Sykkylven storband

Sideversjon per 27. jan. 2016 kl. 13:15 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})

Sykkylven storband vart stifta 20. februar 1976. Sykkylven hadde eige storband også under leiing av Carl C. Tandstad frå 1969, som ein del av Musikklaget Lurlåt. Dette vart lagt ned den dagen Sykkylven storband starta opp som eige frittståande lag.

Det nye Sykkylven storband vart et populært storband i Møre og Romsdal. Bandet hadde mange spelejobbar og vart ei drivkraft for jazzmiljøet i Sykkylven fram mot 1990. Etter nokre år med berre sporadiske prosjekt, kom bandet i fast drift igjen i januar 2003.

Sykkylven storband består i dag av musikarar hovudsakeleg frå Sykkylven, men bandet har også medlemar frå nokre nabobygder. Dei framfører swingande storbandmusikk og møtest kvar veke for sosialt samvær og øving.

Besetninga i eit storband er tradisjonelt fire trompetar, fire tromboner, fem saxofonar og eit komp med bass, gitar, trommer og piano. Repertoaret til Sykkylven storband inneheld alt frå funk til gamle tradisjonelle storbandlåtar. Bandet har også med kvinneleg og mannleg vokalist når det høver.

Etter oppstarten i 2003 har Sykkylven storband delteke på Storbandfestivalen i Ålesund fleire år på rad, og bandet deltok på storbandfestival i Tønsberg saman med Hilde Louise Asbjørnsen i 2009.

Storbandet held eigne konsertar og spelar i både bryllup og konferansar. Eit av storbandets stilarrangement var lenge det årlege Romjulsballet som vart arrangert saman med Blue Horn Jazzband.

Storbandet har dei siste åra hatt samarbeidsprosjekt med andre band som t.d. bluesbandet Woodleg Odd`s og Blue Horn Jazzband, og med artistar som Fredrik Steen, Maria Holand Tøsse, Margrethe Velle Ødegård, Leif Atle Strand, Knut Eilefsen, Hilde Louise Asbjørnsen, Adam Douglas, Frank Bjørdal, Frode Alnes og Elisabeth Andreassen.

Sykkylven storband søkjer stadig etter nye utfordringar og spanande samarbeidspartnarar slik at bandet kan fornyast og bidra til auka interesse for storbandmusikken, dette også for å sikre framtidig rekruttering og drift av Sykkylven storband. Mange unge musikktalent har fått sine første erfaringar med jazzmusikken i Sykkylven storband og har seinare satsa på både utdanning og ein musikarkarriere innan jazzen. Her kan nemnast Kenneth Ekornes som i dag er trommeslagar i The Brazz Brothers og Sturla Hauge-Nilsen som i dag spelar trompet i Ytre Suløens Jazzensemble. Storbandet har fleire arrangement under planlegging, og skal m.a. ha konsert saman med The Brazz Brothers i mars 2013.


Kjelde

  • Åge Brigt Frøystad (Sykkylven storband-dirigent): Kort bandhistorie. Upubl. 2012.