Tor Jonsson

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. nov. 2014 kl. 05:18 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Referansar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreTor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sinn. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «stridsdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk.

Bakgrunn og familie

Mal:Thumb høyre Foreldra var husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Torsdotter (1878–1950). Faren var fødd utanfor ekteskap, og kom på legd i barndomen. Som vaksen vart han anleggsarbeidar og plassmann med håp om å bli sjølveigande småbrukar. Torø Torsdotter var frå nabobygda Skjåk, fødd på husmannsplassen Erlandstugu under Uppigard Skjåk. Dei fekk tre born: Inga (1912-1978), Tora (1914-1974) og Tor som yngstemann. Eldstesystera gifta seg og slo seg ned i Øyer, medan korkje Tora eller Tor gifta seg, og dei budde det meste av livet saman med mora i den vesle stova dei flytta inn i i 1924. Mal:Thumb høyre Biografane har interessert seg for besteforeldra til Tor Jonsson, særleg bestefedrane, for å gje eit ytterlegare innblikk i den sosiale bakgrunnen som forma han så sterkt i dikting og innstilling. Tor Jonsson sjølv granska ætta si ivrig, mest for å kunne påvise det nære skyldskapet som ofte var mellom høg og låg i bygda, og på den måten undergrave den undertrykkande mekanismen som han meinte den tidstypiske dyrkinga av gjæve bondeætter var. Morfaren Tor Nilsen frå Skjåk (Skreddar-Tor, fødd 1830) var handverkar, gravar på Skjåk kyrkjegard og plassmann i Erlandstugu like ved kyrkja og arbeidsplassen hans. Han var far til 15 born, dei fire fyrste før han var gift og med andre kvinner enn ho han vart gift med.[1] Nummer fire og fem i rekkja var båe fødde i 1866, det året han gifta seg med mor til nummer fem, Inga Amundsdotter frå Vigstadplassen under Vigstad. Inger Heiberg og Ingar Sletten Kolloen gjer eit poeng av at far til Tor Jonsson styrka sin sosiale posisjon da han i 1911 gifta seg med dottera til Skreddar-Tor.[2] Der ikkje så lett å sjå korleis dette skulle vere, iallfall sett med augo til dei ættestolte bøndene i bygda. Besteforeldra til Tor Jonsson på båe sider var definitivt forankra i bygdeproletariatet. Men når Tor Jonsson studerte Ættebok for Skjåk, trong han rett nok ikkje gå mange generasjonar attende før han fann gode gardbrukarar blant forfedrane. Det seier mykje om kor vanskeleg det kan vere å distansere seg frå ættemystikken når Reidar Djupedal i sitt essay om Jonsson finn det på sin plass å konstatere at Torø Torsdotter var «av Vigstadætta».

Farfaren til Tor Jonsson, Jon Jakobsen Holen, kom frå husmannsplassen Sjurgardsholen i grenda Lia i Lom. Om han skriv Sletten Kolloen: «Jo Holé, som han kalla seg til dagleg, eller "Fitt-Jo", som han vart kalla på bygda, hadde ord på seg for å ha ein heil liten flokk med ungar spreidde rundt i ottadalsbygdene, alle med ulike kvinner [...] Langt opp i alderdomen hadde Jo Holé framleis eit magisk drag på kvinnfolk.»[3]

Det er lett å tenkje seg at bygdeflir og mobbelyst kunne bli stimulert av slike historier. Tor Jonsson hadde heilt sikkert personleg røynt at fedranes synder i fleire ledd heimsøkte han. Nettopp dette fenomenet går att som eit motiv i noveller og sakprosastykke frå hans hand.

Frå draumen om sjølveigd småbruk til «Stusslegstugu»

Mal:Thumb høyre Trass sin vanskelege start i livet, vart faren Johannes Johnsen ein dugande, målmedviten og samfunnsengasjert mann. Han slo seg ned i heimbygda att som førtiåring etter mange år på anlegg, mellom anna på Bergensbana. Snart gjorde han seg sterkt gjeldande som politikar og småbrukaraktivist. Han sat i Lom heradsstyre som representant for Arbeiderdemokratane i to periodar 1917-1923. Han sat også i skulestyret.

Johannes og Torø hadde gifta seg i 1911. Dei budde fyrst som arbeidsfolk på Sør-Hågå i Lom, deretter som innerstar/paktarar på Kroken (Prestkroken) i tidsrommet 1915-1924. Der levde Tor Jonsson dei fyrste åtte åra av livet sitt. Familien dreiv plassen, som var eit brukbart småbruk, på vegne av den eigentlege husmannen der, som var ein gammal mann.

Det var ei traumatisk oppleving for heile familien da dei vart utsagde frå Kroken og måtte flyttast under tvang i 1924. Bakgrunnen var at sonen til den gamle husmannen kom heim att til bygda og gjorde krav på å få overta bygsla etter faren. Johannes Johnsen hadde før dette inngått avtale med presten Børresen om å få kjøpe bruket, men avtalen fanst ikkje att i underskriven stand, og Børresen døydde i 1921. Det kunne vel og stillast spørsmål om soknepresten hadde fullmakt til på eiga hand å inngå ei slik kontrakt. Den nye presten Lorentz Smidt gjekk inn for retten til Johnsens motpart. Saka kom til Kyrkjedepartementet, regjeringsadvokaten og vart jamvel teken opp i Stortinget. Striden var enno ikkje heilt avgjort da Johannes Johnsen plutseleg døydde i 1929, men vart ikkje ført vidare etter det. Familien budde da i ei stove som morfolket til Tor Jonsson hadde skaffa familien frå Skjåk, og som vart sett opp på ei festetomt under Uppigard Andvord, mindre enn ein kilometer frå Kroken.

Skulegang og yrkesliv

Tor Jonsson gjekk folkeskulen på Fossbergom (sentrum i Lom, kort veg frå heimen hans), der han hadde markante lærarar som Marie Andberg og norskdoms- og fråhaldskjemper som Olav Kvaale og Erik Rudser.

Frå 1930 til 1932 gjekk han den toårige, frivillige Lom og Skjåk framhaldsskule, som hadde eit særs godt omdømme, ikkje minst på grunn av inspirerande lærarar. Særleg Doro Heyerdahl og Randi Bojer blir nemnde som personar som øvde positiv innverknad på han. Det fyrste kjende daterte diktet av Tor Jonsson er eit avskilsdikt til Doro Heyerdahl. Randi Bojer og far hennar, forfattaren Johan Bojer, tilbaud seg å koste vidaregåande utdanning på Jonsson, men det var han for stolt til å ta i mot.

Etter framhaldsskulen budde han heime og hadde ymse slag tilfeldig arbeid, mellom anna med å stelle hagen i prestegarden. Gartnaryrket hadde han interesse for, og i åra 1937-1939 var han gartnarlærling i Lier, Lillehammer og Ruste i Nord-Fron. Han byrja jamvel som elev på Oppland småbruks- og hagebruksskule i 1939, men fullførte ikkje der.

Under okkupasjonstida budde Tor Jonsson for det mest heime i Lom, men var periodevis på tyskararbeidDombås (1941, 1942) og Ørlandet (1941). I 1943 fekk han arbeid som gartnar og gardsarbeidar i Åsmarka i Ringsaker, på garden Arneberg. Der treivst han godt. Han fekk mest som ein fristad på garden hjå familien Borgen der, og han kom att som gjest og hybelbuar fleire vender dei komande åra.

Jonsson synte tidleg interesse for journalistikk, og var allereie som 18-åring i 1934 bygdekorrespondent for avisa Gudbrandsdølen på Lillehammer.

Rett etter krigen i 1945 vart han tilsett som journalist i Dølenes Blad (sidan Dølabladet), distriktsavis på Otta. Året etter takka han ja til tilbod om stilling som redaktør av Hallingdølen i Ål. Han slutta der allereie etter eit halvt års, truleg på grunn av ein kvass konflikt med pietistiske miljø i Hallingdal. Etter dette hadde Tor Jonsson ikkje noko fast arbeid utanom diktinga og artikkelskrivinga. Men på dette tidspunktet var han for lengst etablert og anerkjent som diktar og skribent. Han vart medlem i Den norske forfatterforening. I 1948 vart han tildelt Forleggerforeningens store stipend etter innstilling frå forfattarforeininga. Stipendet var på kr. 6600, og han nytta dette til ei fem-seks vekers reise til Finland, der han vart godt motteken. Frå turen skreiv han reisebrev til Dagbladet.

Skjønnlitterært forfattarskap

Tor Jonsson debuterte som forfattar som 16-åring, da han fekk publisert novella «Illmenne» i Arbeidermagasinet. To år seinare kom ei forteljing som vart prenta i Lørdagskvelden. I dei næraste åra frametter kjenner vi til at han fekk publisert seks dikt og fem forteljingar, dei fleste i Nynorsk Vekeblad.

I 1937 hadde han ferdig ei samling dikt som han kalla Baksibragdog som vart refusert av tre forlag. Noko av grunnen til avslaga var at han vart oppfatta som for lite sjølvstendig og original i form og bodskap. Olav Dalgard uttala for eksempel om ei omarbeidd, men også refusert utgåve av Baksibragd i 1938: «I stor mun har han vore ringa inne i Olav Aukrust si verd.»[4] Det er svært lite frå Baksibragd som diktaren sjølv fann godt nok til å bli med i samlingane som han seinare fekk gjeve ut. I 1942 leverte Jonsson nok eit manuskript, I menneskeham, til Noregs Boklag, også denne gongen utan å nå heilt fram. Men året etter gav same forlag ut Mogning i mørkret, som dermed vart debutsamlinga til Tor Jonsson.

Mogning i mørkret fekk jamt over god mottaking, men vekte ikkje overveldande åtgaum i presse og kritikarmiljø. Boka selde likevel godt, i meir enn 1300 eksemplar. Samlinga opnar med eitt av dei mest kjende dikta frå hans hand, programdiktet «Ordet»

[...]
Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når Ordet lyt tapa
for svolten og sverda?
Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.
[...]

I 1946 kom Berg ved blått vatn. Der finn vi stridsdikt som «Til grågrenda», og dei krassaste lyriske uttrykka for kampen mot ætte- og standshovmotet og Trongdals- eller Jante-mentaliteten i bygdesamfunnet: «Bygdabøygen», «Festtale i eit julelag (av ein som ikkje var med)» og fleire. Der er også det populære, vakre og «ufarlege» «Norsk kjærleikssong». Den siste samlinga Jonsson fekk ut før han døydde, Jarnnetter frå 1948, følgjer godt opp den førre i form og tematikk.

Posthumt i 1951 vart samlinga Ei dagbok for mitt hjarte utgjeven, ikkje heilt fullført frå forfattarens hand. Fleire litteraturkjennarar har utpeikt denne samlinga som den mest særmerkte av dei fire. Grunngjevinga er dels at dikta her i stor utstrekning er lausrivne frå sosiale og politiske aktualitetar og dermed blitt meir «tidlause».[5] Andre har festa seg ved at Jonsson her i enkelte dikt ser seg løyst frå dei strengt konvensjonelle rimkrav og versemål han hittil hadde nytta. Det er også her hans dødslengt og funderingar over livet og æva og dei religiøse kjenslene kjem tydelegast fram.

Det siste året han levde vann Tor Jonsson ein konkurranse om å skrive det beste skodespelet for amatørteater. Konkurransen var utlyst av Kyrkje- og undervisningsdepartementet under statsråd Lars Moen. Jonssons stykke heitte Siste stikk. Det er ein ein-aktar, eit stilisert og minimalistisk kammerspel, utløyst av trugsmålet om atomkrig og menneskeleg øydeleggingsevne. Tidlegare hadde Jonsson gjort utkast til nokre høyrespel med tema som «fattigdomsriset» og fredssaka, men desse kom aldri til oppføring.[6] Han etterlet seg også eit upublisert skodespel med tittelen «Attergangarar», der temaet er ætteskam og fedranes synder, ein openberr og sikkert tilsikta parallell til Ibsens Gjengangere.

Tor Jonsson nytta eit normalisert nynorsk, med få innslag av dialekt, arkaiske uttrykk og sjølvlaga ord. Truleg var dette delvis valt i medviten distanse til Olav Aukrust som nettopp eksellerte i slikt. Jonssons dikt er også reinskorne og nakne i forma, utan overflødig ordbruk og vanskelege metaforar. Også dette til skilnad frå Aukrusts flaum og «geislar» av ord med målande, ofte uventa biletbruk og symbolikk.

Essayisten, journalisten og polemikaren

Etter krigen vart Tor Jonsson også vidkjend som samfunnsdebattant og essayist. I løpet av 4-5 år publiserte han om lag 60 artiklar, dei aller fleste i aviser og tidsskrift. Avisene var fyrst og fremst Dagbladet og Arbeiderbladet og dei to han sjølv arbeidde i, Dølabladet og Hallingdølen. Kontakt og Kvinnen og Tiden var blant tidsskrifta. Frå 1949 hadde han ei fast spalte, Kulturspegelen, i bladet Bygdeungdommen, der redaktøren Elling Tjønneland hadde gjeve Jonsson frie tøyler. Det vara berre eit års tid, da det var krefter blant eigarane av bladet (i Felleskjøpet, Bøndernes Salgslag og Norges Skogeierforbund), som var misnøgde med innhaldet i desse petitane.[7]

Artiklane var for det meste i kortform. Blant hovudemna er flukta frå landsbygda, som han forklarte og forsvara ut frå si analyse av det stagnerte og bakstreverske bygdesamfunnet som ikkje med god rett kunne halde ungdommen attende. Idyllisering og romantiske oppfatningar av det gamle bondesamfunnet er blant hovudmåla for hans krasse og satiriske utfall. Dårlege bustadtilhøve, elendige hygieniske forhold og manglande kulturtilbod i Bygde-Noreg er tilbakevendande emne. Han stiller seg sterkt kritisk til landssvikoppgjeret, fyrst og fremst ved at han var sterk motstandar av dødsstraffa. Fredssaka og utviklinga i den kalde krigen er også blant emna som engasjerte han sterkt.

Ideologi og haldningar

Tor Jonsson var frå sin tidlege ungdom overtydd sosialist, og sokna til Arbeidarpartiet. Det var motivert ut frå sosial rettferdstrong og ut frå behovet for modernisering, aller mest på landsbygda. Han var likevel ikkje aktiv som politikar, men uttrykte sine meiningar i fri form i artiklane sine. Han var konsekvent pasifist og antimilitarist og var sterkt mot Arbeidarpartiets og Noregs tilslutning til NATO.

Trass sin sosialistiske og fundamentalt antifascistiske ståstad, var ikkje Jonsson blant dei som utmerka seg i aktiv motstandskamp under okkupasjonen. Han såg mange ulike sider ved måten folk tok stilling på. Han hadde nære vener som stod i NS, deriblant ein fortruleg ven alt frå skuledagane. Det gjorde nok sitt til at Jonsson stilte seg så sterkt kritisk til landssvikoppgjeret, som han meinte bringa for dagen mykje inhuman hemngjerugskap og innholen kraftpatriotisme. I avveginga mellom «silkefront» og «isfront» i haldninga til nazistane, skilde Tor Jonsson lag med sin nære ven og diktarkollega Jan-Magnus Bruheim.

Med si djupe pasifistiske og ikkjevaldelege innstilling tok Tor Jonsson i det heile sterk avstand frå krigersk og politisk heroisme:

[...]
Eg ofrar aldri livet
for ei sak
Eg høyrer alltid
dyreskriket bak.
Å leva livet,
det er større mål
enn offerdøden
på eit martyrbål.
[...]

Det står ikkje til å nekte at Tor Jonssons oppførsel i heimbygda under krigen ved eit par høve gjorde at folk ikkje riktig visste kva dei skulle tru. Ein ting er at han i fylla ein sommarkveld i 1943 hadde uttala seg så høgrøysta nedrakkande om nazistane i Lom at han vart køyrt heim att av lensmannen og underkasta forhøyr etterpå. I ettertid skapte jo dette berre godvilje ved den nasjonale haldninga han slik hadde utvist. Vanskelegare å tolke vart det da Jonsson og Andreas Brunes, eigar av Uppigard Andvord, syskenbarn og god ven, ein kveld dukka opp hjå den lokale NS-føraren for å melde Jonsson inn i partiet. Dei to var rett nok i ein slik tilstand at NS-føraren berre bad dei kome att når dei vart edruge att. I følgje Sletten Kolloen ligg det føre to versjonar av bakgrunnen for dette besøket:

«Tor Jonson skal ha uttrykt seg så kraftig mot Heimefronten under ein fest, at Andreas Brunes tok han på ordet og reiste sporenstreks til NS-føraren med han [...] Den andre versjonen går ut på at besøket var meint som ein litt provoserande fleip.»[8]

Ei rimeleg tolking synest å vere at det slett ikkje er usannsynleg at Jonsson hadde uttala seg provoserande om Heimefronten, og at det er mest sannsynleg at partiinnmeldinga var ein fleip.

Men under rettsoppgjeret så seint som i 1947 vart det reist ny tvil om Tor Jonssons nasjonale haldning kan ha vore heilt patent under okkupasjonen. I arkivet etter landssvikoppgjeret hjå politimeisteren på Lillehammer ligg det ei sak på han.[9] Han hadde i brev til Kultur- og Folkeopplysningsdepartementet 31. mars 1942 bede om opplysningar om vilkår for å kunne starte «reisekino» for Gudbrandsdalen. Det springande punktet synest å ha vore at han underteikna brevet med «Heil og sæl». Men vedlagt saka er det vitnefråsegner som avviser at Jonsson hadde vore NS-sympatisør. Ei slik «fillesak» gjorde neppe sitt til å dempe Tor Jonssons kritiske haldning til rettsforfølgjingane etter krigen.

Tor Jonssons bilete av bygda

Tor Jonsson var sterkt oppteken av bygdekulturen og bygdesamfunnets verknad på enkeltmennesket. Han var interessert i lokalhistorie og ættegransking, med eit kritisk, sanningssøkjande utgangspunkt. Han polemiserte mot Olav Aukrust og andres nasjonalromantiske strev etter å finne den ekte norske folkeånd i kulturovringar som særleg skal ha vore teke vare på i innlandske fjellbygder som nettopp Lom. Han seier om dette: «Dei bygdenorske talar om mystiske ting som folkesjel. Denne folkesjela var det visstnok som skapte alle barnesullane og rosekrullane. Men kva var det for ånd som skapte ukulturen og sosial urett?»[10] Han meinte at «ved røyndomsnær lokalhistorisk gransking vil det opne seg ein avgrunn med armod, urett og hjarteløyse. Men vi må ha mot til å sjå den sanne historia i augo.»[11] Denne ukulturen og uretten blir konkretisert mellom anna som «fåkunne, ovtru, grenselaus fattigdom i husmannshyttene, vanvyrdnaden for fattigfolk, griske bønder, ureinskapen, tæringsgardane og syfilisen blant bondeættene ...»

Hatigast og sårast – men også med mest ambivalens - uttrykkjer Jonsson si haldning til bygdesamfunnet i diktet «Bygdabøygen» frå samlinga Berg ved blått vatn (1946). Tittelen på diktet er ei nemning som Jonsson fann passande på det uvesenet som etter hans meining så sterkt prega bygdefolkets mentalitet og sosiale liv.

Eg hugsar våren så vent han vaska
ein vinter bort.
Eg gjekk til altars med heimbrentflaska
og låg i lort.
Eg vakna opp att i morgonskotet
og spytta: Tvi!
Eg gjev den blankaste fan med feitt på
i bygda mi
Ho låg og surra og var så sleip
med bygdaglis og med bygdageip.
Gamle, halvrotne odelsgardar
låg og krakte som lus på lort

Ambivalensen blir uttrykt i dei forsonande vendingane som avsluttar diktet:

Heimbygd, heimbygd med di harde
andletsbragd av stein,
vekt har du dei milde, vare
tonar i ein fredlaus ein.
Lengta har eg lange dagar
bort frå fjord og flatt.
Livets unders lagnad lagar:
Borte fann eg bygda att.

Vener og omgangskrets

Mal:Thumb høyre

Kjærleik, einsemd og død

Kjærleiken er eit gjennomgangstema i Tor Jonssons dikting. Samstundes framstår diktaren i levande live som temmeleg hjelpelaus når det iallfall gjeld den type kjærleik som har med kjønnsliv å gjere. Det vart i all hovudsak verande på det litterære planet:

Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik -
Eg veit ikkje kva det er.

Hans trådde openbert og uttrykt etter kvinner. Men han hadde tilsynelatande like mykje angst for dei. Kom det ein sjeldan gong nær å bli alvor, gjekk det feil. Biografen Sletten Kolloen skildrar hjelpeløysa ganske utførleg og nærgåande, med seksualangst og impotens i fokus.[12] Elles kan mykje av dette sikkert forklarast så «enkelt» som å peike på eit problematisk, mindreverdsprega sjølvbilete og rein og skjær sjenanse. Somme har peikt på det emosjonelt forstyrrande som kan liggje i å heile livet å ha mor, systrer og tanter svært tett innpå livet. Mora og den heimebuande systera var endatil veikhelsa og omsorgstrengande.

Homofil legning er det ingen teikn til, så langt nokon biograf har kunna konstatere.


Bibliografi

Diktsamlingar

  • Mogning i mørkret, 1943
  • Berg ved blått vatn, 1946
  • Jarnnetter, 1948
  • Ei dagbok for mitt hjarte, 1951
  • Dikt i samling, 1956

Prosa

  • Siste stikk (skodespel i ei akt), 1951
  • Nesler, 1950
  • Nesler II, 1952. Redigert av Rolf Thesen
  • Prosa i samling, 1960. Redigert av Helge Skaranger
  • Dikting, dikt og prosatekster i utval ved Reidar Djupedal, 1963
  • Tekster i samling, 2 band 1973 og 1975. Redigert av Inger Heiberg. (Inneheld også lyrikk.)
  • Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, 2000. Redigert av Ingar Sletten Kolloen

Kjelder og litteratur

  • Djupedal, Reidar: Om Tor Jonsson i Tor Jonsson: Dikting, Noregs boklag, 1963.
  • Gatland, Jan Olav: Artikkel om Tor Jonsson i Norsk biografisk leksikon.
  • Heiberg, Inger: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson, 1984.
  • Kolden, J. (red. A. Kjelland): Bygdabok for Lom, bd. 3. Lom kommune: Snøhetta forlag, Lesja, 2005.
  • Kolloen, Ingar Sletten: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, Det norske samlaget, 1999.
  • Kolloen, Ingar Sletten: «...anten er eg tom eller full av fanskap», innleiing til Tor Jonsson: Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, Samlaget, Oslo 2000.
  • Myklebust, Eivind: Artikkel om Tor Jonsson på Allkunne
  • Olsen, Sparre : Tor Jonsson-minne, Noregs boklag, 1968.
  • Teigen, Håvard: «Bygdedyr i Loms-mørkret? Ei alternativ forståing av bygdesamfunnet på Tor Jonssons tid,» i Årbok for Gudbrandsdalen 2006.
  • Ættebok for Skjåk, bd. I 1946, bd. II.

Referansar

  1. Ættebok for Skjåk I:72-73.
  2. Heiberg, I. 1984:10-11, Kolloen, I.S. 1999:20, jf. Olsen, S. 1968:11,20 og Djupedal, R. 1963:154.
  3. Kolloen, I.S. 1999:17.
  4. Her sitert etter Djupedal, R. 1963:162.
  5. Djupedal, R. 1963:163ff
  6. Djupedal, R. 1963:174.
  7. Kolloen, I.S. (red.) 2000:11
  8. Kolloen, I.S. 1999:150.
  9. Statsarkivet i Hamar: Gudbrandsdal politimeisterembete, landssvikavdelinga, Saksdokument, eske 5 1947.
  10. «Dansen kring krotakalven», Jonsson, T. 1960:108.
  11. xxx1949
  12. Kolloen, I.S. 1999:334-343, 390, fleire stader.