Tuva turisthytte: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(klabbogbabb)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Tuva_1916.jpg|Stølen Nordre Tuva i 1916. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.}}{{thumb|Tuva_1931.jpg|Nordre Tuva i 1931. Den gamle stølen er bygd inn i den moderne turisthytta, sjå biletet under. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Sjå også [http://digitaltmuseum.no/things/turisthytte/HBA/HBA.92002-00617 vinterbilete] frå omtrent same tid på Digitalt museum.}}.</onlyinclude>{{thumb|Tuva_turisthytte_vinter.JPG|Tuva turisthytte påska 2013. Fotograf: Frankemann. Kilde: Wikimedia Commons.}}{{thumb|Flataaker_skurdalen.jpg|Tuva høyrde frå tidleg på 1800-talet til Flatåker i Skurdalen. Her dreiv dei både skysstasjon, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Fotograf: Lars K. Ødegaard, 1920-30. Eigar: Hol Bygdearkiv.}}
<onlyinclude>{{thumb|Tuva_1916.jpg|Stølen Nordre Tuva i 1916. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.}}{{thumb|Tuva_1931.jpg|Nordre Tuva i 1931. Den gamle stølen er bygd inn i den moderne turisthytta, sjå biletet under. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Sjå også [http://digitaltmuseum.no/things/turisthytte/HBA/HBA.92002-00617 vinterbilete] frå omtrent same tid på Digitalt museum.}}</onlyinclude>{{thumb|Tuva_turisthytte_vinter.JPG|Tuva turisthytte påska 2013. Fotograf: Frankemann. Kilde: Wikimedia Commons.}}{{thumb|Flataaker_skurdalen.jpg|Tuva høyrde frå tidleg på 1800-talet til Flatåker i Skurdalen. Her dreiv dei både skysstasjon, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Fotograf: Lars K. Ødegaard, 1920-30. Eigar: Hol Bygdearkiv.}}
<onlyinclude>'''[[Tuva turisthytte]]''' ligg på 1148 moh sør for Tuvatjørne, [[Hol kommune]], på den nordaustlege delen av [[Hardangervidda]]. Tuva er privateigd og har 40 senge- og sovesalsplassar (2013). Både sumar og vinter er ho dessutan serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. </onlyinclude>  
<onlyinclude>'''[[Tuva turisthytte]]''' ligg på 1148 moh sør for Tuvatjørne, [[Hol kommune]], på den nordaustlege delen av [[Hardangervidda]]. Tuva er privateigd og har 40 senge- og sovesalsplassar (2013). Både sumar og vinter er ho dessutan serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. </onlyinclude>  



Sideversjonen fra 23. apr. 2014 kl. 09:33

Stølen Nordre Tuva i 1916. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Nordre Tuva i 1931. Den gamle stølen er bygd inn i den moderne turisthytta, sjå biletet under. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Sjå også vinterbilete frå omtrent same tid på Digitalt museum.
Tuva turisthytte påska 2013. Fotograf: Frankemann. Kilde: Wikimedia Commons.
Tuva høyrde frå tidleg på 1800-talet til Flatåker i Skurdalen. Her dreiv dei både skysstasjon, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Fotograf: Lars K. Ødegaard, 1920-30. Eigar: Hol Bygdearkiv.

Tuva turisthytte ligg på 1148 moh sør for Tuvatjørne, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 40 senge- og sovesalsplassar (2013). Både sumar og vinter er ho dessutan serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo.

Støl til 1960-åra

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva. Ei av stølsbuene er bygd inn i hovudhuset til turisthytta. På eigedomen er det fleire hus knytta til turisthytta, og litt opp i bakken ligg ei nyare stølsbu og ruinar etter ei steinbu. I området er også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Turisthytte- og stølshusa ligg i den midtre av desse.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.

Turisthytte frå 1878

Margit Olsdotter Flatåker (1852-1883) gifta seg i 1876 med Guttorm Olson Guttormsgard (1834-1929), skreppehandlar frå Uvdal. Året etter kjøpte dei Flatåker med stølar av bror hennar, Ola, som sjølv flytta til Mauredokki (gnr 82, bnr 2). Frå 1878 kunne Margit og Guttorm stille tre sengeplassar til disposisjon for Den Norske Turistforening på Tuva. Kor ofte desse vart brukt veit vi ikkje, for hyttebøkene har brent, men turisttrafikken var antakeleg beskjeden fram til Bergensbanen kom i 1909. DNT-hytta Krækkja lenger vest på vidda, hadde mest ikkje besøk dei fyrste åra etter at ho opna i 1878.

Med auka pågang etter 1909 både frå jegarar og andre turistar på Tuva, vart det marknad for å utvide. I 1915 bygde sonen til Margit og Guttorm, Ola (1877-1948), ut stølen til turisthytte og utvida i 1936 til 30 sengeplassar. Kona Birgit (1875-1958) haldt fram med å støle parallelt med turistverksemda. Også på Flatåker dreiv Ola og Birgit som gjestgjevarar. Garden hadde skysstasjon og også landhandel, postkontor og telefonstasjon.

Ola og Birgit hadde både Mauredokki og Flatåker. Georg (f. 1905), eldste sonen, overtok Flatåker og stølen nordre Tuva i 1946, medan den nest eldste, Olav (f. 1908), overtok Mauredokki og Tuva turisthytte i 1942. Olav og kona Laila (f. 1923) dreiv stølen og turisthytta parallelt i fleire år.

Avstanden frå Flatåker og Mauredokki til Tuva var om lag 15 km. I 1952 vart det bygd bilveg frå bygda og fram til Brennbu, om lag to km aust for Tuva. Vegen vart ført heilt fram til turisthytta og stølen på byrjinga av 1960-talet. Dottera Aileen minnest: ”Med gummihjul ble det for første gang mulig å få med seg eggene til fjells utan at hvitte og plomme ristet sammen underveis. Endelig fikk vi skikkelige speilegg i fjellet også!” På 1960-talet fekk dei dessutan snøskuter, slik at transporten på vinterstid også vart mindre strevsam enn han hadde vore med hest og slede. Aileen Flatåker og mannen Peter Schindewolf overtok turisthytta i 1975, og i 1979 utvida og moderniserte dei.

Utleige av jakt- og fiskerettar

Områda rundt Tuva var attraktive for pengesterke folk med jakt og fiske som fritidssyssel, og mellom 1914 og 1949 var jakt- og fiskerettar som låg til Tuva-eigedomen leigd ut til banksjef Carl Bugge, Hans K. Fleischer og Hans Bergsland.[1] Dette er antakeleg Carl Nikolai Bugge (1875-1946) frå Ringsaker, som var banksjef i Oplandske Kreditbank frå 1923.[2] Den andre leigaren kan ha vore Hans Kirkgaard Fleischer (1878-?) frå Kristiansand, som var direktør for Kahrs og Fleischer i Oslo. Han hadde mellom anna jakt, hundar og sport som interesser.[3] Sistemann kan ha vore Hans Bergsland (1878-?) frå Stabekk, som var med i direksjonane for ulike handels- og fabrikkverksemder. Han mottok Den Norske Turistforening sitt heidersteikn i gull.[4]

Fotnotar

  1. Panteregistre for Flatåker
  2. Hvem er hvem, 1930 og 1948
  3. Hvem er hvem, 1948
  4. Merkantilt biografisk leksikon, 1935

Kjelder og litteratur