Tor Jonsson

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. nov. 2014 kl. 20:22 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreTor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sinn. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler.

Bakgrunn og familie

Foreldra var husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Torsdotter (1878–1950). Faren var fødd utanfor ekteskap, og kom på legd i barndomen. Som vaksen vart han anleggsarbeidar og plassmann med håp om å bli sjølveigande småbrukar. Torø Torsdotter var frå nabobygda, fødd på husmannsplassen Erlandstugu under Uppigard Skjåk. Dei fekk tre born: Inga (1912-1978), Tora (1914-1917) og Tor som yngstemann. Eldstesystera gifta seg og slo seg ned i Øyer, medan korkje Tora eller Tor gifta seg, og dei budde det meste av livet saman med mora i den vesle stova dei flytta inn i i 1924.

Biografane har interessert seg for besteforeldra, særleg bestefedrane, for å gje eit ytterelegare innblikk i den sosiale bakgrunnen som forma Tor Jonsson så sterkt i dikting og innstilling. Tor Jonsson sjølv granska ætta si ivrig, mest for å kunne påvise det nære skyldskapet som ofte var mellom høg og låg i bygda, og på den måten undergrave den undertrykkande mekanismen som han meinte den tidstypiske dyrkinga av gjæve bondeætter var. Morfaren Tor Nilsen frå Skjåk (Skreddar-Tor, fødd 1830) var handverkar, gravar på Skjåk kykjegard og plassmann i Ellandstugu under Uppigard Skjåk. Han var far til 15 born, dei fire fyrste før han var gift og med andre kvinner enn ho han vart gift med. Nummer fire og fem i rekkja var båe fødde i 1866, det året han gifta seg med mor til nummer fem, Inga Amundsdotter frå Vigstadplassen under Vigstad. Ingar Sletten Kolloen gjer eit poeng av at far til Tor Jonsson styrka sin sosiale posisjon da han i 1911 gifta seg med dottera til Skreddar-Tor.[1] Der ikkje så lett å sjå korleis dette skulle vere sett med augo til dei ættestolte bøndene i bygda. Besteforeldra til Tor Jonsson på båe sider var definitivt forankra i bygdeproletariatet. Men når Tor Jonsson studerte Ættebok for Skjåk, trong han rett nok ikkje gå mange generasjonar attende før han fann gode gardbrukarar blant forfedrane.

Farfaren til Tor Jonsson, Jon Jakobsen Holen, kom frå husmannsplassen Sjurgardsholen i grenda Lia i Lom. Om han skriv Sletten Kolloen: «Jo Holé, som han kalla seg til dagleg, eller "Fitt-Jo", som han vart kalla på bygda, hadde ord på seg for å ha ein heil liten flokk med ungar spreidde rundt i ottadalsbygdene, alle med ulike kvinner [...] Langt opp i alderdomen hadde Jo Holé framleis eit magisk drag på kvinnfolk.»[2]

Frå draumen om sjølveigd småbruk til «Stusslegstugu»

Trass sin vanskelege start i livet, vart Johannes Johnsen ein dugande, målmedviten og samfunnsengasjert mann. Han slo seg ned i heimbygda att som førtiåring etter mange år på anlegg, mellom anna på Bergensbana. Snart gjorde han seg sterkt gjeldande som politikar og småbrukaraktivist. Politisk tilhøyrde han Arbeiderdemokratane. Han og Torø gifta seg i 1911, budde fyrst som arbeidsfolk på Sør-Hågå i Lom, deretter som innerstar/paktarar på Kroken (Prestkroken) i tidsrommet 1915-1924. Der levde Tor Jonsson dei fyrste åtte åra av livet sitt. Familien dreiv plassen, som var eit brukbart småbruk, på vegne av den eigentlege husmannen der, som var ein gammal mann.

Det var ei traumatisk oppleving for heile familien da dei vart utsagde frå Kroken og måtte flyttast under tvang i 1924. Bakgrunnen var at sonen til den gamle husmannen kom heim att til bygda og gjorde krav på å få overta bygsla etter faren. Johannes Johnsen hadde før dette inngått avtale med presten Børresen om å få kjøpe bruket, men avtalen fanst ikkje att i underskriven stand. Den nye presten Lorentz Smidt gjekk inn for retten til Johnsens motpart. Saka kom til Kyrkjedepartementet, regjeringsadvokaten og vart jamvel teken opp i Stortinget. Striden var enno ikkje heilt avgjort da Johannes Johnsen plutseleg døydde i 1929, men vart ikkje ført vidare etter det. Familien budde da i ei stove som morfolket til Tor Jonsson hadde skaffa til vegar frå Skjåk, og som vart sett opp på ei festetomt under Uppigard Andvord, mindre enn ein kilometer frå Kroken.

Utdanning og yrkesliv

Skjønnlitterært forfattarskap

Journalisten og polemikaren

Jonssons bilete av bygda

Krigen og rettsoppgjeret

Vener og omgangskrets

Kjærleik og død

Bibliografi

Diktsamlingar

  • Mogning i mørkret, 1943
  • Berg ved blått vatn, 1946
  • Jarnnetter, 1948
  • Ei dagbok for mitt hjarte, 1951
  • Dikt i samling, 1956

Prosa

  • Siste stikk (skodespel i ei akt), 1951
  • Nesler, 1950
  • Nesler II, 1952. Redigert av Rolf Thesen
  • Prosa i samling, 1960. Redigert av Helge Skaranger
  • Tekster i samling, 2 band 1973 og 1975. Redigert av Inger Heiberg. (Inneheld også lyrikk.)
  • Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, 2000. Redigert av Ingar Sletten Kolloen

Kjelder og litteratur

  • Heiberg, Inger: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson, 1984
  • Kolloen, Ingar Sletten: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, Det norske amlaget, 1999
  • Olsen, Sparre : Tor Jonsson-minne, Noregs boklag, 1968
  • Ættebok for Skjåk, bd. I 1946, bd. II 1969.

Referansar

  1. Kolloen, I.S. 1999:20.
  2. Kolloen, I.S. 1999:17.