Ole Lund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ole Lund 1904. Fotograf L. Forbech, Kristiania.
Ole Sylfestsen Lund (fødd i Skjåk 2. mai 1831, død same stad i 1912) var lærar, kyrkjesongar, lekpredikant og politikar i Skjåk. I to periodar, 1876-1877 og 1886-1889, var han ordførar. Han var oppvaksen i eit haugiansk miljø, og var nær knytta til Gisle Johnsons vekkjingsrørsle frå 1850-åra av. Lund var leiarfiguren i den kristeleg-konservative motstanden mot venstrerørsla i bygda frå 1870-åra til inn på 1900-talet. Han vart både i samtida og i ettertid ofte omtala som Kirkesanger Lund.

Oppvekst og familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Eide (Lund) i Lundagrenda, yngst i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Sylfest Olsen Eide (fødd 1783) og Live Iversdotter Lund (1793-1847). To av brørne til Ole Lund gjorde seg også gjeldande som lekpredikantar. Det var eldstebroren, som også heitte Ole eller Ola, gardbrukar på Eide, og Sylfest, som slo seg til i Oppdal.

I 1860 gifta Ole Lund seg med Embjørg Knutsdotter Flekkøy. Dei fekk 10 born saman, fødde i tidsrommet 1861-1885. Ein av dei var kunstmålaren Ivar Lund.

Yrkeslivet

Etter at han var konfirmert, gjekk Ole Lund i skreddarlære, og dreiv dette yrket som hovudnæring i mange år. Attåt dette livnærde han seg med ulikt arbeid. Han var sauegjetar i Lundadalen, slåttekar i Alvdal, tømmerfløytar i fire somrar m.m. Han prøvde seg og så vidt som handelskar. Ei tid leigde han ein jordteig på Prestgardsøygarden.

Som nygifte tok Ole og Embjørg til med å dyrke og byggje opp småbruket Austin i grenda Øygardane i Nordberg. Fyrst bygsla dei eit års tid frå 1861, og i 1862 fekk dei kjøpt jorda av Sevald Skjåkøygard.

Mot slutten av ungkarstilveret hadde Lund etter eiga utsegn byrja ta kristentrua si meir på alvor. Han vart oppmoda om å bli skulelærar. Med det for auga gjekk han ei tid på fastskulen i Lom. Han praktiserte nokre år som lærar i heimbygda, før han tok eitt års lærarskuleutdanning på Tynset 1865-1866. Til dette fekk han god hjelp av sokneprest Ottesen, som både gav han undervisning og lånte han pengar til opphaldet på Tynset. Så stod Lund i lærargjerninga i Nordberg sokn til 1894. Samstundes var han også kyrkjesongar i den nye Nordbergskyrkja.

Med gjeld på bruket og ei lærarløn som i byrjinga ikkje strekte til, var det høgst påkravd å skaffe inntekter attåt. Embjørg dreiv veving for sal. Sommaren 1873 var Lund akkordformann og kasserar på veganlegget gjennom Billingsdalen. Familien hadde med seg buskapen på ei seter på Billingen, der Embjørg selde kaffe og mjølk til vegarbeidarane. Lund var også rekneskapsførar for veganlegga Grotli-Dønfoss og Garmo-Lom. I tidsrommet 1888-1892 var han postopnar i Nordberg.

Politikk og anna samfunnsengasjement

Særleg i åra rett før og under den andre perioden sin som ordførar 1886-1889, stod Lund i heftig strid med venstrerørsla i Skjåk, leia av Christian A. Hjelter og Ole Sivertsen Hyrve. Saman med sokneprest Prydz, lærar Hans Magnus Ørjasæter og sju gardbrukarar, alle frå Nordberg sokn, stilte Lund seg bak Opprop til kristendommens venner i 1883.

Lund hadde mange andre offentlege verv i tillegg til ordførarombodet. Mellom anna var han «2. direktør» i Skjåk brannkasse frå starten i 1869, han var i styret i bygdeålmenninga (1874-1879, 1887-1890), forlikskommissær, medlem av likningskommisjonen, og han var med i det fyrste forstandarskapet for Lom og Skjåk sparebank frå 1873.

Religiøs verksemd

Lunds sterke religiøse engasjement gjorde seg mange utslag. Han sat i styret for heidningmisjonsforeininga i Skjåk frå 1864 og likeins i styret for Skjåk indremisjon frå stiftinga i 1891. Han reiste ein god del som predikant i Gudbrandsdalen og elles over store delar av Austlandet og Sørlandet. Lund var blant talarane ved avdukinga av bautaen over Hans Nielsen HaugeBredtvedt i 1904, og var med i komiteen for organisering av to store lekmannsmøte i Kristiania 1906 og 1907.

Kristendomsforståinga hans hadde rot i haugianismen, og var sterkt påverka av Gisle Johnsons vekkingsrørsle frå 1850-åra. Lund var aktiv innan Lutherstiftelsen, som Johnson stifta i 1868.

Kjelder og litteratur

  • Bruheim, Mathias: Skjåk kyrkje 200 år. Skjåk sokneråd 1952
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd 3. Skjåk kommune 1998
  • Lund, Ole: «En liden Beretning om Gaaardparten Austin i Tidsrummet fra 1861 til 1901 og en kortfattet Biografi over Austins første Opsiddere», i Kvelds-seto - Gåmålt frå Skjåk. Skjåk historielag 2010.
  • Ole Sølfæstsen i folketelling 1865 for Skjåk prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Ole Lund i folketelling 1910 for Skjåk herred fra Digitalarkivet.

Eksterne lenkjer