Ustaoset: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Stølsdrift: 16-1700)
Linje 16: Linje 16:


== Stølsdrift ==
== Stølsdrift ==
Dei viktigaste stølane i Hol, nokre av dei på Ustaoset, er nemnde i skriftlege kjelder frå 1600-talet. På denne tid var folketalet i Hol aukande, og i løpet av 1700-talet dobla det seg. Gamle gardar vart delte og nye rudd, og det vart trongt om plassen både i gamle og nye grender. Fjellet, heilt opp til Usta, vart ekspansjonsområde ikkje berre for dei næraste bygdene, men også for gardar så langt aust som i Holet. Kring langstølane var det gode fiskevatn, beiteområde og jaktmarker. I motsetnad til i heimestølområda, var det lite faste grenser i fjellet, men på 1700-talet byrja utskiftinga også her.
1600-talet var folketalet i Hol aukande, og i løpet av 1700-talet dobla det seg. Gamle gardar vart delte og nye rudd, og det vart trongt om plassen både i gamle og nye grender. Fjellet, heilt opp til Usta, vart ekspansjonsområde ikkje berre for dei næraste bygdene, men også for gardar så langt aust som i Holet. Kring langstølane var det gode fiskevatn, beiteområde og jaktmarker. I motsetnad til i heimestølområda, var det lite faste grenser i fjellet, men på 1700-talet byrja utskiftinga også her.  


Tabellen nedanfor syner langstølar registrert på Ustaoset i 1934. <ref>[http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=93;tabid=1383&lang=NNO Seternamnarkivet], Universitetet i Oslo, 1934</ref>. Oversynet er ikkje komplett.  
Tabellen nedanfor syner langstølar registrert på Ustaoset i 1934. <ref>[http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=93;tabid=1383&lang=NNO Seternamnarkivet], Universitetet i Oslo, 1934</ref>. Oversynet er ikkje komplett.  

Sideversjonen fra 26. mai 2012 kl. 22:20

Mal:Thumb høyreUstaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell og dei fyrste hyttene vart bygde.

Topografi

Mal:Thumb høyre Ustaoset er naturleg avgrensa mellom Hallingskarvet i nord og Nordre Nordmannsslepa i sør, og mellom elvene Eima i aust og Karistølbekken i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller Ustevatnet nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i Sløtvatnet ved Haugastøl.

Namnet

Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller Ustaelva renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg [1] heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".

Den fyrste busetjinga

Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet[2]. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Meinsethovda.

Stølsdrift

På 1600-talet var folketalet i Hol aukande, og i løpet av 1700-talet dobla det seg. Gamle gardar vart delte og nye rudd, og det vart trongt om plassen både i gamle og nye grender. Fjellet, heilt opp til Usta, vart ekspansjonsområde ikkje berre for dei næraste bygdene, men også for gardar så langt aust som i Holet. Kring langstølane var det gode fiskevatn, beiteområde og jaktmarker. I motsetnad til i heimestølområda, var det lite faste grenser i fjellet, men på 1700-talet byrja utskiftinga også her.

Tabellen nedanfor syner langstølar registrert på Ustaoset i 1934. [3]. Oversynet er ikkje komplett.

Stølsnamn Alternative namn Gardsnummer Bruksnummer Høgd over havet Status i 1934
Eirikstølen Gnr 64 Geilo Bnr 8 Geilo, øvre 970 moh Nedlagt. Selt til byfolk.
Embrikkstølen Gnr 65 Sølesjord Bnr 1 Rannegard 1115 moh I bruk
Geilolie Gnr 52 Kaupang Bnr 1 og 3 Vindegg 1000 moh Nedlagt kring 1905
Guristølen Kjersundlie Gnr 44 Trøgaton Bnr 6 Trøgaton, nordre 1032 moh I bruk
Hornebustølen Hodnbu, Hødnbustøladn Gnr 68 Verpe Bnr 1 Verpe 996 moh Ikkje i bruk. No berre slått. 3 stølar.
Hovdestølen Gnr 5 Slettemoen Bnr 2 Slettemoen, søre II 1043 moh I bruk
Huskerud Gnr 5 Slettemoen Bnr 2 Slettemoen, søre II 1050 moh Nedlagt kring 1895
Kulthaug Kuldhaug Gnr 5 Slettemoen Bnr 1 Slettemoen, søre 1012 moh Nedlagt 1929
Lakaset Gnr 68 Verpe Bnr 1 Verpe 1150 moh Nedlagt lenge før manns minne
Lauvviki Gnr 6 Slettemoen Bnr 1 Slettemoen, nordre 982 moh I bruk
Lii Lie Gnr 64 Geilo Bnr 3 Slåtta, nedre 907 moh I bruk
Lorthøl Gnr 52 Kaupang Bnr 1 og 3 Vindegg 1093 moh Nedlagt kring 1905
Mestølen Gjerdudn Gnr 44 Trøgaton Bnr 1 Trøgaton, søre 1013 moh I bruk. Frå gamalt 2 stølar med kvar sine hus.
Nyhall Gnr 72 Tufto Bnr 3 Tufto, nordre 1119 moh Nedlagt
Nystølen Gnr 52 Kaupang Bnr 1 og 3 Vindegg 1093 moh I bruk
Osestølen Gnr 52 Kaupang Bnr 1 og 3 Vindegg 1020 moh I bruk
Plassen Gnr 44 Trøgaton Bnr 1 Trøgaton, søre 1012 moh Nedlagt kring 1910
Prestholtstølane Gnr 19 Nerol Bnr 15 Rudningen 1242 moh I bruk
Prestholtstølane Gnr 60 Pukerud Bnr 1 og 2 Pukerud, søre 1242 moh I bruk
Prestholtstølane Gnr 61 Isungset Bnr 1 Isungset 1242 moh I bruk
Prestholtstølane Gnr 66 Uthus Bnr 1 Uthus, øvre 1242 moh I bruk
Raggen, søre Gnr 72 Tufto Bnr 2 Tufto millom 1220 moh Ikkje brukt dei siste åra
Rennedalen Sekshusstølane Gnr 47 Givsjord Bnr 1 Givsjord, nordre 980 moh I bruk. Var i gamal tid 3 stølar, til gardane Sekshus, Løyte og Slåtto.
Rennedalen, gamle Gnr 47 Givsjord Bnr 1 Givsjord 980 moh Nedlagt
Ruken Gnr 64 Geilo Bnr 12 Geilo, nedre 1150 moh I bruk
Ruken, nordre Gnr 71 Sekshus Bnr 1 Sekshus 1150 moh I bruk
Sisseldalen Gnr 5 Slettemoen Bnr 1 Slettemoen, søre II 1010 moh I bruk. Rudt 1929
Skarvesølsviern Gnr 47 Givsjord Bnr 3 Givsjord, nordre 1088 moh Nedlagt. Ikkje brukt i manns minne
Smettbak Gnr 64 Geilo Bnr 1 Slåtto, øvre 1012 moh I bruk
Såbalstølan Gnr 64 Geilo Bnr 3 Slåtto, nedre 950 moh I bruk
Såbalstølan Gnr 66 Uthus Bnr 7 Fossgard, nordre 950 moh I bruk
Såbalstølan Gnr 67 Hallsteinsgard Bnr 1 og 2 Hallsteinsgard 950 moh Nedlagt 1920
Tuva, nordre Gnr 82 Flatåker Bnr 1 Flatåker 1184 moh I bruk
Uppåberget Gnr 72 Tufto Bnr 3 Tufto, nordre 1198 moh Nedlagt. 3 vollar
Urenstølane Gnr 47 Givsjord Bnr 1 Givsjord 1169 moh I bruk
Urenstølane Gnr 48 Tufto Bnr 1 Tufto 1169 moh I bruk
Ustebergstølen Tuftestølen Gnr 72 Tufto Bnr 3 Tufto, nordre 1000 moh I bruk. Ny bu og nytt fjøs. I eldre tid skifta dei på å bruke Ustebergstølen, Vikastølen, Nyhall, Uppåberget.
Verpestølen, nordre Gnr 68 Verpe Bnr 1 Verpe 996 moh I bruk
Verpestølen, søre Gnr 68 Verpe Bnr 1 Verpe 996 moh I bruk
Veslestølen Gnr 67 Hallsteinsgard Bnr 1 og 2 Hallsteinsgard 935 moh I bruk
Vikastølen Gnr 72 Tufto Bnr 3 Tufto, nordre 1000 moh Nedlagt
Øynadn Gnr 72 Tufto Bnr 2 Tufto, millom 1200 moh Nedlagt
Åkerstølan, nedre Gnr 55 Foss Bnr 7 Fosshagen, nordre 1091-1120 moh I bruk
Åkerstølan, øvre Gnr 55 Foss Bnr 8 Fosshagen 1091-1120 moh I bruk
Årsetstøl Gnr 55 Foss Bnr 1 Årset, nordre 1032 moh I bruk

Fotnoter

Kjelder