Tor Jonsson: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:


== Bakgrunn, familie og oppvekst ==
== Bakgrunn, familie og oppvekst ==
Foreldra var husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Torsdotter  (1878–1950). Faren var fødd utanfor ekteskap, og kom på [[Leksikon:Legd|legd]] i barndomen. Som vaksen vart han anleggsarbeidar og plassmann med håp om å bli sjølveigande småbrukar. Torø Torsdotter var frå nabobygda, fødd på husmannsplassen Erlandstugu under [[Uppigard Skjåk]]. Trass sin vanskelege start i livet, vart Johannes Johnsen ein dugande, målmedviten og samfunnsengasjert mann. Han slo seg ned i heimbygda att som førtiåring etter mange år på anlegg, mellom anna på Bergensbana. Snart gjorde han seg sterkt gjeldande som politikar og småbrukaraktivist. Politisk tilhøyrde han [[Arbeiderdemokratene|Arbeiderdemokratane]]. Han og Torø gifta seg i 1911, budde fyrst som arbeidsfolk på [[Sør-Hågå]] i Lom, deretter som innerstar/paktarar på [[Kroken (Lom)|Kroken]] (Prestkroken) i tidsrommet 1915-1924. Derer levde Tor Jonsson dei fyrste åtte åra av livet sitt. Familien dreiv plassen, som var eit brukbart småbruk, på vegne av den eigentlege husmannen der, som var ein gammal mann.
Foreldra var husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Torsdotter  (1878–1950). Faren var fødd utanfor ekteskap, og kom på [[Leksikon:Legd|legd]] i barndomen. Som vaksen vart han anleggsarbeidar og plassmann med håp om å bli sjølveigande småbrukar. Torø Torsdotter var frå nabobygda, fødd på husmannsplassen Erlandstugu under [[Uppigard Skjåk]]. Dei fekk tre born: Inga (1912-1978), Tora (1914-1917) og Tor som yngstemann.
 
Trass sin vanskelege start i livet, vart Johannes Johnsen ein dugande, målmedviten og samfunnsengasjert mann. Han slo seg ned i heimbygda att som førtiåring etter mange år på anlegg, mellom anna på Bergensbana. Snart gjorde han seg sterkt gjeldande som politikar og småbrukaraktivist. Politisk tilhøyrde han [[Arbeiderdemokratene|Arbeiderdemokratane]]. Han og Torø gifta seg i 1911, budde fyrst som arbeidsfolk på [[Sør-Hågå]] i Lom, deretter som innerstar/paktarar på [[Kroken (Lom)|Kroken]] (Prestkroken) i tidsrommet 1915-1924. Der levde Tor Jonsson dei fyrste åtte åra av livet sitt. Familien dreiv plassen, som var eit brukbart småbruk, på vegne av den eigentlege husmannen der, som var ein gammal mann.
 
Det var ei traumatisk oppleving for heile familien da dei vart utsagde frå Kroken og måtte flyttast under tvang i 1924. Bakgrunnen var at sonen til den gamle husmannen kom heim att til bygda og gjorde krav på å få overta bygsla etter faren. Johannes Johnsen hadde før dette inngått avtale med presten [[Theodor Julius Børresen|Børresen]] om å få kjøpe bruket, men avtalen fanst ikkje att i underskriven stand. Den nye presten [[Peter Lorentz de Ferry Smidt|Lorentz Smidt]] gjekk inn for retten til Johnsens motpart. Saka kom til Kyrkjedepartementet, regjeringsadvokaten og vart jamvel teken opp i Stortinget. Striden var enno ikkje heilt avgjort da Johannes Johnsen plutseleg døydde i 1929, men vart ikkje ført vidare etter det. Familien budde da i ei stove som morfolket til Tor Jonsson hadde skaffa til vegar frå Skjåk, og som vart sett opp på ei festetomt under [[Uppigard Andvord]], mindre enn ein kilometer frå Kroken.

Sideversjonen fra 12. nov. 2014 kl. 14:47

Tor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sinn. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler.

Bakgrunn, familie og oppvekst

Foreldra var husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Torsdotter (1878–1950). Faren var fødd utanfor ekteskap, og kom på legd i barndomen. Som vaksen vart han anleggsarbeidar og plassmann med håp om å bli sjølveigande småbrukar. Torø Torsdotter var frå nabobygda, fødd på husmannsplassen Erlandstugu under Uppigard Skjåk. Dei fekk tre born: Inga (1912-1978), Tora (1914-1917) og Tor som yngstemann.

Trass sin vanskelege start i livet, vart Johannes Johnsen ein dugande, målmedviten og samfunnsengasjert mann. Han slo seg ned i heimbygda att som førtiåring etter mange år på anlegg, mellom anna på Bergensbana. Snart gjorde han seg sterkt gjeldande som politikar og småbrukaraktivist. Politisk tilhøyrde han Arbeiderdemokratane. Han og Torø gifta seg i 1911, budde fyrst som arbeidsfolk på Sør-Hågå i Lom, deretter som innerstar/paktarar på Kroken (Prestkroken) i tidsrommet 1915-1924. Der levde Tor Jonsson dei fyrste åtte åra av livet sitt. Familien dreiv plassen, som var eit brukbart småbruk, på vegne av den eigentlege husmannen der, som var ein gammal mann.

Det var ei traumatisk oppleving for heile familien da dei vart utsagde frå Kroken og måtte flyttast under tvang i 1924. Bakgrunnen var at sonen til den gamle husmannen kom heim att til bygda og gjorde krav på å få overta bygsla etter faren. Johannes Johnsen hadde før dette inngått avtale med presten Børresen om å få kjøpe bruket, men avtalen fanst ikkje att i underskriven stand. Den nye presten Lorentz Smidt gjekk inn for retten til Johnsens motpart. Saka kom til Kyrkjedepartementet, regjeringsadvokaten og vart jamvel teken opp i Stortinget. Striden var enno ikkje heilt avgjort da Johannes Johnsen plutseleg døydde i 1929, men vart ikkje ført vidare etter det. Familien budde da i ei stove som morfolket til Tor Jonsson hadde skaffa til vegar frå Skjåk, og som vart sett opp på ei festetomt under Uppigard Andvord, mindre enn ein kilometer frå Kroken.