Lokalhistoriewiki:Hovedside
Månedens dugnadI år er det 200 år sidan den fyrste sparebanken i landet, Christiania Sparebank, vart skipa. Det er ein god grunn til å lage månadsdugnad på temaet sparebankar. Sparebanken og lokalhistoria heng tett i hop i meir enn ein forstand. Det gjeld det realhistorisk openberre, at sparebankane har hatt stor innverknad på utviklinga i sine lokalsamfunn på 1800- og 1900-talet. Derfor er kapittelet om sparebanken med i dei aller fleste bygdebøker. Svært mange sparebankar har fått skrive si historie i eigne jubileumsbøker, gjerne med ei ny utgåve for nye runde år. Og kva meir er: Mange bygdebøker er heilt eller delvis finansierte gjennom tilskot frå den lokale sparebanken. Eit døme er Eikers historie (1994), der Eiker Sparebank bidrog økonomisk. Det finst ein god del artiklar om sparebankar på lokalhistoriewiki allereie (søk på Kategori:Sparebanker). Vi ønskjer oss mange fleire! Håpet er å få fram flest mogleg av dei mange ulike sidene ein ser ved verksemda til den lokale sparebanken, så som:
Ei hovudsak for det tidlege sparebankvesenet var å fremje idealet om sparsemd, særleg blant dei «lågare klassene». Svært mange lokale bankar tok inn følgjande føremålsparagraf, formulert frå sentralt hald : «Sparebankens Formål er at modtage smaae Summe af Personer af begge Kjøn, i Særdeleshed af Arbeids- og Tjenestefolk, og at gjøre samme frugtbringende for Eierne ved Beregning af Renter og ved at lægge Renterne til Capitalen.» Den folkeoppdragande sida ved sparebankvesenet hekk lenge i. Iallfall så seint som på 1960-talet var det mange stader tett samarbeid mellom den lokale sparebanken og barneskulen for å lære borna opp til sparsemd og flit. Borna fekk skulebankbok, og sparebankane gav ut barnebladet Lykkesmeden. Kanskje nokon kan lage ein artikkel om historia til skulebankordninga generelt? Eller kanskje korleis ordninga var ved den enkelte skulen, banken, bygda? Kva med ein artikkel om Lykkesmeden? Og vi ønskjer illustrasjonar – forsider av Lykkesmeden? Har nokon ei skulebankbok eller ei sparebøsse bevart? Bilete av banklokale? Kanskje av "bankbussen" – mobile filialar som somme stader vart tekne i bruk?
Smakebiter fra artiklene
Jarlsberg grevskap har sin bakgrunn i Griffenfeld grevskap som i 1673 ble opprettet for Peder Schumacher som var blitt adlet under navnet Griffenfeld. Grevskapet bestod av det tidligere Tønsberg len. Griffenfeld falt i unåde i 1676. Christian V tok grevskapet tilbake og solgte det i 1678, nå under navnet Tønsberg grevskap, til sin halvbror Ulrik Frederik Gyldenløve. Det var han som gav grevskapet navnet Jarlsberg. Gyldenløve hadde også Larvik grevskap, og i 1683 solgte han Jarlsberg grevskap til Gustav Wilhelm von Wedel. Samtidig gikk byen Tønsberg ut av grevskapet, sammen med det underliggende ladestedet Holmestrand. Grevskapene ble avviklet i henhold til adelsloven av 1821 og omdannet til Jarlsberg og Larvik amt. Privatgodset som lå til Jarlsberg hovedgård, ble omdannet til et stamhus for slekten Wedel Jarlsberg i 1842. Les mer … ![]() Nikolaus Gjelsvik. Foto: Norsk Folkemuseum Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeld på Osterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året. Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen. Les mer … |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 65 961 artikler og 198 877 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
Ukas artikkel![]() Marlo skule i Skjåk under oppføring. Her heldt realskulen til frå 1935 til 1940. Foto: Kristian Stakston (1924). Lom og Skjåk realskule var i verksemd frå 1935 til 1968. Skulen vart starta på privat basis (Skjåk private millomskule), men vart seinare kommunal, i samarbeid mellom dei to kommunane som skulen fekk namn etter. Den tredje Ottadals-kommunen, Vågå, har også delvis vore med i samarbeidet. Dei fyrste fem åra hadde skulen tilhald i Marlo skulehus i Skjåk, frå 1940 på Loar skule i Lom. Siste kullet på Lom og Skjåk realskule vart uteksaminert i 1968, etter at både Lom og Skjåk hadde innført niårig ungdomsskule frå hausten 1966. (Vågå hadde ungdomsskule på forsøksbasis alt frå 1960.)Les mer... Ukas bilde
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|