Underoffiser: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Utbygging av artikkel)
(Utbygging)
Linje 135: Linje 135:
I pakt med den nye befalsordninga frå 1930 skifta forbundet namn til [[Spesialoffiserenes forbund]].
I pakt med den nye befalsordninga frå 1930 skifta forbundet namn til [[Spesialoffiserenes forbund]].
   
   
== Underoffiserane som kompetanseressurs ==


Frå ca. 1800- fram til 1930 var underoffisersskulane, og deretter i nokon mon dei nye befalsskulane, eit svært godt tilbod om vidareutdanning for gutar. Det galdt særleg for bygdegutar som ikkje såg seg utveg til å søkje seg til høgare allmennskular i byane (middelskule og gymnas). Underoffiserskulane gav gode allmenndannande, tekniske og administrative kvalifikasjonar som var særs brukelege også i sivil samanheng.


Storparten av yrkesbefalet blant underoffiserane (dei fastlønte) var deltidstilsette i distriktsteneste. Det innebar at dei helst måtte søkte seg sivil sysselsetjing ved sida av. I tillegg til yrkesbefalet var det dessutan til kvar tid eit stort tal vernepliktige underoffiserar, dvs. dei som var ferdige med plikttenesta etter underoffisersskulen, og som var sivilt sysselsette på full tid. Såleis representerte det samla underoffiserskorpset ein betydeleg skolert ressursbase som særleg kom bygdesamfunnet til gode.
:[Her kan det hentast stoff m.a. frå Bjørn Christophersens oversyn over underoffiserar i sivile funksjonar, frå Ovenstad og Odlaug m.m. ]





Sideversjonen fra 4. des. 2011 kl. 08:18

Mal:Thumb høyre Underoffiser var fram til 1930 yrkesnemning for militære befalingsmenn under sekondløytnants (fenriks) grad. Underoffiserane var skarpt skilde frå offisersstanden med omsyn til utdanning og moglege karrierevegar, og det var stor ulikskap i den sosiale rekrutteringa til dei to befalsgruppene. Underoffiserane var i stor mon bondesøner, medan offiserane i all hovudsak kom frå sosiale elitesjikt. Underoffiserane sin yrkesfunksjon bestod i å føre militære einingar på lags- og troppsnivå, å vere detaljinstruktørar for rekruttane, og å ta seg av mykje av det administrative og forvaltningsmessige arbeidet i hæren og marinen. Særleg i artilleriet og i marinen var oppgåvene også mykje knytta til dei tekniske sidene ved våpen og fartøy.

Med ei ny befalsordning frå 1930 vart yrkesnemninga underoffiser oppheva i og med innføringa av einskapsbefalet. Det vart da innført gjennomgåande befalsutdanning. Det innebar at alt yrkesbefal i hæren frå og med sersjants grad måtte ha gjennomgått befalsskole. Med eksamen artium kunne ein så gå vidare til Krigsskolen. Det nye var at ein nå kunne få offisersgrad utan å ha gått Krigsskolen. Før kunne det skje berre unntaksvis. Noko tilsvarande skjedde i marinen. Underoffiserane vart «spesialoffiserar» med grader frå fenrik til kaptein, og det vart innført ei felles eller parallell grunnutdanning for alt befal i sjøforsvaret ved Sjømilitære korps (Befalsskolen for Sjøforsvaret) i Horten.

Det samla talet på underoffiserar i hæren utgjorde ca. 1400 mann i 1814, ca. 2000 i 1914, og ved avviklinga i 1930 om lag 2700 mann. I marinen var det om lag 300 underoffiserar i 1927.[1]


Terminologi og grader

Nemninga underoffiser brukt om befal under løytnants grad, ser ut til å ha festa seg i kongelege forordningar osv. på slutten av 1600-talet.[2] Tidlegare finn ein nemninga brukt både om subalterne offiserar (under majors grad) og stundom om alt befal som stod under regimentssjefen (obersten).

Hæren

Mal:Thumb høyre Underoffisersgradane var ved avviklingstidspunktet (1930):

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
Fanejunker I artilleriet stykkjunker, i kavaleriet standartjunker Oppretta som æresgrad 1824, frå 1893 alminneleg avansementsgrad.
Kommandérsersjant Innført ca. 1750 for gevorbne avdelingar, 1855 for nasjonale. Fram til 1747 var Capitaine des Armes nokonlunde tilsvarande. I kavaleriet før 1854: Vaktmeister.
Furér I kavaleriet før 1854: Kvartermeister.
Sersjant
Korporal I artilleriet før 1911: Overkonstabel. I kavaleriet før 1887: Overjeger. Korporal/overkonstabel/overjeger vart ikkje rekna til underoffiserskorpset etter 1854, berre som menig med underoffisers oppgåver


Marinen

Mal:Thumb høyre Dei sjømilitære styrkane var før 1814 i all hovudsak integrerte i den dansk-norske fellesflåten med tilhøyrande landinstallasjonar. Viktigaste tilhøyrande etablissementet i Noreg var Fredriksvern verft (Stavern) frå 1750.

I 1817 vart det oppretta to korps for det nye norske sjøforsvaret. Det sjømilitære korps omfatta dei stridande underoffiserar og menige, og Verftskorpset var for handverksunderoffiserar og menige handverkarar. Alt dette var verva mannskap. Sjømilitære korps var oppsett med ei ramme på ca. 250 mann, Verftskorpset ca. 320. Det var ca. 20 underoffiserar i kvart av korpsa. Same året vart krigsskulen for sjøoffiserar oppretta, Det kgl. Norske Søcadetinstitutt. Både dei to korpsa og sjøkadettinstituttet låg ved Fredriksvern, og vart flytta til Karljohansvern (Horten) frå 1850. Verftskorpset heitte frå 1857 Handverkskorpset, og heile etaten gjennomgjekk mange organisatoriske endringar frå 1817 til innføringa av einskapsbefalet. Sjømilitære korps og handverkskorpset vart slegne saman under det fyrste namnet frå 1933. På same tid (frå 1934) vart Kystartilleriet overført frå hæren til sjøforsvaret.

Underoffisersgradene i marinen, både dei «sjømilitære» og «handverkarane», skulle dekkje ei lang rad stillingar og funksjonar, og vart såleis grupperte i fem nummererte grader, som dei ulike funksjonane/stillingsnemningane på ulike avansementstrinn vart fordelte på. Om lag 1920 var systemet slik:

Sjømilitære korps:

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
1. grad Korpssersjant, stabssersjant, artilleriassistent, takkelassistent m.m. NB! Desse vart løytnantar frå 1916.
2. grad Overkanonér, høgbåtsmann, kompanisersjant, overfurér
3. grad Kanonér, båtsmann, furér
4. grad Underkanonér, båtsmannmath
5. grad Kanonskyttar med over tre års teneste og menig som utførte underoffisersteneste

Handverkskorpset:

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
1. grad Mineassistent, skipsbyggingsassistent m.m. NB! Desse vart løytnantar frå 1916.
2. grad Overminør, overmaskinist, våpenhandverkar av 1. klasse, skipsbyggingshandverkar av 1. klasse, overfyrverkar, overmekanikar.
3. grad Minør, maskinist, våpenhandverkar av 2. klasse, skipsbyggingshandverkar av 2. klasse, mekanikar av 1. klasse, fyrverkar.
4. grad Underminør, undermaskinist, våpenhandverkar av 3. klasse, skipsbyggingshandverkar av 3. klasse, mekanikar av 2. klasse.
5. grad Undermekanikar, menig som utførte underoffisersteneste

Underoffisersskolar

Hæren

Mal:Thumb høyreMal:Thumb høyrePå 1600- og det meste av 1700-talet vart underoffiserane tekne ut blant dei menige og gjevne individuell vidareopplæring i avdelingane. I 1786 kom den fyrste underoffisersskolen («skriverskole»), nemleg for verva artilleristar, med tilhald på Akershus festning. I 1791 fekk eliteavdelinga Det norske gevorbne jegerkorps sin skole på Kongsvinger. I 1804 vart det oppretta skrivarskolar for infanteriet i Halden (Fredrikshald), Fredrikstad, Christiania, Fredriksvern (Stavern), Kristiansand, Bergen og Trondheim. Kavaleriet fekk sin «ekserser- og rideskole» på Akershus tre år seinare. Frå da av kan ein seie at systemet med underoffiserskolar var etablert for heile hæren.

Etter at hærordninga av 1887 innførde ei rekkje spesialvåpen, vart det oppretta tilsvarande nye underoffisersskolar for desse:

Ingeniørvåpenets underoffisersskole vart skipa i 1886 (Kristiania) og festnings-/kystartilleriet fekk sin på Oscarsborg i 1888. Sanitets-, intendantur- og trenunderoffiserar fekk spesialutdanning ved tilleggskurs for folk frå ein av hærens underoffisersskolar.

Hærens flyvåpen, oppretta 1912, utdanna sine underoffiserar ved ein eittårig flygeskole og i ein toårig mekanikarskole. Den siste var basert på føregåande sivil teknikarutdanning.

Marinen

Oppgåver og stillingar som underoffiserar skulle fylle i marinen har kravd skolering og opplæring innan eit vidt spektrum av tekniske og handverksmessige spesialfag. Slik fagutdanning har nødvendigvis foregått i Noreg alt frå Fredriksvern verft vart etablert i 1750. Den nåverande Befalsskolen for Sjøforsvaret kan via Sjømilitære korps på sett og vis føre historia si attende til den tid.

Frå 1817 vart det etablert skolar innan kvart av dei to korpsa (det sjømilitære og verfts-/handverkskorpset). Dei var berekna for både menige handverkarar og dei som skulle bli underoffiserar.

Fram til 1846 var det ved arbeidskompaniet under Verftskorpset ein «drengeskole» som gav elementærundervisning til gutar frå åtteårsalderen. Som konfirmerte 15-åringar var det da meininga at desse skulle bli handverkslærlingar. Drengeskolen skulle også danne rekrutteringsmark for det sjømilitære.

Etter at drengeskolen vart avvikla, vart rekrutteringa til det sjømilitære korpset basert på halvbefarne matrosar (minst 12 månaders utanriks sjøfart) og dertil gutar i 16-18-årsalderen som ikkje hadde vore til sjøs. Å bli underoffiser tok vanlegvis seks år i veksling mellom teori og praksisperiodar til sjøs og i land. Etter 1896 vart underoffisersutdanninga konsentrert om heilbefarne sjøfolk (minst 30 månader i utanriksfart). For desse tok utdanninga vanlegvis fire år.

Handverksunderoffiserar vart opplærde ved vekselsvis kurs (allmennfag) og praksis ved verkstadene. I 1854 vart det starta ein eigen handverksskole med ei høgare avdeling for dei som skulle bli underoffiserar, og ei lågare for dei som skulle bli handverkslærlingar

For å oppnå høgare underoffisersgrader vart det frå 1887 for dei sjømilitære og 1891 for handverkarane oppretta obligatoriske vidaregåande underoffisersskolar.

For kystartilleriet sjå under hæren ovanfor.

Marinens flyvåpen, oppretta 1912, utdanna mekanikarar ved lærlingordningar for folk med 18 månaders verkstadteneste bak seg. Dei vart underoffiserar etter fire år.[3]

Fagorganisering

Hæren

Mal:Thumb høyreUnderoffiserane var pionerar i fagleg organisering her til lands. Christiania Underofficersforening vart skipa 24. oktober 1847. Bergen kom etter 1. desember same året, og Trondhjem Underofficersforening tok til 4. januar 1850. Kjernen i desse var dei garnisonerande (fastlønte og heiltidstilsette) underoffiserane. Underoffiserane i distriktsteneste (deltids tilsette ved avdelingane utover i landet) byrja organisere seg i lokale foreiningar frå 1870-talet av, med auka takt i 1890-åra. Frå 1878 kom Underofficersbladet ut.

Fram til 1880-åra var tilsetjing og oppseiing av underoffiserar tillagt dei einskilde militære sjefane fyrst på regimentsnivå, seinare (frå 1815) på bataljonsnivå. Det vart ei viktig sak for underoffisersforeiningane å oppnå betre vern som tilsette. Foreiningane tok initiativ til eit lovforslag, som etter fleire utsetjingar og kongeleg sanksjonsnekt vart vedteke i modifisert form av Stortinget med verknad frå 1. januar 1886. «Underoffiserslova» gjekk mellom anna ut på at underoffiserane etter tre års prøvetid skulle få fast tilsetjing med rett til å stå i teneste til 52 års alder for sersjantar og 60 år for høgare grader. Det var den gongen eineståande for offentleg tilsette under embetsnivået.

Landssamskipnaden Den norske Landsunderofficersforening vart stifta den 7. februar 1896. Det er direkte kontinuitet frå denne samskipnaden til dagens LO-tilslutta Norges Offisersforbund.

Marinen

Også marinens underoffiserar organiserte seg tidleg. Marinens underoffisersforening vart stifta 1. desember 1880. Etter kvart vart det danna eigne foreiningar for dei ulike bransjane innan etaten. Mot slutten av 1. verdskrigen tok tre av desse samskipnadene, Marinens underoffisersforening, Marinens mineunderoffiserers forening (skipa i 1907)[4] og Marinens maskinistforening initiativ til danning av ein samorganisasjon. Det resulterte i danninga av Marineoffiserenes forbund 25. juni 1918. Følgjande foreiningar slutta seg til: Marinens underoffisersforening, Mineunderoffiserenes forening, Sjømilitære korps' underoffisersforening, Våpenhåndverkernes forening, Skisbygningshåndverkernes forening, Flymekanikernes forening, Intendanturens underoffisersforening, Fyrverkernes forening, Sanitetsunderoffiserenes forening. Maskinistforeningen slutta seg til frå 1. januar 1920, og det nye forbundet hadde da 514 medlemmer.[5]

I pakt med den nye befalsordninga frå 1930 skifta forbundet namn til Spesialoffiserenes forbund.

Underoffiserane som kompetanseressurs

Frå ca. 1800- fram til 1930 var underoffisersskulane, og deretter i nokon mon dei nye befalsskulane, eit svært godt tilbod om vidareutdanning for gutar. Det galdt særleg for bygdegutar som ikkje såg seg utveg til å søkje seg til høgare allmennskular i byane (middelskule og gymnas). Underoffiserskulane gav gode allmenndannande, tekniske og administrative kvalifikasjonar som var særs brukelege også i sivil samanheng.

Storparten av yrkesbefalet blant underoffiserane (dei fastlønte) var deltidstilsette i distriktsteneste. Det innebar at dei helst måtte søkte seg sivil sysselsetjing ved sida av. I tillegg til yrkesbefalet var det dessutan til kvar tid eit stort tal vernepliktige underoffiserar, dvs. dei som var ferdige med plikttenesta etter underoffisersskulen, og som var sivilt sysselsette på full tid. Såleis representerte det samla underoffiserskorpset ein betydeleg skolert ressursbase som særleg kom bygdesamfunnet til gode.

[Her kan det hentast stoff m.a. frå Bjørn Christophersens oversyn over underoffiserar i sivile funksjonar, frå Ovenstad og Odlaug m.m. ]


Referansar

  1. Alle tala henta frå Christophersen, B. 1978.
  2. Odlaug 1928:154-156.
  3. Framstillinga av marinens utdanningssystem er all hovudsak basert på Christophersen, B. 1978.
  4. Norsk militærhistorisk bibliografi innførsel nr. 4008 og 4009.
  5. Marinens Underofficersforening 1. desember 1880-24. juni 1918...


Kjelder og litteratur

  • Christophersen, Bjørn: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo 1978.
  • Engstad, Paul: Norges offisersforbund 100 år. 1896-1996, Oslo 1996.
  • Hosar, Hans P.: «Einskap i folket, einskap med folket? 'Det militaire Element' i norsk nasjons- og samfunnsbygging etter 1814», i Arstad, Knut Peter Lyche (red.) Militære perspektiver på unionen mellom Norge og Sverige 1814-1905. Forsvarsmuseets skrifter nr. 5, Oslo 2007.
  • Marinens Underofficersforening 1. desember 1880-24. juni 1918. Marineunderofficerenes Forbund 25. juni 1918-6. januar 1930. Utg. av Spesialofficerenes Forbund.
  • Norsk militærhistorisk bibliografi. (Red. A.O.Johnsen, G. Christie Wasberg). Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag, Oslo 1969.
  • Odlaug, fanejunker: «Underofficerene», i Norsk militært tidsskrift 1928.
  • Ovenstad, Olai: «Underofficerstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift , bd. 93, Oslo 1930.
  • Todal, Anders: Underoffisersskulen i Trondheim 1804-1930. Trondheim 1949.