Telemark Folkehøgskule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Telemark Folkehøgskule vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann. Skulen starta opp i Seljord, men drifta vart i 1914 flytt til Utsond i Kviteseid. Det vart bygd ny moderne skulebygning med internat, sentralfyring og elektrisk ljos. Skulen heldt opent for ungdom frå heile landet, men ein måtte vere fylt 17 år.
Folkehøgskulen hadde eit elevblad som heitte Frihug.
Styrarar på folkehøgskulen:
- 1880-1902: Viggo Ullmann.
- 1902-1940: Jakob Naadland.
- 1940-ukjendt: Olav Naadland.
Kjelder
- Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.