Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:


== Gjennombrotet i mellomkrigstida ==
== Gjennombrotet i mellomkrigstida ==
Etter mykje turbulens på 1920-talet, ser det ut til at språkstriden i Gudbrandsdalen la seg i eit rolegare leie. Det livna til att på slutten av det neste årtiet. Det hadde nær samanheng med innføringa av [[rettskrivingsreformen av 1938]]. Den var omstridd både i bokmåls- og riksmålsleiren, da den gav rom for ein del «radikale» former i bokmålet, men enda meir blant nynorskfolk fordi det gav rom for -a-endingar i staden for i-endingar og andre målmerke som høvde med austlandsk talemål. «Austmannalaget», som var fylkeslag for Noregs mållag i Hedmark og Oppland, gjekk inn for den samnorske linja i nynorsknormalen. Det var eit nytt leiarskap i Austmannalaget med [[Håvard Skirbekk]] og [[Martinus Høgåsen]] som høvesvis formann og nestformann som fekk til dette.  
Etter mykje turbulens på 1920-talet, ser det ut til at språkstriden i Gudbrandsdalen la seg i eit rolegare leie ei tid. livna det til att på slutten av 1930-talet. Det hadde nær samanheng med innføringa av [[rettskrivingsreformen av 1938]]. Den var omstridd både i bokmåls- og riksmålsleiren, men kanskje mest blant blant nynorskfolk fordi reformen gav rom mellom anna for -a-endingar i staden for i-endingar og andre målmerke som høvde betre med austlandsk talemål enn Aasen-normalen. «Austmannalaget», som var fylkeslag for Noregs mållag i Hedmark og Oppland, gjekk inn for den austlandske eller samnorske linja i nynorsknormalen. Det var eit nytt leiarskap i Austmannalaget med [[Håvard Skirbekk]] og [[Martinus Høgåsen]] i spissen som fekk til dette.  


Martinus Høgåsen var lærar og arbeidarpartipolitikar i Gudbrandsdalen, og ein svært sentral person i målskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen. Han var samstundes formann i [[Gudbrandsdal lærarmållag]]. Dette laget sette nå i gang ein sterk offensiv for å få innført nynorsk i dei krinsane der bokmålet enno rådde. Mellom samla redigerte Høgåsen eit agitasjonsskrift frå laget, Skulemålet i Gudbrandsdalen, som kom ut i 1937. Framstøyten lykkast overmåte godt. I 1937 hadde 38 av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen gått over til nynorsk. Innan 1940 hadde alle skulekrinsane nord for Fåberg valt nynorsk som hovudmål.  
Martinus Høgåsen var lærar og arbeidarpartipolitikar i Vågå, og ein svært sentral person i målskiftet til nynorsk i heile Gudbrandsdalen. Samstundes som han var nestformann i Austmannalaget, var han formann i [[Gudbrandsdal lærarmållag]]. Dette laget sette nå i gang ein målretta offensiv for å få innført nynorsk i dei krinsane der bokmålet enno rådde. Mellom anna redigerte Høgåsen eit agitasjonsskrift frå laget, ''Skulemålet i Gudbrandsdalen'', som kom ut i 1937. Framstøyten lykkast overmåte godt. I 1937 hadde 38 av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen gått over til nynorsk. Innan 1940 hadde alle skulekrinsane nord for Fåberg valt nynorsk som hovudmål.  


== Mållag og andre organisasjonar og institusjonar ==
== Mållag og andre organisasjonar og institusjonar ==

Sideversjonen fra 26. jan. 2013 kl. 14:45

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av Austlandet. Lom var den fyrste kommunen i Oppland som innførte landsmålet som skulemål, i 1899, og var den fyrste kommunen aust for Langfjella der dette skjedde. Grannebygda Skjåk kom etter 10 år seinare for nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året. Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten. I 1930-åra var det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla, noko som er med å forklare det som kan kallast eit fullt gjennombrot for målstrevet på den tida.

Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny offensiv som gjorde at det ikkje var ein einaste bokmålskrins att i 1940, med unntak av Fåberg. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.

Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme

Målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn talemålet på dei austlandske flatbygdene. Det gjer sitt til å forklare at det kom språkskifte i dalen og ikkje nedover på flatbygdene. Fåberg, der nynorsken aldri fekk retteleg fotfeste, omfatta bygder nedover på vestsida av Mjøsa, og kan slik sett reknast meir som ei flatbygd enn som ei fjell- og dalbygd. Vestre Gausdal har noko av det same preget, og der kom språkskiftet seint. Nabobygda Østre Gausdal, derimot, var ei pionerbygd når det gjeld bruk av nynorsk. Det heng openbert saman med det uvanleg sterke norskdomsmiljøet rundt Vonheim.

Som i Østre Gausdal må den etter måten tidlege suksessen for nynorsken i Gudbrandsdalen sett under eitt, i monaleg grad kunne forklarast ved i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Gudbrandsdalen har pionerstatus når det gjeld etableringa av folkehøgskular, friskular og frilynde ungdomslag, med Christopher Bruun som den førande aktøren.

Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast Ivar Blekastad, Stefan Frich, Kristofer Jansson, Andreas Austlid, Olav Åsmundstad, Rasmus Stauri, Per Bø, Trond Vigerust, Olav Aukrust og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.

Gjennombrotet i mellomkrigstida

Etter mykje turbulens på 1920-talet, ser det ut til at språkstriden i Gudbrandsdalen la seg i eit rolegare leie ei tid. Så livna det til att på slutten av 1930-talet. Det hadde nær samanheng med innføringa av rettskrivingsreformen av 1938. Den var omstridd både i bokmåls- og riksmålsleiren, men kanskje mest blant blant nynorskfolk fordi reformen gav rom mellom anna for -a-endingar i staden for i-endingar og andre målmerke som høvde betre med austlandsk talemål enn Aasen-normalen. «Austmannalaget», som var fylkeslag for Noregs mållag i Hedmark og Oppland, gjekk inn for den austlandske eller samnorske linja i nynorsknormalen. Det var eit nytt leiarskap i Austmannalaget med Håvard Skirbekk og Martinus Høgåsen i spissen som fekk til dette.

Martinus Høgåsen var lærar og arbeidarpartipolitikar i Vågå, og ein svært sentral person i målskiftet til nynorsk i heile Gudbrandsdalen. Samstundes som han var nestformann i Austmannalaget, var han formann i Gudbrandsdal lærarmållag. Dette laget sette nå i gang ein målretta offensiv for å få innført nynorsk i dei krinsane der bokmålet enno rådde. Mellom anna redigerte Høgåsen eit agitasjonsskrift frå laget, Skulemålet i Gudbrandsdalen, som kom ut i 1937. Framstøyten lykkast overmåte godt. I 1937 hadde 38 av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen gått over til nynorsk. Innan 1940 hadde alle skulekrinsane nord for Fåberg valt nynorsk som hovudmål.

Mållag og andre organisasjonar og institusjonar

Mållag skipa i Lom i 1899. I Skjåk 1911. Dølaringen Gudbrandsdal ungdomslag Gudbrandsdal landsgymnas Folkehøgskulane i Sel, Kvam (Nord-Fron), Hundorp (Sør-Fron) og Gausdal (Østre). Fylkesskulen i Ringebu. Friskular i Lom, Gausdal og Fåberg.

Kommune Fyrste krins nyn Alle krinsar Fyrste sokn med Blix Adm.språk i kommunen Merknader
Lesja 1937 1947
Dovre 1919 1939
Skjåk 1908 1924
Lom 1899 1899
Vågå 1919 1938
Heidal 1933 1933
Sel 1939 1939
Nord-Fron 1924 1939
Sør-Fron 1915 1939
Ringebu 1939 1939
Øyer 1939 1939
Fåberg 1916 nei
Østre Gausdal 1908 1908
Vestre Gausdal 1939 1939

Referansar


Kjelder og litteratur

  • Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2012.