John Moses. Etter miniatyr. John Moses (fødd i Kristiansund 16. april 1781, død i London 29. januar 1849) var kjøpmann, skipsreiar og eidsvollsmann. På byrjinga av 1800-talet var han den leiande forretningsmannen i det velståande handelsborgarskapet i Kristiansund. Han deltok med iver i det sosiale og kulturelle livet i byen, og finansierte mellom anna operaframføringar. Seinare gjekk han konkurs, vart skild frå kona, flytta til England og byrja ein ny karriere som forretningsmann der. På Eidsvoll tilhøyrde Moses den sikraste kjernen av Unionspartiet. Han var elles blant dei som i tydelegast ordelag heilt frå byrjinga gjekk inn for avgrensing av kongemakta til føremon for den folkevalde forsamlinga. Familienamnet, familievåpenet og eit par bibelske førenamn som har vore nytta i slekta, har ført til gissingar om at John Moses hadde jødiske anar. Dei faktiske forhold kan ikkje seiast å vere bringa heilt på det reine, men den relevans spekulasjonane kan ha hatt i ulike samanhengar, er av interesse i seg sjølv. Les mer …
E.S.Høyum. Kunstnar ukjent. Enevold Steenblock Høyum (fødd i Heddal eller Sauherad 15. mai 1775, død i Holla i nåverande Nome kommune 24. januar 1830), var offiser, gardbrukar og eidsvollsmann. Henrik Wergeland skriv følgjande om han at han var «Falsensk i Forsamlingen, men udenfor i Samtaler med Modpartiet mindre krigersk. Man fik saaledes af ham at vide, at de militære havde værre end de andre Repræsentanter ved at være oprigtige i det Punkt» Les mer …
|