Åraksbø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygda med m.a. Gakkestad og Kleivgrend sett frå Frøysnes.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling (1948).
Bygda sett frå same staden i 2016, 68 år seinare.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Bygda Åraksbø ligg på austsida av Åraksfjorden i Bygland kommune, om lag seks kilometer sør for Ose og femten kilometer nord for Bygland. Bygda vaks fram som følgje av eit kortvarig gruveeventyr. Det Sætherdalske Kobberverk satte opp smelteverk i Åraksbø i 1840-åra, og opp mot hundre mann skal ha hatt arbeid der. Men selskapet gjekk på ryggen, og allerede i 1850 vart verket lagt ned.

I løpet av dei få åra med industriverksemd hadde grenda vakse ein god del, og ein byrja mellom anna å snakke om å flytte kyrkja opp dit. Det skulle ta tid før det vart noko av det, men Sandnes kyrkje vart i 1935 flytta til Åraksbø; ho stod opphavleg på den staden der Sandnes kapell vart reist i 1940.

Bygda har no to bur av anselig alder Haugeburet som er datera til 1217 og buret på Stoplestog frå vinteren 1546-47. Haugeburet vert og mellom anna kalla «Haugenburet», «Haugenloftet». Lenger nord i dalen kallas bura loft eller lopt.

Kjelder


Eksterne lenker

Åraksbø sett frå Gakkestad med Vindsåsen til venstre.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Koordinater: 58.92105° N 7.7467° Ø