Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]''' tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av [[Austlandet]].  Lom var den fyrste kommunen i Oppland som innførte landsmålet som skulemål, i 1899, og var den fyrste kommunen aust for [[Langfjella]] der dette skjedde. Grannebygda [[Skjåk]] kom etter 10 år seinare for nokre av skulekrinsane sine, medan [[Østre Gausdal]] i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året. I pionertida fram til 1920 var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten. Ved gjennombrotet i 1930-åra var det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla, noko som er med å forklare suksessen for målstrevet på den tida.
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]''' tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av [[Austlandet]].  Lom var den fyrste kommunen i Oppland som innførte landsmålet som skulemål, i 1899, og var den fyrste kommunen aust for [[Langfjella]] der dette skjedde. Grannebygda [[Skjåk]] kom etter 10 år seinare for nokre av skulekrinsane sine, medan [[Østre Gausdal]] i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året. Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten. I 1930-åra var det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla, noko som er med å forklare det som kan kallast eit fullt gjennombrot for målstrevet på den tida.


Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny offensiv som gjorde at det knapt var ein einaste bokmålskrins att i 1940.
Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny offensiv som gjorde at det ikkje var ein einaste bokmålskrins att i 1940, med unntak av Fåberg. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.


== Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme ==
== Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme ==
Reint bortsett frå den dialekttilhøva – målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn til dømes på dei austlandske flatbygdene – så hadde den tidlege oppslutninga om nynorsken truleg forklaring i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Det har samanheng med pionerstatusen som Gudbrandsdalen har når det gjeld etableringa av [[folkehøgskular]], [[Friskule|friskular]] og [[frilynde ungdomslag]], med [[Christopher Bruun]] som den førande aktøren.  
Målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn talemålet på dei austlandske flatbygdene. Det gjer sitt til å forklare at det kom språkskifte i dalen og ikkje nedover på flatbygdene. Fåberg, der nynorsken aldri fekk retteleg fotfeste, omfatta bygder nedover på vestsida av Mjøsa, og kan slik sett reknast meir som ei flatbygd enn som ei fjell- og dalbygd. Vestre Gausdal har noko av det same preget, og der kom språkskiftet seint. Nabobygda Østre Gausdal, derimot, var ei pionerbygd når det gjeld bruk av nynorsk. Det heng openbert saman med det uvanleg sterke norskdomsmiljøet rundt Vonheim.


Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast [[Ivar Blekastad]], [[Stefan Frich]], [[Kristofer Jansson]], [[Andreas Austlid]], [[Rasmus Stauri]], [[Per Bø]], [[Trond Vigerust]], [[Olav Aukrust]] og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.
Som i Østre Gausdal må den etter måten tidlege suksessen for nynorsken i Gudbrandsdalen sett under eitt, i monaleg grad kunne forklarast ved i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Gudbrandsdalen har pionerstatus når det gjeld etableringa av [[folkehøgskular]], [[Friskule|friskular]] og [[frilynde ungdomslag]], med [[Christopher Bruun]] som den førande aktøren.
 
Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast [[Ivar Blekastad]], [[Stefan Frich]], [[Kristofer Jansson]], [[Andreas Austlid]], [[Olav Åsmundstad]], [[Rasmus Stauri]], [[Per Bø]], [[Trond Vigerust]], [[Olav Aukrust]] og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.


== Gjennombrotet i mellomkrigstida ==
== Gjennombrotet i mellomkrigstida ==


== Mållag og andre organisasjonar ==
== Mållag og andre organisasjonar og institusjonar ==
Mållag skipa i Lom i 1899. I Skjåk 1911.
Mållag skipa i Lom i 1899. I Skjåk 1911.
[[Dølaringen]]
[[Dølaringen]]
[[Gudbrandsdal ungdomslag]]
[[Gudbrandsdal ungdomslag]]
[[Gudbrandsdal gymnas|Gudbrandsdal landsgymnas]]
Folkehøgskulane i Sel, Kvam (Nord-Fron), Hundorp (Sør-Fron) og Gausdal (Østre). Fylkesskulen i Ringebu. Friskular i Lom, Gausdal og Fåberg.


{|class="wikitable"
{|class="wikitable"

Sideversjonen fra 26. jan. 2013 kl. 06:44

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av Austlandet. Lom var den fyrste kommunen i Oppland som innførte landsmålet som skulemål, i 1899, og var den fyrste kommunen aust for Langfjella der dette skjedde. Grannebygda Skjåk kom etter 10 år seinare for nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året. Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten. I 1930-åra var det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla, noko som er med å forklare det som kan kallast eit fullt gjennombrot for målstrevet på den tida.

Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny offensiv som gjorde at det ikkje var ein einaste bokmålskrins att i 1940, med unntak av Fåberg. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.

Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme

Målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn talemålet på dei austlandske flatbygdene. Det gjer sitt til å forklare at det kom språkskifte i dalen og ikkje nedover på flatbygdene. Fåberg, der nynorsken aldri fekk retteleg fotfeste, omfatta bygder nedover på vestsida av Mjøsa, og kan slik sett reknast meir som ei flatbygd enn som ei fjell- og dalbygd. Vestre Gausdal har noko av det same preget, og der kom språkskiftet seint. Nabobygda Østre Gausdal, derimot, var ei pionerbygd når det gjeld bruk av nynorsk. Det heng openbert saman med det uvanleg sterke norskdomsmiljøet rundt Vonheim.

Som i Østre Gausdal må den etter måten tidlege suksessen for nynorsken i Gudbrandsdalen sett under eitt, i monaleg grad kunne forklarast ved i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Gudbrandsdalen har pionerstatus når det gjeld etableringa av folkehøgskular, friskular og frilynde ungdomslag, med Christopher Bruun som den førande aktøren.

Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast Ivar Blekastad, Stefan Frich, Kristofer Jansson, Andreas Austlid, Olav Åsmundstad, Rasmus Stauri, Per Bø, Trond Vigerust, Olav Aukrust og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.

Gjennombrotet i mellomkrigstida

Mållag og andre organisasjonar og institusjonar

Mållag skipa i Lom i 1899. I Skjåk 1911. Dølaringen Gudbrandsdal ungdomslag Gudbrandsdal landsgymnas Folkehøgskulane i Sel, Kvam (Nord-Fron), Hundorp (Sør-Fron) og Gausdal (Østre). Fylkesskulen i Ringebu. Friskular i Lom, Gausdal og Fåberg.

Kommune Fyrste krins nyn Alle krinsar Fyrste sokn med Blix Adm.språk i kommunen Merknader
Lesja 1937 1947
Dovre 1919 1939
Skjåk 1908 1924
Lom 1899 1899
Vågå 1919 1938
Heidal 1933 1933
Sel 1939 1939
Nord-Fron 1924 1939
Sør-Fron 1915 1939
Ringebu 1939 1939
Øyer 1939 1939
Fåberg 1916 nei
Østre Gausdal 1908 1908
Vestre Gausdal 1939 1939

Referansar


Kjelder og litteratur

  • Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2012.