Samisk byggjeskikk

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Samisk byggeskikk»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bogestongsramme i sørsamisk kåte. Bogestongskonstruksjonen er tradisjonelt ein reint samisk byggjemåte.
Foto: Olve Utne

Til samisk byggjeskikk reknar vi konvensjonelt først og fremst med byggstrukturar i samband med reindrift, jakt og innlandsfiske, men byggstrukturar i samband med samisk jordbruk og kystfiske utgjer òg ein del av samisk byggeskikk. Karakteristiske bygningstypar inkluderer lavvo, kåte/gamme og njalla. Typiske konstruksjonsteknikkar er kløftstongsramme, bogestongsramme, lafting og stavverk — ofte i kombinasjon.


Kløftstongsramme

Kløftstongsramma består normalt av tre strangar med greinkløft øvst. Desse tre strangane blir lena på skrå mot kvarandre slik at greinkløftene låser kvarandre. Tildels blir kløftstongkonstruksjonen bruka aleine som stativ for oppheng — for eksempel for mat. I lavvoen brukar ein tradisjonelt dei tre kløftstengene som grunnkonstruksjon, og så blir lettare strangar utan kløft oppsette med den tjukkare nederenden langsetter yttervegsssirkelen og den tynnare øverenden lena mot kløftkrysset i toppen. Teltduken blir så lagt på, med hovudopninga (sørsamisk okse) mot sør (evt. ei anna retning om det passar betre med le for vinden) og den mindre lufteopninga ved matavdelinga (sørsam. båassjoe) på motsett side av eldstaden (sørsamisk aernie). På faste buplassar er gjerne eldstaden og matavdelinga permanent steinsett (og somme gonger ein steinring kring ytterveggen òg), og en sett berre opp kløftstengene, strangane og teltduken frå gong til gong. I tradisjonelle raidar har teltduken gjerne vore frakta i éin pulk; og kløftstengene og strangane har vore festa i den attaste, spesiallaga pulken. Kløftstongskonstruksjonen finst ikkje berre blant samar, men har faktisk vore utbreidd over store deler av det nordligaste Eurasia – frå Nord-Skandinavia til Aust-Sibir.

Tverrstongsramme

Den enklaste tverrstongskonstruksjonen er ei tverrstong mellom to loddrette stenger med hol. Den konstruksjonen blir kalla ein båkkås (lulesamisk). Ein meir utbygd versjon med to tverrtre mellom to trestammar, og med ei plattform på det nedre treet og eit tak på det øvre, blir kalla ein buogge.


Bogestongsramme

Rammeverket av ei sørsamisk kåte med bogestongsramme.
Foto: Olve Utne


Stavverk

Stavgammen er ein gamme i stavverk med valmtak, og ofte med steinlagt golv og panelte vegger.


Lafting

Skjelterskjåg på Husmannsplassen Kjelvik — ein samisk husmannsplass/gardsbruk som no er ein del av Salten Museum.
Foto: Olve Utne

Lafting er tradisjonelt bruka i lagerbygningar — både stolpehus (njalla) og stabbur (ájtte, buvrie). I tillegg utgjer ein låg laftekasse fundamentet i skogssamiske tømmerkåter så vel som i skjelterhus, inkludert skjelterskjå og skjelternaust.