Underoffiser

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. nov. 2011 kl. 17:30 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Underoffiser var fram til 1930 yrkesnemning for militære befalingsmenn under sekondløytnants (fenriks) grad. Underoffiserane var skarpt skilde frå offisersstanden med omsyn til utdanning og moglege karrierevegar, og det var stor ulikskap i den sosiale rekrutteringa til dei to befalsgruppene. Underoffiserane var i stor mon bondesøner, medan offiserane i all hovudsak kom frå sosiale elitesjikt. Underoffiserane sin yrkesfunksjon bestod i å føre militære einingar på lags- og troppsnivå, å vere detaljinstruktørar for rekruttane, og å ta seg av mykje av det administrative og forvaltningsmessige arbeidet i hæren og marinen.

Med ei ny befalsordning frå 1930 vart yrkesnemninga underoffiser oppheva i og med innføringa av einskapsbefalet. Det vart da innført gjennomgåande befalsutdanning. Det innebar at alt yrkesbefal frå og med sersjants grad måtte ha gjennomgått befalsskole. Med eksamen artium kunne ein så gå vidare til Krigsskolen. Det nye var at ein nå kunne få offisersgrad utan å ha gått Krigsskolen. Før kunne det skje berre unntaksvis.


Grader

Hæren

Mal:Thumb høyre Underoffisersgradane var ved avviklingstidspunktet (1930):

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
Fanejunker I artilleriet stykkjunker, i kavaleriet standartjunker
Kommandérsersjant Før 1747: Capitaine des Armes. I kavaleriet før 1854: Vaktmeister.
Furér I kavaleriet før 1854: Kvartermeister.
Sersjant
Korporal I artilleriet før 1911: Overkonstabel. I kavaleriet før 1887: Overjeger. Korporal/overkonstabel/overjeger vart ikkje rekna til underoffiserskorpset etter 1854, berre som menig med underoffisers oppgåver


Marinen

Mal:Thumb høyre

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
1. grad Korpssersjant, stabssersjant, artilleriassistent, takkelassistent m.m. NB! Desse vart løytnantar frå 1916.
2. grad Overkanonér, høgbåtsmann, kompanisersjant, overfurér
3. grad Kanonér, båtsmann, furér
4. grad Underkanonér, båtsmannmath
5. grad Kanonskyttar med over tre års teneste og menig som utførte underoffisers teneste

Underoffisersskolar

Hæren

På 1600- og det meste av 1700-talet vart underoffiserane tekne ut blant dei menige og gjevne individuell vidareopplæring i avdelingane. I 1786 kom den fyrste underoffisersskolen («skriverskole»), nemleg for verva artilleristar, med tilhald på Akershus festning. I 1791 fekk eliteavdelinga Det norske gevorbne jegerkorps sin skole på Kongsvinger. I 1804 vart det oppretta skrivarskolar for infanteriet i Halden (Fredrikshald), Fredrikstad, Christiania, Fredriksvern (Stavern), Kristiansand, Bergen og Trondheim. Kavaleriet fekk sin «ekserser- og rideskole» på Akershus tre år seinare. Frå da av kan ein seie at systemet med underoffiserskolar var etablert for heile Hæren.

Marinen

...


Organisasjonar

Hæren

Underoffiserane var pionerar i fagleg organisering her til lands. Christiania Underofficersforening vart skipa 24. oktober 1847. Bergen kom etter 1. desember same året, og Trondhjem Underofficersforening tok til 4. januar 1850. Landssamskipnaden Den norske Landsunderofficersforening vart skipa den 7. februar 1896. Det er direkte kontinuitet frå denne samskipnaden til dagens LO-tilslutta Norges Offisersforbund.

Fram til 1880-åra var tilsetjing og oppseiing av underoffiserar tillagt dei einskilde militære sjefane på bataljonsnivå. Det vart ei viktig sak for underoffisersforeiningane å oppnå betre vern som tilsette. Foreiningane tok initiativ til eit lovforslag, som etter fleire utsetjingar og kongeleg sanksjonsnekt vart vedteke i modifisert form av Stortinget med verknad frå 1. januar 1886. «Underoffiserslova» gjekk mellom anna ut på at underoffiserane etter tre års prøvetid skulle få fast tilsetjing med rett til å stå i teneste til 52 års alder for sersjantar og 60 år for høgare grader. Det var den gongen eineståande for offentleg tilsette under embetsnivået.


Marinen

...

Kjelder og litteratur

  • Christophersen, Bjørn: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo 1978.
  • Engstad, Paul: Norges offisersforbund 100 år. 1896-1996, Oslo 1996.
  • Hosar, Hans P.: «Einskap i folket, einskap med folket? 'Det militaire Element' i norsk nasjons- og samfunnsbygging etter 1814», i Arstad, Knut Peter Lyche (red.) Militære perspektiver på unionen mellom Norge og Sverige 1814-1905. Forsvarsmuseets skrifter nr. 5, Oslo 2007.
  • Ovenstad, Olai: «Underofficerstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift , bd. 93, Oslo 1930.
  • Todal, Anders: Underoffisersskulen i Trondheim 1804-1930. Trondheim 1949.