Ustaoset: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Topografi, navn, tidlig bosetting)
(→‎Kjelder: lenket forfatterne)
Linje 18: Linje 18:
== Kjelder ==
== Kjelder ==


* Reinton, Lars og Sigurd: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
* [[Lars Reinton|Reinton, Lars]] og Sigurd: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
* Solhjell, Kåre Olav: ''Hol i hundre år''. Utg. Hol kommune, 2000. B.1.  
* [[Kåre Olav Solhjell|Solhjell, Kåre Olav]]: ''Hol i hundre år''. Utg. Hol kommune, 2000. B.1.  


[[Kategori:Hol kommune]]
[[Kategori:Hol kommune]]

Sideversjonen fra 9. mai 2012 kl. 19:19

Mal:Thumb høyreUstaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell og dei fyrste hyttene vart bygde.

Topografi

Ustaoset er naturleg avgrensa mellom Hallingskarvet i nord og Nordre Nordmannsslepa i sør, og mellom elvene Eima i aust og Karistølbekken i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller Ustevatnet nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i Sløtvatnet ved Haugastøl.

Namnet

Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller Ustaelva renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg [1] heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".

Den fyrste busetjinga

Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet[2]. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Meinsethovda.

Fotnoter

Kjelder