Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]''' tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av [[Austlandet]]. Med omsyn til hovudmålet i folkeskulen var språkskiftet fullført i distriktet før 1940. Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene.
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]''' tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av [[Austlandet]]. Med omsyn til opplæringsmålet i folkeskulen var språkskiftet fullført i distriktet før 1940. Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene.

[[Lom]] innførte landsmålet som skulemål alt i 1899 som den fyrste kommunen aust for [[Langfjella]]. Grannebygda [[Skjåk]] kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan [[Østre Gausdal]] i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny offensiv som gjorde at det ikkje var ein einaste bokmålskrins att i 1940, med unntak av [[Fåberg]].  
[[Lom]] innførte landsmålet som skulemål alt i 1899 som den fyrste kommunen aust for [[Langfjella]]. Grannebygda [[Skjåk]] kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan [[Østre Gausdal]] i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny, kraftig offensiv som gjorde at det ikkje var ein einaste bokmålskrins att i 1940, med unntak av [[Fåberg]].  

Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten for språkskiftet. Sidan vart det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla i distriktet, noko som er med på å forklare den massive suksessen for målstrevet i 1930-åra. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det elles openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.

Linje 19: Linje 19:

== Nynorsk i arbeidarrørsla ==
== Nynorsk i arbeidarrørsla ==
Martinus Høgåsen var den viktigaste, men langt frå den einaste målaktivisten blant sosialistane i Gudbrandsdalen. Da Heidal innførte nynorsk i skulen i 1933, stod å lese i Den 17de mai:
:Det er arbeidarpartiet med ordførar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren. Arbeidarpartiet i Gudbrandsdalen er sterkt målvenleg.<ref>Den 17de mai 7.12.1933, her referert frå Hovdans protokoll.</ref>
Under språkskifteprossen i Skjåk i 1920-åra stod lærar, kyrkjesongar og førande kommunist/arbeidarpolitikar i bygda [[K.G. Wågen]] fremst i linja. Han hadde følgje av læraren [[Thorstein Eggum]], som vart varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk i 1935. Ein annan sosialist som markerte seg i denne samanhengen var boktrykkaren og kulturpersonlegdomen [[Pål Kluften]] frå Nord-Fron.
Einskilddøma er fleire. Kor vidt det er dekning for påstanden om at arbeidarrørsla i distriktet var «sterkt målvenleg» kan sikkert diskuterast. Arbeidarpartiet var som dei andre partia - med mogleg unntak for Venstre - splitta i språkspørsmålet. Men kombinasjonen norskdom og sosialisme fanst i tilstrekkeleg omfang i Gudbrandsdalen til at målrørsla ikkje einsidig vart assosisert med bonderørsla. Det gjorde heilt sikkert den sosiale basisen for språkskifteprosessen breiare.
Eit viktig tilleggsmoment her er at det politiske spydspisspartiet for målsaka, Venstre, i Oppland og Gudbrandsdalen hadde oppslutninga tilknytta venstrevarianten Arbeidardemokratar/Radikale folkeparti. Denne rørsla hadde sterk tilslutningen frå småbrukarane og langt inn i arbeidarklassen, sjikt som frå 1930-talet i hopetal gjekk over til det sosialistiske arbeidarpartiet.

== Mållag og andre organisasjonar og institusjonar ==
== Mållag og andre organisasjonar og institusjonar ==
Linje 113: Linje 122:
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 2012.
*Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 2012.
*''Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195..'' Handskriven protokoll av [[Peder Hovdan]], nå i [[Arkiv for norsk målreising]], Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Sideversjonen fra 27. jan. 2013 kl. 06:27

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av Austlandet. Med omsyn til opplæringsmålet i folkeskulen var språkskiftet fullført i distriktet før 1940. Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene.

Lom innførte landsmålet som skulemål alt i 1899 som den fyrste kommunen aust for Langfjella. Grannebygda Skjåk kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Deretter kom ein ny, kraftig offensiv som gjorde at det ikkje var ein einaste bokmålskrins att i 1940, med unntak av Fåberg.

Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten for språkskiftet. Sidan vart det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla i distriktet, noko som er med på å forklare den massive suksessen for målstrevet i 1930-åra. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det elles openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.

Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme

Målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn talemålet på dei austlandske flatbygdene. Det gjer sitt til å forklare at det kom språkskifte i dalen og ikkje nedover på flatbygdene. Fåberg, der nynorsken aldri fekk retteleg fotfeste, omfatta bygder nedover på vestsida av Mjøsa, og kan slik sett reknast meir som ei flatbygd enn som ei fjell- og dalbygd. Vestre Gausdal har noko av det same preget, og der kom språkskiftet seint. Nabobygda Østre Gausdal, derimot, var ei pionerbygd når det gjeld bruk av nynorsk. Det heng openbert saman med det uvanleg sterke norskdomsmiljøet rundt Vonheim.

Som i Østre Gausdal må den etter måten tidlege suksessen for nynorsken i Gudbrandsdalen sett under eitt, i monaleg grad kunne forklarast ved i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Gudbrandsdalen har pionerstatus når det gjeld etableringa av folkehøgskular, friskular og frilynde ungdomslag, med Christopher Bruun som den førande aktøren.

Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast Ivar Blekastad, Stefan Frich, Kristofer Jansson, Andreas Austlid, Olav Åsmundstad, Rasmus Stauri, Per Bø, Trond Vigerust, Olav Aukrust og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.

Gjennombrotet i mellomkrigstida

Etter mykje turbulens på 1920-talet, ser det ut til at språkstriden i Gudbrandsdalen la seg i eit rolegare leie ei tid. Så livna det til att på slutten av 1930-talet. Det hadde nær samanheng med innføringa av rettskrivingsreformen av 1938. Den var omstridd både i bokmåls- og riksmålsleiren, men kanskje mest blant blant nynorskfolk fordi reformen gav rom mellom anna for -a-endingar i staden for i-endingar og andre målmerke som høvde betre med austlandsk talemål enn Aasen-normalen. «Austmannalaget», som var fylkeslag for Noregs mållag i Hedmark og Oppland, gjekk inn for den austlandske eller samnorske linja i nynorsknormalen. Det var eit nytt leiarskap i Austmannalaget med Håvard Skirbekk og Martinus Høgåsen i spissen som fekk til dette.

Martinus Høgåsen var lærar og arbeidarpartipolitikar i Vågå, og ein svært sentral person i målskiftet til nynorsk i heile Gudbrandsdalen. Samstundes som han var nestformann i Austmannalaget, var han formann i Gudbrandsdal lærarmållag. Dette laget sette nå i gang ein målretta offensiv for å få innført nynorsk i dei krinsane der bokmålet enno rådde. Mellom anna redigerte Høgåsen eit agitasjonsskrift frå laget, Skulemålet i Gudbrandsdalen, som kom ut i 1937. Framstøyten lykkast overmåte godt. I 1937 hadde 38 av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen gått over til nynorsk. Innan 1940 hadde alle skulekrinsane nord for Fåberg valt nynorsk som hovudmål.

Nynorsk i arbeidarrørsla

Martinus Høgåsen var den viktigaste, men langt frå den einaste målaktivisten blant sosialistane i Gudbrandsdalen. Da Heidal innførte nynorsk i skulen i 1933, stod å lese i Den 17de mai:

Det er arbeidarpartiet med ordførar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren. Arbeidarpartiet i Gudbrandsdalen er sterkt målvenleg.[1]

Under språkskifteprossen i Skjåk i 1920-åra stod lærar, kyrkjesongar og førande kommunist/arbeidarpolitikar i bygda K.G. Wågen fremst i linja. Han hadde følgje av læraren Thorstein Eggum, som vart varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk i 1935. Ein annan sosialist som markerte seg i denne samanhengen var boktrykkaren og kulturpersonlegdomen Pål Kluften frå Nord-Fron.

Einskilddøma er fleire. Kor vidt det er dekning for påstanden om at arbeidarrørsla i distriktet var «sterkt målvenleg» kan sikkert diskuterast. Arbeidarpartiet var som dei andre partia - med mogleg unntak for Venstre - splitta i språkspørsmålet. Men kombinasjonen norskdom og sosialisme fanst i tilstrekkeleg omfang i Gudbrandsdalen til at målrørsla ikkje einsidig vart assosisert med bonderørsla. Det gjorde heilt sikkert den sosiale basisen for språkskifteprosessen breiare.

Eit viktig tilleggsmoment her er at det politiske spydspisspartiet for målsaka, Venstre, i Oppland og Gudbrandsdalen hadde oppslutninga tilknytta venstrevarianten Arbeidardemokratar/Radikale folkeparti. Denne rørsla hadde sterk tilslutningen frå småbrukarane og langt inn i arbeidarklassen, sjikt som frå 1930-talet i hopetal gjekk over til det sosialistiske arbeidarpartiet.

Mållag og andre organisasjonar og institusjonar

Kommune Mållag skipa Merknader
Lesja 1914 og 1921 Lesja 1914, Lesjaskog 1921
Dovre 1911 «Norig»
Skjåk 1911
Lom 1899
Vågå 1912
Heidal -
Sel 1920
Nord-Fron 1920 Vinstra mållag
Sør-Fron 1898-1920 Sør-Fron 1898, Harpefoss 1914, Hundorp 1920
Ringebu 1919, 1920 Losna 1919, Ringebu 1920
Øyer 1901 og 1905 Øyer 1901, Tretten 1905
Fåberg 1900-1920 Fåberg 1900, Symra 1901, Mesna 1911, Saksumdal 1920
Østre Gausdal 1900 og 1920 Ø. Gausdal 1900, Follebu 1920
Vestre Gausdal 1899

Dølaringen,

Gudbrandsdal lærarmållag

Gudbrandsdal ungdomslag,

Gudbrandsdal landsgymnas

Folkehøgskulane i Sel, Kvam (Nord-Fron), Hundorp (Sør-Fron) og Gausdal (Østre). Fylkesskulen i Ringebu.

Friskular i Lom, Gausdal og Fåberg.

Skjematisk oversyn over språkskiftet

Kommune Fyrste krins nyn Alle krinsar Fyrste sokn med Blix Adm.språk i kommunen Merknader
Lesja 1937 1947
Dovre 1919 1939
Skjåk 1908 1924
Lom 1899 1899
Vågå 1919 1938
Heidal 1933 1933
Sel 1939 1939
Nord-Fron 1924 1939
Sør-Fron 1915 1939
Ringebu 1939 1939
Øyer 1939 1939
Fåberg 1916 nei
Østre Gausdal 1908 1908
Vestre Gausdal 1939 1939

Seinare utvikling

Etter krigen har språkskifteprosessen vorte nokså mykje reversert, særleg i bygdene frå og med Sel og sørover. Med omsyn til kommunalt administrasjonsspråk er det i dag (2013) berre to erklærte nynorskkommunar (Skjåk og Nord-Fron), men også berre ei kommune med bokmålsvedtak (Lillehammer). Dei andre er språkleg nøytrale.

Referansar

  1. Den 17de mai 7.12.1933, her referert frå Hovdans protokoll.

Kjelder og litteratur

  • Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2012.
  • Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195.. Handskriven protokoll av Peder Hovdan, nå i Arkiv for norsk målreising, Ivar Aasen-tunet i Ørsta.