Stand: Forskjell mellom sideversjoner

876 byte lagt til ,  25. jan. 2012
Mellomlgring
(Mellomlagring)
(Mellomlgring)
Linje 2: Linje 2:
'''[[Stand]]''', fleirtal ''stender'', er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er skarpe skilje mellom og synberre skilnader på høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.

1) I ''daglegtale'' har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige», herskande og styrde delar av befolkninga.
1) I ''daglegtale'' har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir dermed mykje samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige», «herskande» og «styrde», «høge» og «låge» delar av befolkninga.

2) ''Historisk'' var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje [[Leksikon:Adel|adel]], presteskap, [[Leksikon:Borgerskap|borgarskap]] og [[Bonde|bønder]]. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Systematisk og formalisert ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som  korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom [[stenderforsamlingar]] (riksdagar, herredagar, parlament, [[Leksikon:Stendermøte|stendermøte]] etc.). Ein kan da snakke om ein [[stenderstat]]. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå [[seinmellomalderen]] gjennom [[tidleg nytid]] fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet («fridom, ''likskap'' og brorskap»).  

3) I nyare tid har stand vore nytta som ''samfunnsvitskapleg term'' også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med ''statusgruppe'' bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som [[klasse]] og [[kaste]].
3) I nyare tid har stand vore nytta som ''samfunnsvitskapleg omgrep'' også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med ''statusgruppe'' bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som [[klasse]] og [[kaste]].

Linje 15: Linje 15:
Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk ''estate'' («Estates of the Realm» = «riksstender»), på fransk ''etat'', båe med opphav i det latinske status. Fransk ''etat'' har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).  

Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk helst ''orders'' (''society of orders'' = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ''ordres'' (''société d’ordres'' = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn ''sociedad estamental'', som er laga av ''estamento'' =  (politisk) stand (stender i den spanske stenderforsamlinga Cortes). Estamento blir nytta vekselsvis med ''estado'', og dei to har etymologisk same rot, latin ''stare'' = å stå.  
Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding, heiter derimot på engelsk helst ''orders'' (''society of orders'' = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ''ordres'' (''société d’ordres'' = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn ''sociedad estamental''. Det er laga av ''estamento'' =  (politisk) stand (stender i den spanske stenderforsamlinga Cortes). Estamento blir nytta vekselsvis med ''estado'', og dei to har etymologisk same rot, latin ''stare'' = å stå.  

I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre også i det danske språket. [[Arent Berntsen]] skriv i [[Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed]] om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).

Linje 25: Linje 25:

=== Bellatores, oratores, laboratores ===
=== Bellatores, oratores, laboratores ===
Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i ''oratores'', ''bellatores'', og ''laboratores'', dvs. dei som talar, dei som krigar og dei som arbeider. Idéen har opphav i antikken. I verket sitt om ''Staten'' deler Platon samfunnet inn i tre stender slik: 1) ''Regentane'' utgjer den øvste, dei lærde som skal styre staten. 2) ''Vaktarane'' (krigarane) verjer staten mot fiendar. 3) ''Handverkarar og bønder'' produserer det folk skal leve av. Heilt utanom stendene held Platon slavane, den store ufrie produsentgruppa.  
Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i ''oratores'', ''bellatores'', og ''laboratores'', dvs. dei som talar, dei som krigar og dei som arbeider. Idéen har opphav i antikken. I verket sitt om ''Staten'' deler Platon samfunnet inn i tre kategoriar slik: 1) ''Regentane'' er dei lærde som skal styre staten. Dette utgjer den mest prestisjefylte kategorien i Platons førestillingar. 2) ''Vaktarane'' (krigarane) verjer staten mot fiendar. 3) ''Handverkarar og bønder'' produserer det folk skal leve av. Heilt utanom dette kategorisystemet held Platon slavane, den store ufrie produsentgruppa.  

Trestandslæra vart så tilpassa det kristne føydalsamfunnet og gjennomgripande praktisk implementert i europeisk mellomalder og tidleg moderne tid. Adel og presteskap utgjorde da dei to øvste og fornemste stendene. Funksjonsfordelinga av politikk, militærmakt, lærdom og kultus vart dermed noko annleis enn hjå Platon. Kva for ein av dei to stendene adel og presteskap som har vore rangert øvst i prestisjesystemet, har veksla. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I [[Leksikon:Adel|artikkelen om adel]] i [[Norsk historisk leksikon]] blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand i Noreg.

«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. Tredjestanden omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege (altså allmugen, «commoners» = vanleg folk). Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege ''sjølvstendig næringsdrivande'' som vart medrekna, dvs. dei med [[Leksikon:Borgerskap|handels-, handverkar- eller skipparborgarskap]] i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til ''husbondsstatus''.  Familiemedlemmer, sveinar og lærlingar, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.  
«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. Tredjestanden omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan best definerast negativt som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege (altså allmugen, «commoners» = vanleg folk). Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege ''sjølvstendig næringsdrivande'' som vart medrekna, dvs. dei med [[Leksikon:Borgerskap|handels-, handverkar- eller skipparborgarskap]] i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til ''husbondsstatus''.  Familiemedlemmer, sveinar og lærlingar, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.  

I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor, for så vidt analogt med Platons utelating av slavane frå antikkens statsorden. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods, små eller store. Bøndene som (del av ein) «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på [[Leksikon:Bygdeting|bygdetinget]].
I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor, for så vidt analogt med Platons utelating av slavane frå antikkens statsorden. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods, små eller store. Bøndene som «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på [[Leksikon:Bygdeting|bygdetinget]].

=== Riksstender i Danmark-Noreg ===
=== Riksstender i Danmark-Noreg ===
Linje 38: Linje 38:
Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, [[Leksikon:Riksrådet|Riksrådet]], vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.  

Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. [[Leksikon:Len|Lensordninga]] vart avløyst av [[Leksikon:Amt|amtsinndelinga]], og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelskap når dei kom i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i [[Leksikon:Rang|rangen]] automatisk adeleg status ([[rangadel]]). Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit ''standssamfunn'' i Danmark og Noreg.
Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. [[Leksikon:Len|Lensordninga]] vart avløyst av [[Leksikon:Amt|amtsinndelinga]], og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete, etter kvalifikasjonar dugleik og kongeleg gunst. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelskap når dei fyrst var komne i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i [[Leksikon:Rang|rangen]] automatisk adeleg status ([[rangadel]]). Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stender''stat'', i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit stands''samfunn'' i Danmark og Noreg.

=== Standsskilje, rettar og plikter ===
=== Standsskilje, rettar og plikter ===
Linje 52: Linje 52:
''For det andre'' kunne privatpersonar vere tillagde justismakt i kraft av standsposisjon og privileg. Frå 1646 hadde eigarar av [[Leksikon:Setegård|rette adelege setegardar]] såkalla [[Leksikon:Hals- og håndsrett|hals- og håndsrett]] over sine [[Leksikon:Ukedagsbønder|vekedagsbønder]]. Medf hals- og hånd følgde rett til sikt- og sakefall (bøteinntekter).  Privat sakefallsrett kunne etter eineveldet også følgje godssamlingar i ikkje-adeleg eige.

For det tredje  
''For det tredje'' var det ein særskild justis for embetsgrupepr og fagområde. Dette er rett nok ikkje utenkjeleg heller i moderne samfunn (jf. [[namsrett]], [[arbeidsrett]] m.m.), men var i tidleg nytid tydeleg filtra inn i standstenkinga. Prestar vart stilte for geistlege domsstolar, futar, stiftamtsskrivarar og andre oppebørselsbetjentar vart ved mistanke om mishald av tenesta førde for Kammerretten i København, tilsette ved bergverka tilhøyrde ein eigen bergverksjurisdiksjon osv.

==== Livsstilsregulering ====
==== Livsstilsregulering ====
Kongelege [[luksusforordningar]] alt frå 1500-talet gav til dels særs detaljerte føresegner om kva medlemmene av dei ulike stender hadde lov til å bruke av smykke, klede av meir eller mindre fine stoff (særleg silke var det  restriksjonar på!)

==== Symbolsk ære og gunst ====
==== Symbolsk ære og gunst ====
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer