Torleif Tandstad

Sideversjon per 15. sep. 2013 kl. 18:09 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Torleif Tandstad er ein kunstsamlar frå Sykkylven. Tandstad vart fødd i Sykkylven i 1936. Foreldra var Ola og Berta Midtbust Tandstad. Faren var heradsagronom i Sykkylven, men var ogs...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Torleif Tandstad er ein kunstsamlar frå Sykkylven. Tandstad vart fødd i Sykkylven i 1936. Foreldra var Ola og Berta Midtbust Tandstad. Faren var heradsagronom i Sykkylven, men var også i ein bolk ordførar i kommunen. I tillegg var han diktar og lokalhistorikar.

I 1959, 23 år gammal reiste Torleif til USA for å studere. Denne reisa skulle vise seg å bli eit avgjerande vegskilje for han. Han kom seinare til å forbli i USA. Hun utdanna seg til flyingeniør og frå 1963 arbeidde han i ulike flydesignfirma i USA.