Tosten Pålsen Auale

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyre Tosten Pålsen Auale (fødd i Skjåk 29. november 1845, død same stad 1. juni 1924), var gardsarbeidar og småbrukar. Han er betre kjend under kallenamnet Raudskjegg-Tosten eller Tosten Raudskjegg, som diktaren Olav Aukrust nytta som tittel på eit dikt om ein nifs og vondlynt, men karismatisk skapnad som var truande til å stå i direkte samband med Fan sjølv.

Eit anna oppnamn på Tosten Pålsen var Budei-Tosten, som viste til det yrket som Tosten mykje attåt hadde ein monaleg del av livet sitt. Han var fjøsrøktar på ymse gardar i Skjåk før han sjølv vart småbrukar nedst i Bøverdalen i Lom. Han blir stundom også omtala som Tosten Nørjordet etter namnet på bruket han overtok.

Diktaren og Tosten Raudskjegg

Frå sine oppvekstår kjende Olav Aukrust godt til Tosten Pålsen, som da hadde vorte småbrukar og budde rett over elva frå heimegarden til diktaren. Dessutan hadde Aukrust ei tid i byrjinga av 1920-talet halde til i grenda i Skjåk der Tosten var fødd og hadde budd gjennom det meste av sine fyrste 40-45 år. Der må diktaren ha høyrt mykje om Tostens liv før han kom til Bøverdalen. Interessert i folkemusikk som han var, vart Aukrust heilt sikkert godt kjend med meisterspelemannen og gardbrukaren Torkjell Auale. Torkjell var syskenbarnet til Tosten, [1] og oppvaksen medan Tosten arbeidde på Auale og på grannegarden Skjelkvåle. Aukrust budde sjølv på Skjelkvåle ei tid.

Det er ikkje noko vakkert bilete diktaren gjev av kjenningen sin. Tosten var:

[…] hesteskjerar
og kryter-klumsar og lausung-gjerar,
og tobaktyggjar
og åkerbrjotar og svartbannar
og heim’brent-bryggjar, -
og merrasprengjar,
og kjerringdengjar -
og salmediktar og høytjuv!
[…]

Og verre ting kjem fram. Tosten hadde ei svart bikkje som heitte Relsafus, og som folk hadde grunn til å tru eigentleg var den skinnbarlege Satan i hundeskapnad. Tosten blir mistenkt for drap på kona og litt av kvart.

Det må understrekast at det ikkje er dokumentert ved gjennomgådde kjelder at røyndomens Tosten Auale nokon gong var tiltala for brotsverk. Folk meinte nok at han var trollkunning. Mellom anna hadde hadde han så utruleg god kontroll på buskapen sin (bakgrunnen for diktets «kryter-klumsar»?). Lærar og lokalhistorikar Olav T. Kvaale refererer forteljingar frå folk som kjende Tosten personleg. I dette materialet kjem ikkje noko av diktets uhygge fram, berre dette ekstra gode laget med dyr. Somme trudde altså det kom av overnaturlege krefter. Men Gunnhild Nørjordet, som hadde Tosten på føderåd så seint som ca. 1920, meinte at det berre var fordi han var så snill og flink med dyra.[2]

Aukrusts dikt om Tosten Raudskjegg står i samlinga Hamar i Hellom, som kom ut berre to år etter modellens død.

Diktaren har nok urettvist sverta ettermælet til denne personen. Men ein gjennomgang av bakgrunnen og livsløpet hans Tosten Auale kan gje hint om bakgrunnen for at rykte kunne oppstå om han i samtida, folkeprat som så Aukrust har spunne vidare på og behandla med full diktarisk fridom, og utan synderleg personvernomsyn, for å få fram den bodskapen han ville ha fram.

Bakgrunn, slekt og familie

Tosten var fødd av ugifte foreldre, Pål Hansen Sperstad (1825-), og Anne Olsdotter Auale (1827-1901). Båe foreldra kom frå gardbrukarfamiliar i Skjåk. Da Tosten gifta seg i 1890, var brudgommens far oppført som «Gaardmand Paul Hanssen». Etter alt å dømme er han identisk med Pål Hansen Åmot, son av Hans Hansen og Kari Olsdotter, gardbrukarar på Nordigard Sperstad i Skjåk.[3] Pål Hansen gifta seg ca. 1847, eit par år etter at Tosten var fødd. Ektemaken var Sigrid Olsdotter Åmot.[4] Ho var einebarn og kunne såleis overta foreldregarden Nørdre Åmoten. I ætteboka framgår det ikkje at Pål hadde barn før han inngjekk ekteskap.

Mor til Tosten, Anne, var dotter til Ola Olsen Auale og kona Torø Jonsdotter frå Tråstad. Foreldra var gardbrukarar i Auale.[5] Anne gifta seg i 1848 med Rasmus Olsen frå Nordistun Vigstad i Skjåk.[6] Kvar ekteparet og Tosten budde dei fyrste åra, veit vi ikkje, men Anne og Rasmus tok til som småbrukarar på Nedre Nørjordet i Lom som dei fekk skøyte på i 1853.[7]

«Budei-Tosten» fram til 1887

Vi kjenner heller ikkje til om Anne og Rasmus hadde med seg den da 7-8 år gamle gutungen hennar til Nørjordet, eller om han har vore att i Auale til vidare oppfostring hjå besteforeldra der. Noko som talar for det siste, var at stugu på Nørjordet fort vart fylt opp av Anne og Rasmus sine felles born. Tosten fekk åtte halvsysken i tidsrommet 1849-1870. Som åtteåring kunne Tosten sikkert gjere nytte for kosten med gjeting og småarbeid på besteforeldra sin gard, i ei tid og med eit produksjonssystem der barnearbeid inngjekk som ein integrert del, og framstod som ein sjølvsagd og nødvendig del av røyndomen.

I folketeljinga 1865, som tjueåring, er iallfall Tosten Pålsen registrert som innerst i Auale med yrke notert som «Almindlig. Arbeide».[8] På det tidspunktet er det morbroren Ola Olsen som er gardbrukar der.

Ti år seinare, ved folketeljinga 1875, er Tosten «Sommer og Vinterbudeie» på Skjelkvåle, grannegard til Auale.[9]

Småbruk og ekteskap

I 1886 eller 1887 vart Tosten småbrukar på Nedre Nørjordet. Det sistnemnde året skreiv han føderådskontrakt med mora og stefaren. Ein av sønene til Anne og Rasmus hadde tidlegare overteke bruket, men emigrerte til Amerika i 1886. Dei andre syskena hadde også reist til Amerika, eller var døde. Dermed vart det plass til halvbroren, «lausungen» Tosten til å ta over bruket og syte for føderådet til mora og stefaren.

I 1890 fekk Tosten seg også kone, da han, 45 år gammal, gifta seg med Mari Persdotter (1841-1912).[10] Ho var husmannsjente frå Moastugu i Skjåk. Ho var fire år eldre enn han, og dei fekk ikkje barn.

Ved folketeljinga 1900 bur Tosten og Mari og dei to føderådsfolka på garden.[11] Året etter døydde mora til Tosten. Kor lenge stefaren levde, har vi ikkje bringa på det reine. I folketeljinga 1910 ser det ut til at Tosten er vorten aleine på bruket. (Det er neppe tvil om at den registrerte «Torstein Auale» er identisk med Tosten Raudskjegg, enda om korkje dato eller år for fødselen stemmer.) Kona Mari levde enno, men er iallfall ikkje heime i Nørjordet på folketeljingstidspunktet.

To år seinare døydde Mari på garden Krøkje i Lom, registrert som «Gaardbr.hustrue og fattiglem», openbert på legd. Mari og Tosten må ha vore ute av stand til å forsørgje seg sjølve på bruket. Tydelegvis har det også skjedd ein separasjon i ekteskapet. Nøyare greie får vi vel ikkje på dette i kjeldene. Men det gjev grunn til å spekulere på om det var røynlege hendingar bak det nifse ryktet som Aukrust skriv om i Tosten Raudskjegg , om enn hendingane umogleg kan ha vore så dramatiske som i diktet:

[...]
Kå’n våe han var fekk kona kjenne, -
eit halvt års tid var han gift med henne,-
då fekk ho skjenken sin av ein kopp,
og det ho drakk var (so vart det sagt meg)
eit brygg av villrot og flugusopp …
Ho visna burt, ho vart sjuk og døydde,
og mange meinte at hennar liv
var det han som øydde.
Eg sa, og såg på den runekong:
”Høyr, va’ ’kje du, Tosten, gift ein gong?”
”De va’ ’kje vidar, det,” svara’n Tosten,
og såg til sides og lest som lòsten,
den gamle Adam og slikt var daudt;
men side skjegget var like frodig
og tjukt og raudt, -
[...]

Da Mari døydde, hadde ho og Tosten vore gifte i 22 år. Dødsårsaka hennar er notert som vatersott i kyrkjeboka.

Siste leveåra

Tosten var brukar på Nedre Nørjordet til 1917. Deretter skal han ha hatt føderåd hjå det neste brukarparet, Gunnhild og Torgeir, ho frå Lykreholet i Skjåk, han frå Uppigard Gaukstad i Lom.[12]

Heilt på slutten av livet sitt kom Tosten attende til fødebygda Skjåk. I 1922 kom han inn som nummer seks av pensjonærane ved Skjåk gamleheim, som vart teken i bruk det året. Der vart Tosten Raudskjegg buande eit års tid, vel så, før han gjekk bort.

«Barnetekkje og ættekjensle»

Olav Aukrusts prosjekt i diktsamlinga Hamar i Hellom er å analysere det bygdenorske, med utgangspunkt i ei overtyding om at jamvel mykje av dei råaste og mest primitive utslag av bygdekulturen er uttrykk for noko av det opphavlegaste og ektaste norske. Det må berre kultiverast, raffinerast inn i det høgverdig nasjonale og til sist integrerast i den universale kristne trudomsverda og danne det «olsoknorske».

Jamvel ein «våe», nærmast eit umenneske som Tosten Raudskjegg slik han framstår, kan innehalde eit frø til nasjonal og kristen vokster. Diktaren ser for seg Tosten etter døden i eit draumesyn som avsluttar diktet:

[...]frå heite eldar og pinslur mange
i ævur lange,
ja upp frå djevlar og djupe dike
i draumen såg eg han Tosten stige
mot Himmerike
[...]
Det rann eit ljon, -
han Tosten såg eg:
og lange skjegget, det silkefine,
som gule geislar no såg eg skine:
i fager glans for Guds trone sto'n.

Det er viktig å merke seg noko som særskilt blir nemnt som forsonande og sjelebergande, noko som var med og «lyfte hans sjel or brensla», nemleg «hans barnetekkje og ættekjensla».

Det er diktarens ætte- og tradisjonsdyrkande ideologi som her blir uttrykt. Men det er nokså nærliggjande å tru at Aukrust kan ha høyrt den verkelege Tosten Pålsen fortelje om og kanskje syne litt byrgskap over slekta si. Det kan iallfall ha vore om å gjere for ein slik «lausunge», som heller ikkje akkurat hadde oppnådd nokon høgvyrd status som vaksen, å kunne fortelje at båe foreldra kom frå gode bondeætter. Dei hadde berre vore for unge og kåte og uforsiktige på eit visst tidspunkt.

Ein les kanskje også mellom linene at diktaren i ei sterkætta urkraft som Tosten Raudskjegg, øygnar utvegar til revitalisering av gamle, fallerande og sjølvoppgjevande bondeslekter i ei vanskeleg omstillingstid for gardbrukarane frå 1880-åra og frametter. Iallfall fortel den fiktive Tosten Raudskjegg dette om dei kraftige systrene sine:

"De' va' so storlema syst' e' ha' " sa'n, -
"men gifte vart døm, som lykka va'," sa'n -
"ja der det va' i forfall og nedbrote,
enkjemenner og audt og nedrote -"
- detta gliste og flein han fram, -
åtte styggen då ingor skam!

Gards- og slektshistorier har vore mykje lesne av folk som har følt behov for å bli knytt til ætter «betre» enn seg sjølve. Diktaren Tor Jonsson er for så vidt eit døme, plassguten som vaks opp i same grannelaget som både Aukrust og Tosten Pålsen, og delvis overlappande i tid. Han var rett nok berre smågut medan Tosten framleis var kårmann i Nørjordet, men han var 13 år då Aukrust døydde. Jonsson las nok ættebøkene for Skjåk mest for å underminere det stands- og slektshovmotet han følte seg undertrykt av. Men det er snart gjort for den undertrykte å godta undertrykkarens premissar - «stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd», anten i kamp mot eller aksept av den rådande kulturen.

Kjelder og litteratur

Notar

  1. Ættebok for Skjåk I, side 13.
  2. Kvaale, O.T. 1975:161.
  3. Ættebok for Skjåk I side 242.
  4. Ættebok for Skjåk I side 6.
  5. Ættebok for Skjåk I side 13.
  6. Kyrkjebok for Lom.
  7. Kolden, J. 2005:364.
  8. Mal:Folketelling person
  9. Mal:Folketelling person
  10. Kyrkjebok for Lom.
  11. Mal:Folketelling person
  12. Kvaale, O. 1975:161. Jf. Kolden, J. 2005:364.