Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Utbygging)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 23: Linje 23:
Martinus Høgåsen var den viktigaste, men langt frå den einaste målaktivisten blant sosialistane i Gudbrandsdalen. Da [[Heidal]] innførte nynorsk i skulen i 1933, stod å lese i Den 17de mai: «Det er arbeidarpartiet med ordførar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren. Arbeidarpartiet i Gudbrandsdalen er sterkt målvenleg.»<ref>Den 17de mai 7.12.1933, her referert frå Hovdans protokoll.</ref> Ivar Dahle var eit tidleg døme dei ganske mange vestlandslærararane i Gudbrandsdalen som ikkje var venstremenn, men sosialistar. Eit anna døme på det er lærar og kyrkjesongar [[Kristian Gerhard Wågen|K.G.Wågen]] i Skjåk. Han var leiande kommunist/arbeidarpolitikar i bygda, og stod samstundes i fremste linje for nynorsken under språkskifteprosessen der. I dette hadde han følgje av læraren [[Thorstein Eggum]], som vart varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk i 1935.
Martinus Høgåsen var den viktigaste, men langt frå den einaste målaktivisten blant sosialistane i Gudbrandsdalen. Da [[Heidal]] innførte nynorsk i skulen i 1933, stod å lese i Den 17de mai: «Det er arbeidarpartiet med ordførar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren. Arbeidarpartiet i Gudbrandsdalen er sterkt målvenleg.»<ref>Den 17de mai 7.12.1933, her referert frå Hovdans protokoll.</ref> Ivar Dahle var eit tidleg døme dei ganske mange vestlandslærararane i Gudbrandsdalen som ikkje var venstremenn, men sosialistar. Eit anna døme på det er lærar og kyrkjesongar [[Kristian Gerhard Wågen|K.G.Wågen]] i Skjåk. Han var leiande kommunist/arbeidarpolitikar i bygda, og stod samstundes i fremste linje for nynorsken under språkskifteprosessen der. I dette hadde han følgje av læraren [[Thorstein Eggum]], som vart varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk i 1935.


Den nærmast legendarisk arbeidarordføraren i [[Sør-Fron]], [[Egil Hernæs]], gjekk også heilhjarta inn for nynorsk i 1938, i følgje Høgåsen. Den eine av dei to aller fyrste arbeidarordførarane i Gudbrandsdalen (1925), [[Arthur Janson]] i Sel, hadde også stor sympati for målreisinga. Han uttala i ein samtale med Høgåsen på ei 1. maistemne på den tida han vart ordførar: «[Målreisinga] er også en sak som har vært foraktet av de store, men elsket av de små. Nå er jeg bygutt, fra Drammen [...men] blir det aktuelt, stemmer jeg for nynorsk i Sel.»<ref>Høgåsen, M. 1961 side 11, 14.</ref> Men den andre av dei to arbeidarordførarane frå 1925, [[Albert Guddal]] på Dovre, ville halde fast ved riksmålet, enda han var vestlandslærar god som nokon.<ref>Hovdan-protokollen for Dovre.</ref>
Den nærmast legendarisk arbeidarordføraren i [[Sør-Fron]], [[Egil Hernæs]], gjekk også heilhjarta inn for nynorsk i 1938, i følgje Høgåsen. Den eine av dei to aller fyrste arbeidarordførarane i Gudbrandsdalen (1925), [[Arthur Janson]] i Sel, hadde også stor sympati for målreisinga. Han uttala i ein samtale med Høgåsen på ei 1. maistemne på den tida han vart ordførar: «[Målreisinga] er også en sak som har vært foraktet av de store, men elsket av de små. Nå er jeg bygutt, fra Drammen [...men] blir det aktuelt, stemmer jeg for nynorsk i Sel.»<ref>Høgåsen, M. 1961 side 11, 14.</ref> Men den andre av dei to arbeidarordførarane frå 1925, [[Albert Guddal]] på Dovre, ville halde fast ved riksmålet, enda han var vestlandslærar god som nokon.<ref>Hovdan-protokollen for Dovre.</ref> Men ein sambygding og partifelle av Guddal skulle få større politisk og målpolitisk innverknad regionalt og nasjonalt. Det var skreddaren [[Lars Moen]], som sat i kommunestyret saman med Guddal, vart formann i [[Gudbrandsdal arbeidarparti]] 1932-1949, stortingsmann i nær 30 år frå 1928 og kyrkje- og undervisningsminister 1948-1953. Han var sterk tilhengar av målsaka.


Ein annan framståande kulturpersonlegdom og sosialist som markerte seg for nynorsken i Gudbrandsdalen, var boktrykkaren, diktaren og spelemannen [[Pål Kluften]] frå Nord-Fron.
Ein annan framståande kulturpersonlegdom og sosialist som markerte seg for nynorsken i Gudbrandsdalen, var boktrykkaren, diktaren og spelemannen [[Pål Kluften]] frå Nord-Fron.


Einskilddøma kan gjerast fleire. Men kor vidt det er dekning for påstanden om at arbeidarrørsla i distriktet var «sterkt målvenleg» kan sikkert diskuterast. Arbeidarpartiet var som dei andre partia - med mogleg unntak for Venstre - splitta i språkspørsmålet, som tilfellet Guddal og talrike andre lokale språkdebattar demonstrerte. Vi kan like fullt slå fast at kombinasjonen norskdom og sosialisme fanst i tilstrekkeleg omfang i Gudbrandsdalen til at målrørsla ikkje einsidig vart assosisert med bonderørsla. Det gjorde heilt sikkert den sosiale basisen for språkskifteprosessen breiare. Fleire stader var det slik at dei leiande riksmålsaktivistane var storbønder og bondepartifolk.  
Einskilddøma kan gjerast fleire. Men kor vidt det er dekning for påstanden om at arbeidarrørsla i distriktet var «sterkt målvenleg» kan sikkert diskuterast. Arbeidarpartiet var som dei andre partia - med mogleg unntak for Venstre - splitta i språkspørsmålet, som tilfellet Guddal/Moen på Dovre og talrike andre lokale språkdebattar demonstrerte. Vi kan like fullt slå fast at kombinasjonen norskdom og sosialisme fanst i tilstrekkeleg omfang i Gudbrandsdalen til at målrørsla ikkje einsidig vart assosisert med bonderørsla. Det gjorde heilt sikkert den sosiale basisen for språkskifteprosessen breiare. Fleire stader var det slik at dei leiande riksmålsaktivistane var storbønder og bondepartifolk.  


Eit viktig tilleggsmoment her er at det politiske spydspisspartiet for målsaka, Venstre, i Oppland og Gudbrandsdalen var organisert i varianten Arbeidardemokratar/[[Radikale Folkeparti|Radikale folkeparti]]. Denne rørsla hadde sterk tilslutningen frå småbrukarane og langt inn i arbeidarklassen, dvs. samfunnssjikt som på 1930-talet i hopetal gjekk over til den sosialistiske arbeidarrørsla.
Eit viktig tilleggsmoment her er at det politiske spydspisspartiet for målsaka, Venstre, i Oppland og Gudbrandsdalen var organisert i varianten Arbeidardemokratar/[[Radikale Folkeparti|Radikale folkeparti]]. Denne rørsla hadde sterk tilslutningen frå småbrukarane og langt inn i arbeidarklassen, dvs. samfunnssjikt som på 1930-talet i hopetal gjekk over til den sosialistiske arbeidarrørsla.

Sideversjonen fra 1. feb. 2013 kl. 08:17

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreSpråkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av Austlandet. Som den fyrste kommunen aust for Langfjella innførte Lom landsmålet som skulemål alt i 1899. Grannebygda Skjåk kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Med omsyn til opplæringsmålet i folkeskulen var språkskiftet praktisk tala fullt gjennomført i distriktet før 1940.

Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten for språkskiftet. Sidan vart det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla i distriktet, noko som er med på å forklare den massive suksessen for målstrevet i 1930-åra. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det elles openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.

Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene.

Tidlege norskdomsmiljø og målaktivisme

Målføra i Gudbrandsdalen blir lett oppfatta som nærare nynorsken enn talemålet på dei austlandske flatbygdene. Det gjer sitt til å forklare at det kom språkskifte i dalen og ikkje nedover på flatbygdene. Fåberg, der nynorsken aldri fekk retteleg fotfeste, omfatta bygder nedover på vestsida av Mjøsa, og kan slik sett reknast meir som ei flatbygd enn som ei fjell- og dalbygd. Vestre Gausdal har noko av det same preget, og der kom språkskiftet seint. Nabobygda Østre Gausdal, derimot, var ei pionerbygd når det gjeld bruk av nynorsk. Det heng openbert saman med det uvanleg sterke norskdomsmiljøet rundt Vonheim.

Som i Østre Gausdal må den etter måten tidlege suksessen for nynorsken i Gudbrandsdalen sett under eitt, i monaleg grad kunne forklarast ved i eit uvanleg sterkt og aktivt norskdomsmiljø i dalføret i andre halvparten av 1800-talet. Gudbrandsdalen har pionerstatus når det gjeld etableringa av folkehøgskular, friskular og frilynde ungdomslag, med Christopher Bruun som den førande inspirator og aktør.

Kring desse skulane danna det seg aktivistiske nettverk som rokk inn i alle bygder i distriktet. Blant framståande namn i denne samanhengen kan ved sida av Christopher Bruun nemnast Ivar Blekastad, Stefan Frich, Kristofer Jansson, Andreas Austlid, Olav Åsmundstad, Rasmus Stauri, Per Bø, Trond Vigerust, Olav Aukrust, Jakob Haraldseid og mange fleire. Desse framgrunnsfigurane, i mange tilfelle tilflytta intellektuelle, fekk gjennom skule- og ungdomslagsverksemda rekruttert solide lokale miljø og norskdomsaktvistar i dei einskilde bygdene. Frå århundreskiftet 1800-1900 vart det lokale «folkehøgskulenettverket» godt supplert av eit betydeleg tal av vestlandslærarar i det offentlege skulen.

Gjennombrotet i mellomkrigstida

Etter mykje turbulens på 1920-talet, ser det ut til at språkstriden i Gudbrandsdalen la seg i eit rolegare leie ei tid. Så livna det til att på slutten av 1930-talet. Det hadde nær samanheng med innføringa av rettskrivingsreformen av 1938. Den var omstridd både i bokmåls- og riksmålsleiren, men kanskje mest blant blant nynorskfolk fordi reformen gav rom mellom anna for -a-endingar i staden for i-endingar og andre målmerke som høvde betre med austlandsk talemål enn Aasen-normalen. «Austmannalaget», som var fylkeslag for Noregs mållag i Hedmark og Oppland, gjekk inn for den austlandske eller samnorske linja i nynorsknormalen. Det var eit nytt leiarskap i Austmannalaget med Håvard Skirbekk og Martinus Høgåsen i spissen som fekk til dette.

Martinus Høgåsen var lærar og arbeidarpartipolitikar i Vågå, og ein svært sentral person i målskiftet til nynorsk i heile Gudbrandsdalen. Samstundes som han var nestformann i Austmannalaget, var han formann i Gudbrandsdal lærarmållag. Dette laget sette nå i gang ein målretta offensiv for å få innført nynorsk i dei krinsane der bokmålet enno rådde. Mellom anna redigerte Høgåsen eit agitasjonsskrift frå laget, Skulemålet i Gudbrandsdalen, som kom ut i 1937. Framstøyten lykkast overmåte godt. Av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen hadde 23 gått over til nynorsk i 1924, i 1937 var det 38. Lærarmållagets offensiv gjorde at det i 1940 ikkje var att ein einaste bokmålskrins att i Gudbrandsdalen nord for Fåberg, bygda rundt Lillehammer heilt synst i dalen. Gudbrandsdalen var ikkje eineståande i den forserte språkovergangen utløyst av 1938-rettskrivinga. Det skal ha vore oppimot 1000 skulekrinsar i landet som gjekk over til nynorsk på den tida, og kva meir er, mange bokmålsskular tok i bruk dei radikale formene.[1] Dei radikale, «folkelege» formene var i monaleg grad resultat av Arbeidarpartiets politikk på den tida. Under innverknad av markante målmenn i arbeidarrørsla, fyrst og fremst Halvdan Koht, hadde partiet vedteke følgjande kulturpolitiske formulering i sitt politiske program:

«I det nasjonale kulturarbeidet vil partiet byggje på dei ekte folkelege tradisjonane som har levd hos bønder og arbeidsfolk fram gjennom tidene. Derfor vil vi i målspørsmålet alltid stri for ekte folkemål.» (Her sitert etter Høgåsen 1967 side 4.)


Nynorsk i arbeidarrørsla

Martinus Høgåsen var den viktigaste, men langt frå den einaste målaktivisten blant sosialistane i Gudbrandsdalen. Da Heidal innførte nynorsk i skulen i 1933, stod å lese i Den 17de mai: «Det er arbeidarpartiet med ordførar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren. Arbeidarpartiet i Gudbrandsdalen er sterkt målvenleg.»[2] Ivar Dahle var eit tidleg døme dei ganske mange vestlandslærararane i Gudbrandsdalen som ikkje var venstremenn, men sosialistar. Eit anna døme på det er lærar og kyrkjesongar K.G.Wågen i Skjåk. Han var leiande kommunist/arbeidarpolitikar i bygda, og stod samstundes i fremste linje for nynorsken under språkskifteprosessen der. I dette hadde han følgje av læraren Thorstein Eggum, som vart varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk i 1935.

Den nærmast legendarisk arbeidarordføraren i Sør-Fron, Egil Hernæs, gjekk også heilhjarta inn for nynorsk i 1938, i følgje Høgåsen. Den eine av dei to aller fyrste arbeidarordførarane i Gudbrandsdalen (1925), Arthur Janson i Sel, hadde også stor sympati for målreisinga. Han uttala i ein samtale med Høgåsen på ei 1. maistemne på den tida han vart ordførar: «[Målreisinga] er også en sak som har vært foraktet av de store, men elsket av de små. Nå er jeg bygutt, fra Drammen [...men] blir det aktuelt, stemmer jeg for nynorsk i Sel.»[3] Men den andre av dei to arbeidarordførarane frå 1925, Albert Guddal på Dovre, ville halde fast ved riksmålet, enda han var vestlandslærar god som nokon.[4] Men ein sambygding og partifelle av Guddal skulle få større politisk og målpolitisk innverknad regionalt og nasjonalt. Det var skreddaren Lars Moen, som sat i kommunestyret saman med Guddal, vart formann i Gudbrandsdal arbeidarparti 1932-1949, stortingsmann i nær 30 år frå 1928 og kyrkje- og undervisningsminister 1948-1953. Han var sterk tilhengar av målsaka.

Ein annan framståande kulturpersonlegdom og sosialist som markerte seg for nynorsken i Gudbrandsdalen, var boktrykkaren, diktaren og spelemannen Pål Kluften frå Nord-Fron.

Einskilddøma kan gjerast fleire. Men kor vidt det er dekning for påstanden om at arbeidarrørsla i distriktet var «sterkt målvenleg» kan sikkert diskuterast. Arbeidarpartiet var som dei andre partia - med mogleg unntak for Venstre - splitta i språkspørsmålet, som tilfellet Guddal/Moen på Dovre og talrike andre lokale språkdebattar demonstrerte. Vi kan like fullt slå fast at kombinasjonen norskdom og sosialisme fanst i tilstrekkeleg omfang i Gudbrandsdalen til at målrørsla ikkje einsidig vart assosisert med bonderørsla. Det gjorde heilt sikkert den sosiale basisen for språkskifteprosessen breiare. Fleire stader var det slik at dei leiande riksmålsaktivistane var storbønder og bondepartifolk.

Eit viktig tilleggsmoment her er at det politiske spydspisspartiet for målsaka, Venstre, i Oppland og Gudbrandsdalen var organisert i varianten Arbeidardemokratar/Radikale folkeparti. Denne rørsla hadde sterk tilslutningen frå småbrukarane og langt inn i arbeidarklassen, dvs. samfunnssjikt som på 1930-talet i hopetal gjekk over til den sosialistiske arbeidarrørsla.


Mållag og andre organisasjonar og institusjonar

Kommune Mållag skipa Merknader
Lesja 1914 og 1921 Lesja 1914, Lesjaskog 1921
Dovre 1911 «Norig»
Skjåk 1911
Lom 1899
Vågå 1912
Heidal -
Sel 1920
Nord-Fron 1920 Vinstra mållag
Sør-Fron 1898-1920 Sør-Fron 1898, Harpefoss 1914, Hundorp 1920
Ringebu 1919, 1920 Losna 1919, Ringebu 1920
Øyer 1901 og 1905 Øyer 1901, Tretten 1905
Fåberg 1900-1920 Fåberg 1900, Symra 1901, Mesna 1911, Saksumdal 1920
Østre Gausdal 1900 og 1920 Ø. Gausdal 1900, Follebu 1920
Vestre Gausdal 1899

Dølaringen,

Gudbrandsdal lærarmållag

Gudbrandsdal ungdomslag,

Gudbrandsdal landsgymnas

Folkehøgskulane i Sel, Kvam (Nord-Fron), Hundorp (Sør-Fron) og Gausdal (Østre). Fylkesskulen i Ringebu.

Friskular i Lom, Gausdal og Fåberg.

Skjematisk oversyn over språkskiftet

Kommune 1. nyn.krins Alle krinsar 1. sokn Blix Kommunespråk Merknader
Lesja 1937 1947 1906
Dovre 1919 1939 1907
Skjåk 1908 1924 1906
Lom 1899 1899 1907
Vågå 1919 1938 1926
Heidal 1933 1933 1926
Sel 1939 1939 1907
Nord-Fron 1924 1939 1923
Sør-Fron 1915 1939 1907
Ringebu 1939 1939 1906
Øyer 1939 1939 1907
Fåberg 1916 ikkje 1907
Østre Gausdal 1908 1908 1906
Vestre Gausdal 1939 1939 1906

Seinare utvikling

Etter krigen har språkskifteprosessen vorte nokså mykje omsnudd, særleg i bygdene frå og med Sel og sørover. Med omsyn til kommunalt administrasjonsspråk er det i dag (2013) berre to erklærte nynorskkommunar (Skjåk og Nord-Fron), men også berre ei kommune med bokmålsvedtak (Lillehammer). Dei andre er språkleg nøytrale.

Referansar

  1. Høgåsen, M. 1961 side 4.
  2. Den 17de mai 7.12.1933, her referert frå Hovdans protokoll.
  3. Høgåsen, M. 1961 side 11, 14.
  4. Hovdan-protokollen for Dovre.

Kjelder og litteratur

  • Høgåsen, Martinus: «Foraktet av de store, men elsket av de små», Gudbrandsdal Arbeidarmållag 1961.
  • Kleiva, Turid: «Martinus Høgåsen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2012.
  • Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195.. Handskriven protokoll av Peder Hovdan, nå i Arkiv for norsk målreising, Ivar Aasen-tunet i Ørsta.