Underoffiser

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jan. 2010 kl. 08:25 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Kjeldeliste og lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Underoffiser var i Noreg yrkesnemning for militære befalingsmenn under fenriks grad. Dei var skarpt skilde frå offisersstanden med omsyn til utdanning og moglege karrierevegar, og det var stor skilnad i den sosiale rekrutteringa til dei to befalsgruppene. Underoffiserane sin yrkesfunksjon bestod i å føre militære einingar på lags- og troppsnivå, å vere detaljinstruktørar for rekruttane, og å ta seg av mykje av det administrative og forvaltningsmessige arbeidet i Hæren.

Med ei ny befalsordning frå 1930 vart yrkesnemninga underoffiser oppheva i og med innføringa av einskapsbefalet. Det vart da innført gjennomgåande befalsutdanning. Det innebar at alt yrkesbefal frå og med sersjants grad måtte ha gjennomgått befalsskole. Med eksamen artium kunne ein så gå vidare til Krigsskolen. Det nye var at ein nå kunne få offisersgrad utan å ha gått Krigsskolen. Før kunne det skje berre unntaksvis.

Underoffisersgradane var ved avviklingstidspunktet frå nedst til øvst (Hæren):

1) Korporal
2) Sersjant
3) Furer
4) Kommandersersjant
5) Fanejunker (i artilleriet stykkjunker, i kavaleriet standartjunker)

Gradsnemningane har variert noko over tid og våpenartane imellom.

På 1600- og det meste av 1700-talet vart underoffiserane tekne ut av dei meniges rekker og gjevne individuell vidareopplæring i avdelingane. I 1786 kom den fyrste underoffisersskolen («skriverskole»), nemleg for verva artilleristar, med tilhald på Akershus festning. I 1791 fekk eliteavdelinga Det norske gevorbne jegerkorps sin skole på Kongsvinger. I 1804 vart det oppretta skrivarskolar for infanteriet i Halden (Fredrikshald), Fredrikstad, Christiania, Fredriksvern (Stavern), Kristiansand, Bergen og Trondheim. Kavaleriet fekk sin «ekserser- og rideskole» på Akershus tre år seinare. Frå da av kan ein seie at systemet med underoffiserskolar var etablert for heile Hæren.

Underoffiserane var ei yrkesgruppe som kan reknast som pionerar i fagleg organisering her til lands. Christiania Underofficersforening vart skipa 24. oktober 1847. Bergen kom etter 1. desember same året, og Trondhjem Underofficersforening tok til 4. januar 1850. Landssamskipnaden Den norske Landsunderofficersforening vart skipa den 7. februar 1896. Det er direkte kontinuitet frå denne samskipnaden til dagens LO-tilslutta Norges Offisersforbund.

Fram til 1880-åra var tilsetjing og oppseiing av underoffiserar tillagt dei einskilde militære sjefane på bataljonsnivå. Det vart ei viktig sak for underoffisersforeiningane å oppnå betre vern som tilsette. Foreiningane tok initiativ til eit lovforslag, som etter fleire utsetjingar og kongeleg sanksjonsnekt i modifisert form vart vedteke av Stortinget med verknad frå 1. januar 1886. «Underoffiserslova» gjekk mellom anna ut på at underoffiserane etter tre års prøvetid skulle få fast tilsetjing med rett til å stå i teneste til 52 års alder for sersjantar og 60 år for høgare grader. Det var den gongen eineståande for offentleg tilsette under embetsnivået.


Kjelder og litteratur

  • Engstad, Paul: Norges offisersforbund 100 år. 1896-1996, Oslo 1996.
  • Ovenstad, Olai: "Underofficerstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene", i Norsk militært tidsskrift , bd. 93, Oslo 1930.
  • Todal, Anders: Underoffisersskulen i Trondheim 1804-1930. Trondheim 1949.