Vinstra (tettstad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. feb. 2016 kl. 22:27 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Vinstra er ein tettstad og administrasjonssenter i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. I 2013 vedtok kommunestyret bystatus for Vinstra.

Vinstra har blitt ein handels- og servicestad for den midtre delen av Gudbrandsdalen. Det er også ein del industri der, mellom anna betong- og sementfabrikk, treindustri og mølle.

Sagnfiguren Per Gynt er sterkt knytt til Vinstra. Det er eit årleg Peer Gynt-stemne der, og på Sødorp gamle kyrkjegard står ein minnestein over Peder Olsen Hågå, som av ein del blir sett som den verkelege Per Gynt. På garden hans, Hågå eller Peer Gyntgården, står det femten gamle hus.

Kjelder

Koordinater: 61.59497° N 9.75131° Ø