Torsbergåsen (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. nov. 2018 kl. 01:17 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Torsbergåsen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Torsbergåsen på Nordbø i Bø i Telemark deler seg i to greiner som går nordover frå Nordbøvegen ved Huldrejordet.

Vegen er om lag 370 m lang og busetnaden, som utgjer Torsbergåsen bustadfelt, består av 11 einebustader.

Namneopphavet her er uklårt. Namnet Torsbergåsen er ikke kjend frå gamalt av. Det er derimot Torskåsåsen. Ørnulf Nordbø (1925–2009), som budde på Nordbø heile livet, meinte namnet var feil, og at det skulle ha vore Torskåsåsen. I Bø-soga er namnet Torskåsåsen nemnt to gonger i omtala av Nordistugo Nordbø. Namnet kan difor skuldast ei mistyding.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid, s. 206 og 208.


Koordinater: 59.40925° N 9.03322° Ø