Vidkunn

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vidkun»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vidkunn, med varianten Vidkun, er eit mannsnamn av norrønt oppghav. Viðkunnr kjem frå adjektivet viðkunnr, med tydinga 'kjend vidt omkring/vidkjend'.

Det var på 1100-talet i bruk i arnungeætta på Bjarkøy. Vidkuns gate i Harstad har namn etter Vidkun Erlingsson Bjarkøy frå denne ætta.

Etter reformasjonen var namnet ikkje i bruk. I folketeljingane frå 1801 og 1865 finn vi ingen med namnet. Først i 1868 finn vi det att, då i Levanger der Eivind Vidkun Selmer fekk det som mellomnamn.[1] Det vart nytta noko i Nordland og Troms fram til 1930-åra, og ellers i landet berre ved sjeldne høve. I folketeljinga frå 1910 finner vi femten menn med namnet Vidkunn eller Vidkun.

Eit døme frå ein annan del av landet – og ein av dei som står i 1910-teljinga, til og med to gonger – er Vidkun Quisling, fødd i 1887 i Fyresdal. Hans handlingar under andre verdskrigen førte til at namnet sidan 1945 ikkje har vore i bruk; dei få som har hatt namnet sidan er fødde før krigen. Læraren og idrettsleiaren Vidkunn Eidnes, fødd i 1932 på Trondenes, kunne fortelje at han ei tid etter krigen måtte nytte «dekknamnet» Harald. Vidkunn Hveding (1921–2001) var generaldirektør i Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) og Høgre-politikar, olje- og energiminister 1981–83.

Referansar

  1. Eivind Vidkun Selmer i Historisk befolkningsregister. Jf. Norsk personnamnleksikon: 594.

Litteratur og kjelder