Tomas Tandstad

Tomas Tandstad var fødd i 1912 i Straumgjerde der han seinare har budd. Han har arbeidd som møbelarbeidar og småbrukar, og er ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.

Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar.

Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar.

Bror til Tomas, Erling Tandstad, byrja med trevarefabrikk i 1930. Han var underleverandør av treverk, mellom anna til Vestlandske som vart det nye namnet til Sykkylven kurvvarefabrikk då verksemda byrja å lage lenestolar. I tillegg laga Erling Tandstad glasrammer og dører. Tomas byrja å arbeide for han.

I 1934 etablerte Tomas, saman med brørne Karl og Erling, og grannen Karl Tandstad, (synske-Karl) Tandstad Lenestolfabrikk AS. Verksemda laga berre lenestolar og stolgrindane tok lenestolfabrikken frå trevareverkstaden til Erling. Trevareverkstaden vart etter kort tid overteken av det nye aksjeselskapet. Tandstad Lenestolfabrikk hadde ei tid tilhald i ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde, men allereie i jula 1934 flytta dei inn i kjellarlokala til Martin Straumsheim på Nymarka på Straumsheim. Tandstad Lenestolfabrikk gjekk konkurs i 1937. Eit par store tap etter møbelforretningar som gjekk overende vart for tunge å bere. Då tok Karl P. Tandstad over trevarefabrikken og dreiv han vidare, medan Tomas og Erling tok over ein del av konkursbuet etter Tandstad Lenestolfabrikk og skipa Tandstad Stol- og Møbelfabrikk AS i 1937. Dei heldt fram i kjellaren på Nymarka fram til 1947 då dei bygde fabrikk inst i Sykkylvsfjorden på parsellen Strandheim under Straume- og Gjerdegarden. Her laga dei heile salongar, med ein-, to og tresetarar. Tidleg i 1950-åra byrja bedrifta å slite tungt økonomisk. I 1955 søkte innehavarane akkord, og to år seinare vart fabrikken selt til K. Emdal & Co AS.

Tomas fekk etter dette arbeid ved L.P. Riksheim TrevarefabrikkRiksheim. Her var han nokre år til han avslutta yrkeskarriera si ved Vestlandske Møbler der han han også starta.

Tomas bygde hus på ei tomt i Straumgjerde som han bygsla av Velledalen allmenning i 1948. Huset brann ned i 1958, og vart bygt opp att same året. Kona, Ingrid f. Dalhaug, dreiv forretning i huset. Dei fekk borna: Eli Mette f. 1946, Asbjørg Petra f. 1948 g.m. Asbjørn Hatlehol, Gjertrud Katrine f. 1952, Terje f. 1953, omkom ved skulebuss-ulykke i Tjønesstranda 1966 og Asgeir f. 1958.

Tomas Tandstad var med på mykje av det som skjedde i det friviljuge lagsarbeidet i heimkrinsen, mellom anna engasjerte han seg i Ungdomslaget Samhald som fekk sitt lagshus same året som Tomas vart fødd. Han var elles ein ihuga idretts- og friluftsmann. I ei årrekkje var han aktiv i Ringen Idrottslag med friidrett om somrane og skisport om vintrane. Tomas Tandstad har vore velsigna med ei sterk helse og han har halde seg fysisk aktiv opp i høg alder. Åtti år gammal var han til topps på Pyttegga, 92 år gammal debuterte han i det 4 kilometer lange Konradløpet og 98 år gammal, i 2010, var han med i Ramstaddalsløpet, ein stafett Sykkylven rundt. Same året var han omtala i media då han investerte i ein lite brukt Subaru med firehjulstrekk. "Eg måtte ha firehjulstrekk, for eg er så mykje oppe på hytta i Straumsdalen," forklarte han. Han hadde elles dagleg turar med bil til Sykkylven bu- og aktivitetssenter for å besøke kona, Ingrid, som han gifta seg med i 1945. Då han runda 100-årsmilepælen i september 2012 var han enno rask og rørig og Sykkylven sin eldste sjåfør.

Tomas Tandstad har hatt eit uvanleg godt minne og han er kjent som ein framifrå historieforteljar. Han vert gjerne samlingspunktet i godt lag, mange vil ha del i dei store kunnskapane hans om lokale tilhøve, og ikkje minst det gode humøret og den smittande latteren hans.

Det vart lagt merke til då han i sitt 100. år var med i ein lokal møbelquiz i regi av Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. Tomas var den naturlege ankermannen i sitt lag, og skreiv ned svara på spørsmåla utan bruk av briller. Det høyrer med til historia at Tomas sitt lag vart klar vinnar av quiz-tevlinga.

Tomas Tandstad er æresmedlem av UL Samhald. I samband med at han vart 100 år vart det gjeve ut bok om han. Boka var ført i pennen av nevøen Per Svein Tandstad.


Kjelder:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
  • Eldar Høidal, intervju med Tomas Tandstad, 23.8.1989. E.H. privatarkiv.
  • Kjetil Tandstad: Artikkel om Tomas Tandstad i Sunnmørsposten 12.9.2002.
  • Sunnmørsposten 2.7.2010.