre av skulekrinsane sine, medan [[Østre Gausdal]] i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året. I pionertida fram til 1920 var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten. Ved gjennombrotet i 1930-åra var det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla, noko som er med å forklare suksessen for målstrevet på den tida.

Sideversjonen fra 25. jan. 2013 kl. 11:20

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av Austlandet. Lom var den fyrste kommunen i Oppland som innførte landsmålet som skulemål, i 1899, og var den fyrste kommunen aust for Langfjella der dette skjedde. Grannebygda Skjåk kom etter 10 år seinare for nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året. I pionertida fram til 1920 var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten. Ved gjennombrotet i 1930-åra var det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla, noko som er med å forklare suksessen for målstrevet på den tida.

Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny offensiv som gjorde at det knapt var ein einaste bokmålskrins att i 1940.

Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme

Reint bortsett frå den dialekttilhøva – målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn til dømes på dei austlandske flatbygdene – så hadde den tidlege oppslutninga om nynorsken truleg forklaring i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Det har samanheng med pionerstatusen som Gudbrandsdalen har når det gjeld etableringa av folkehøgskular, friskular og frilynde ungdomslag, med Christopher Bruun som den førande aktøren.

Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast Ivar Blekastad, Stefan Frich, Kristofer Jansson, Andreas Austlid, Rasmus Stauri, Per Bø, Trond Vigerust, Olav Aukrust og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.

Gjennombrotet i mellomkrigstida

Mållag og andre organisasjonar

Mållag skipa i Lom i 1899. I Skjåk 1911. Dølaringen Gudbrandsdal ungdomslag

Referansar

Kjelder og litteratur

  • Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2012.