Tor Jonsson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreTor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sinn. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «kampdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk.

Bakgrunn og familie

Mal:Thumb høyre Foreldra var husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Torsdotter (1878–1950). Faren var fødd utanfor ekteskap, og kom på legd i barndomen. Som vaksen vart han anleggsarbeidar og plassmann med håp om å bli sjølveigande småbrukar. Torø Torsdotter var frå nabobygda, fødd på husmannsplassen Erlandstugu under Uppigard Skjåk. Dei fekk tre born: Inga (1912-1978), Tora (1914-1917) og Tor som yngstemann. Eldstesystera gifta seg og slo seg ned i Øyer, medan korkje Tora eller Tor gifta seg, og dei budde det meste av livet saman med mora i den vesle stova dei flytta inn i i 1924.

Biografane har interessert seg for besteforeldra, særleg bestefedrane, for å gje eit ytterelegare innblikk i den sosiale bakgrunnen som forma Tor Jonsson så sterkt i dikting og innstilling. Tor Jonsson sjølv granska ætta si ivrig, mest for å kunne påvise det nære skyldskapet som ofte var mellom høg og låg i bygda, og på den måten undergrave den undertrykkande mekanismen som han meinte den tidstypiske dyrkinga av gjæve bondeætter var. Morfaren Tor Nilsen frå Skjåk (Skreddar-Tor, fødd 1830) var handverkar, gravar på Skjåk kyrkjegard og plassmann i Erlandstugu like ved kyrkja og arbeidsplassen hans. Han var far til 15 born, dei fire fyrste før han var gift og med andre kvinner enn ho han vart gift med.[1] Nummer fire og fem i rekkja var båe fødde i 1866, det året han gifta seg med mor til nummer fem, Inga Amundsdotter frå Vigstadplassen under Vigstad. Ingar Sletten Kolloen gjer eit poeng av at far til Tor Jonsson styrka sin sosiale posisjon da han i 1911 gifta seg med dottera til Skreddar-Tor.[2] Der ikkje så lett å sjå korleis dette skulle vere, iallfall sett med augo til dei ættestolte bøndene i bygda. Besteforeldra til Tor Jonsson på båe sider var definitivt forankra i bygdeproletariatet. Men når Tor Jonsson studerte Ættebok for Skjåk, trong han rett nok ikkje gå mange generasjonar attende før han fann gode gardbrukarar blant forfedrane.

Farfaren til Tor Jonsson, Jon Jakobsen Holen, kom frå husmannsplassen Sjurgardsholen i grenda Lia i Lom. Om han skriv Sletten Kolloen: «Jo Holé, som han kalla seg til dagleg, eller "Fitt-Jo", som han vart kalla på bygda, hadde ord på seg for å ha ein heil liten flokk med ungar spreidde rundt i ottadalsbygdene, alle med ulike kvinner [...] Langt opp i alderdomen hadde Jo Holé framleis eit magisk drag på kvinnfolk.»[3]

Det er lett å tenkje seg at bygdeflir og mobbelyst kunne bli stimulert av slike historier. Tor Jonsson hadde heilt sikkert personleg røynt at fedranes synder i fleire ledd heimsøkte han. Nettopp dette fenomenet går att som eit motiv i noveller og sakprosastykke frå hans hand.

Frå draumen om sjølveigd småbruk til «Stusslegstugu»

Mal:Thumb høyre Trass sin vanskelege start i livet, vart faren Johannes Johnsen ein dugande, målmedviten og samfunnsengasjert mann. Han slo seg ned i heimbygda att som førtiåring etter mange år på anlegg, mellom anna på Bergensbana. Snart gjorde han seg sterkt gjeldande som politikar og småbrukaraktivist. Han sat i Lom heradsstyre som representant for Arbeiderdemokratane i to periodar 1917-1923. Han sat også i skulestyret.

Johannes og Torø hadde gifta seg i 1911. Dei budde fyrst som arbeidsfolk på Sør-Hågå i Lom, deretter som innerstar/paktarar på Kroken (Prestkroken) i tidsrommet 1915-1924. Der levde Tor Jonsson dei fyrste åtte åra av livet sitt. Familien dreiv plassen, som var eit brukbart småbruk, på vegne av den eigentlege husmannen der, som var ein gammal mann.

Det var ei traumatisk oppleving for heile familien da dei vart utsagde frå Kroken og måtte flyttast under tvang i 1924. Bakgrunnen var at sonen til den gamle husmannen kom heim att til bygda og gjorde krav på å få overta bygsla etter faren. Johannes Johnsen hadde før dette inngått avtale med presten Børresen om å få kjøpe bruket, men avtalen fanst ikkje att i underskriven stand, og Børresen døydde i 1921. Det kunne vel og stillast spørsmål om soknepresten hadde fullmakt til på eiga hand å inngå ei slik kontrakt. Den nye presten Lorentz Smidt gjekk inn for retten til Johnsens motpart. Saka kom til Kyrkjedepartementet, regjeringsadvokaten og vart jamvel teken opp i Stortinget. Striden var enno ikkje heilt avgjort da Johannes Johnsen plutseleg døydde i 1929, men vart ikkje ført vidare etter det. Familien budde da i ei stove som morfolket til Tor Jonsson hadde skaffa familien frå Skjåk, og som vart sett opp på ei festetomt under Uppigard Andvord, mindre enn ein kilometer frå Kroken.

Skulegang og yrkesliv

Tor Jonsson gjekk folkeskulen på Fossbergom (sentrum i Lom, kort veg frå heimen hans), der han hadde markante lærarar som Marie Andberg og norskdoms- og fråhaldskjemper som Olav Kvaale og Erik Rudser.

Frå 1930 til 1932 gjekk han den toårige, frivillige Lom og Skjåk framhaldsskule, som hadde eit særs godt omdømme, ikkje minst på grunn av inspirerande lærarar. Særleg Doro Heyerdahl og Randi Bojer blir nemnde som personar som øvde positiv innverknad på han. Det fyrste kjende daterte diktet av Tor Jonsson er eit avskilsdikt til Doro Heyerdahl. Randi Bojer og far hennar, forfattaren Johan Bojer, tilbaud seg å koste vidaregåande utdanning på Jonsson, men det var han for stolt til å ta i mot.

Etter framhaldsskulen budde han heime og hadde ymse slag tilfeldig arbeid, mellom anna med å stelle hagen i prestegarden. Gartnaryrket hadde han interesse for, og i åra 1937-1939 var han gartnarlærling i Lier, Lillehammer og Ruste i Nord-Fron. Han byrja jamvel som elev på Oppland småbruks- og hagebruksskule i 1939, men fullførte ikkje der.

Under okkupasjonstida budde Tor Jonsson for det mest heime i Lom, men var periodevis på tyskararbeidDombås (1941, 1942) og Ørlandet (1941). I 1943 fekk han arbeid som gartnar og gardsarbeidar i Åsmarka i Ringsaker, på garden Arneberg. Der treivst han godt. Han fekk mest som ein fristad på garden hjå familien Borgen der, og han kom att som gjest og hybelbuar fleire vender dei komande åra.

Jonsson synte tidleg interesse for journalistikk, og var allereie som 18-åring i 1934 bygdekorrespondent for avisa Gudbrandsdølen på Lillehammer.

Rett etter krigen i 1945 vart han tilsett som journalist i Dølenes Blad (sidan Dølabladet), distriktsavis på Otta. Året etter takka han ja til tilbod om stilling som redaktør av Hallingdølen i Ål. Han slutta der allereie etter eit halvt års, truleg på grunn av ein kvass konflikt med pietistiske miljø i Hallingdal. Etter dette hadde Tor Jonsson ikkje noko fast arbeid utanom diktinga og artikkelskrivinga. Men på dette tidspunktet var han for lengst etablert og anerkjent som diktar og skribent. Han vart medlem i Den norske forfatterforening. I 1948 vart han tildelt Forleggerforeningens store stipend etter innstilling frå forfattarforeininga. Stipendet var på kr. 6000, og han nytta dette til ei fem-seks vekers reise til Finland, der han vart godt motteken. Frå turen skreiv han reisebrev til Dagbladet.

Skjønnlitterært forfattarskap

Tor Jonsson debuterte som forfattar som 16-åring, det siste året på framhaldsskulen, da han fekk publisert novella «Illmenne» i Arbeidermagasinet. To år seinare kom ei forteljing som vart prenta i Lørdagskvelden. I dei næraste åra frametter kjenner vi til at han fekk publisert seks dikt og fem forteljingar, dei fleste i Nynorsk Vekeblad.

Essayisten, journalisten og polemikaren

Etter krigen vart Tor Jonsson også vidkjend som samfunnsdebattant og essayist. I løpet av 4-5 år publiserte han om lag 60 artiklar, dei aller fleste i aviser og tidsskrift. Avisene var fyrst og fremst Dagbladet og Arbeiderbladet og dei to han sjølv arbeidde i, Dølabladet og Hallingdølen. Kontakt og Kvinnen og Tiden var blant tidsskrifta. Frå 1949 hadde han ei fast spalte, Kulturspegelen, i bladet Bygdeungdommen, der redaktøren Elling Tjønneland hadde gjeve Jonsson frie tøyler. Det vara berre eit års tid, da det var krefter blant eigarane av bladet (i Felleskjøpet, Bøndernes Salgslag og Norges Skogeierforbund), som var misnøgde med innhaldet i desse petitane.[4]

Artiklane var for det meste i kortform. Blant hovudemna er flukta frå landsbygda, som han forklarte og forsvara ut frå si analyse av det stagnerte og bakstreverske bygdesamfunnet som ikkje med god rett kunne halde ungdommen attende. Idyllisering og romantiske oppfatningar av det gamle bondesamfunnet er blant hovudmåla for hans krasse og satiriske utfall. Dårlege bustadtilhøve, elendige hygieniske forhold og manglande kulturtilbod i Bygde-Noreg er tilbakevendande emne. Han stiller seg sterkt kritisk til landssvikoppgjeret, fyrst og fremst ved at han var sterk motstandar av dødsstraffa. Fredssaka og utviklinga i den kalde krigen er også blant emna som engasjerte han sterkt

Ideologi og haldningar

Tor Jonsson var frå sin tidlege ungdom overtydd sosialist, og sokna til Arbeidarpartiet. Det var motivert ut frå sosial rettferdstrong og ut frå behovet for modernisering, aller mest på landsbygda. Han var likevel ikkje aktiv som politikar, men uttrykte sine meiningar i fri form i artiklane sine. Han var konsekvent pasifist og antimilitarist og var sterkt mot Arbeidarpartiets og Noregs tilslutning til NATO.

Tor Jonssons bilete av bygda

Tor Jonsson var sterkt oppteken av bygdekulturen og bygdesamfunnets verknad på enkeltmennesket. Han var interessert i lokalhistorie og ættegransking, med eit kritisk, sanningssøkjande utgangspunkt. Han polemiserte mot Olav Aukrust og andres nasjonalromantiske strev etter å finne den ekte norske folkeånd i kulturovringar som særleg skal ha vore teke vare på i innlandske fjellbygder som nettopp Lom. Han seier om dette: «Dei bygdenorske talar om mystiske ting som folkesjel. Denne folkesjela var det visstnok som skapte alle barnesullane og rosekrullane. Men kva var det for ånd som skapte ukulturen og sosial urett?»[5] Han meinte at «ved røyndomsnær lokalhistorisk gransking vil det opne seg ein avgrunn med armod, urett og hjarteløyse. Men vi må ha mot til å sjå den sanne historia i augo.»[6] Denne ukulturen og uretten blir konkretisert mellom anna som «fåkunne, ovtru, grenselaus fattigdom i husmannshyttene, vanvyrdnaden for fattigfolk, griske bønder, ureinskapen, tæringsgardane og syfilisen blant bondeættene ...»

Hatigast og sårast – men også med mest ambivalens - uttrykkjer Jonsson si haldning til bygdesamfunnet i diktet «Bygdabøygen» frå samlinga Berg ved blått vatn (1946). Tittelen på diktet er ei nemning som Jonsson fann passande på det uvesenet som etter hans meining så sterkt prega bygdefolkets mentalitet og sosiale liv:

Eg hugsar våren så vent han vaska
ein vinter bort.
Eg gjekk til altars med heimbrentflaska
og låg i lort.
Eg vakna opp att i morgonskotet
og spytta: Tvi!
Eg gjev den blankaste fan med feitt på
i bygda mi
Ho låg og surra og var så sleip
med bygdaglis og med bygdageip.
Gamle, halvrotne odelsgardar
låg og krakte som lus på lort

Ambivalensen blir uttrykt i dei forsonande vendingane som avsluttar diktet:

Heimbygd, heimbygd med di harde
andletsbragd av stein,
vekt har du dei milde, vare
tonar i ein fredlaus ein.
Lengta har eg lange dagar
bort frå fjord og flatt.
Livets unders lagnad lagar:
Borte fann eg bygda att.


Vener og omgangskrets

Kjærleik og død

Bibliografi

Diktsamlingar

  • Mogning i mørkret, 1943
  • Berg ved blått vatn, 1946
  • Jarnnetter, 1948
  • Ei dagbok for mitt hjarte, 1951
  • Dikt i samling, 1956

Prosa

  • Siste stikk (skodespel i ei akt), 1951
  • Nesler, 1950
  • Nesler II, 1952. Redigert av Rolf Thesen
  • Prosa i samling, 1960. Redigert av Helge Skaranger
  • Tekster i samling, 2 band 1973 og 1975. Redigert av Inger Heiberg. (Inneheld også lyrikk.)
  • Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, 2000. Redigert av Ingar Sletten Kolloen

Kjelder og litteratur

  • Heiberg, Inger: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson, 1984
  • Kolden, J. (red. A. Kjelland): Bygdabok for Lom, bd. 3. Lom kommune: Snøhetta forlag, Lesja, 2005
  • Kolloen, Ingar Sletten: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, Det norske samlaget, 1999
  • Olsen, Sparre : Tor Jonsson-minne, Noregs boklag, 1968
  • Teigen, Håvard: «Bygdedyr i Loms-mørkret? Ei alternativ forståing av bygdesamfunnet på Tor Jonssons tid,» i Årbok for Gudbrandsdalen 2006.
  • Ættebok for Skjåk, bd. I 1946, bd. II

Referansar

  1. Ættebok for Skjåk I:72-73.
  2. Kolloen, I.S. 1999:20.
  3. Kolloen, I.S. 1999:17.
  4. Kolloen, I.S. (red.) 2000:11
  5. «Dansen kring krotakalven», Jonsson, T. 1960:108.
  6. xxx1949