Tøger Ottoson Snøtun: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
mIngen redigeringsforklaring |
||
Linje 3: | Linje 3: | ||
Frå 1734 til 1758 var han [[Lensmenn i Jostedalen|lensmann i Jostedalen]]. Jon Laberg (s. 59) meiner at han "rådde heldest som ein herse i dalen". Særleg kom han i ein kvass og langvarig strid med sokneprest [[Matthias Foss]], som mellom anna kom for dagen gjennom eit par prosterettssaker. | Frå 1734 til 1758 var han [[Lensmenn i Jostedalen|lensmann i Jostedalen]]. Jon Laberg (s. 59) meiner at han "rådde heldest som ein herse i dalen". Særleg kom han i ein kvass og langvarig strid med sokneprest [[Matthias Foss]], som mellom anna kom for dagen gjennom eit par prosterettssaker. | ||
Som lensmann møtte Tøger på skulemøtet i [[Solvorn]] 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.<ref> | Som lensmann møtte Tøger på skulemøtet i [[Solvorn]] 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1784 Skulefundasen 1741], Jostedal historielag</ref> | ||
Tøger var syster av Anna Ottesdotter, som var gift med klokkar [[Ole Knutson Grov]]. | Tøger var syster av Anna Ottesdotter, som var gift med klokkar [[Ole Knutson Grov]]. |
Sideversjonen fra 3. jun. 2011 kl. 20:36
Tøger Ottoson Snøtun (fødd kring 1700, død kring 1760) var frå garden Sperla i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han gifte kring 1725 med Gunnhild Andersdotter frå Snøtun, og dei tok over garden etter far hennar Anders Knutson Snøtun kring 1725. Tøger vart fyrste sjølveigaren på Snøtun då han 25. oktober 1757 kjøpte garden av Gerhard Munthe (sjå òg Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).
Frå 1734 til 1758 var han lensmann i Jostedalen. Jon Laberg (s. 59) meiner at han "rådde heldest som ein herse i dalen". Særleg kom han i ein kvass og langvarig strid med sokneprest Matthias Foss, som mellom anna kom for dagen gjennom eit par prosterettssaker.
Som lensmann møtte Tøger på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.[1]
Tøger var syster av Anna Ottesdotter, som var gift med klokkar Ole Knutson Grov.
Tøger og Gunnhild fekk fem born i lag:
- Anders Tøgerson (1725-1782), gardbrukar på Bjørk
- Kari Tøgersdotter (1728-1783), gardbrukarkone på Fur i Luster
- Otto Tøgerson Snøtun (1731-1805), som tok over både garden og lensmannsombodet etter faren
- Torborg Tøgersdotter (1733-1771), gardbrukarkone på Sønnesyn i Hafslo
- Lars Tøgerson Snøtun (1735-1795), gardbrukar på Kruna
Notar
- ↑ Skulefundasen 1741, Jostedal historielag
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 851. (Digital utgåve, NBdigital)