Ole Sivertsen Hyrve

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Sivertsen og kona Anne. Biletet må vere teke i 1884 eller litt tidlegare. Fotograf ukjend.

Ole Sivertsen Hyrve (fødd i Skjåk 16. mai 1814, død same stad 26. desember 1884) var gardbrukar og politikar i Skjåk og ei kortare periode i Grytten i Romsdalen. Han var ein svært sentral person i Skjåks historie på 1800-talet. Han var leiande innan den liberale fløya i bygda i 1870- og -80-åra, og rakk så vidt å bli leiar i det første venstrelaget i Skjåk det siste året han levde.

Namneforma

Han blir omtala med ulike variantar av namnet. Sjølv skreiv han seg som oftast for Ole Sivertsen, stundom tilføygd Hørve eller Hørven. I Ættebok for Skjåk bd 1 og i Bygdebok for Skjåk bd. 3 er førenamnet skrive Ola, som den lokale uttalen truleg var i hans levetid. Ved dåpen er foreldra skrivne for Hyrve [1], og ved gravferdsinnførsla for han sjølv er namneforma Ole Sivertsen (retta frå Syvertsen) med fødestad og bustad «Hørve». [2]. Jf. også diskusjon om namneforma her.

Livsløpet

Ole Sivertsen var fødd og oppvaksen på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Anne Olsdotter og Syver Sylfestsen. Båe foreldra var kjende haugianarar i bygda. Han hadde fem sysken. Eldst var broren Sylvester Sivertson.

I motsetnad til broren Sylvester fekk Ole lite og ingenting av skolegang ut over allmugeskolen. Som nittenåring i 1833 var han nokre månader hjå broren i Christiania for å få litt undervisning. Undervisning vart det mindre av, men dess meir politiske og ideologiske impulsar frå det miljøet av bondetingemenn og liberal intelligentsia som Sylvester Sivertson stod midt oppe i.

Etter Christiania-opphaldet fekk Ole litt undervisning hjå sokneprest Mathias Heltberg, som ville at Ole skulle søkje på eit seminarium og bli fastlærar. Men nett da, i juli 1835, døydde faren til Ole, og Ole overtok garden.

Same hausten gifta han seg med Anne Olsdotter frå Nigard Bu i Sel, fødd 1815. Dei fekk ni born saman over eit tidsrom frå 1837 til 1857. Tre av borna døydde som små eller unge.[3]

Ole og Anne var uheldige i starten som gardbrukarar. Åra 1835-1837 var uår. I 1838 selde dei Hyrve og flytta til Romsdalen. Dei kjøpte halvparten av garden Helgenes i Grytten. Der ville dei kombinere gardsbruk og handelsverksemd. Men konjunkturane svikta, og forretningane gjekk ikkje så godt. I 1844 vende dei attende til Skjåk. Dei fekk kjøpt att halvparten av Hyrve av det jamaldrande ekteparet dei hadde seld til, Anne Larsdotter Skjåk og Ole Olsen Ramstad. Frå da av var Hyrve delt i Nørdre (Ole Sivertsen) og Søre (Ole Olsen). I 1859 overlet Ole og Anne på Nørdre Hyrve garden til den fyrstefødde dottera Anne, som var gift med Amund Gudbranndsen Jevnheim. Ole og Anne levde deretter som føderådsfolk på garden.

Offentleg verksemd

Sitt offentlege virke innleidde Ole Sivertsen for alvor i Grytten, og det heldt fram for fullt i Skjåk frå familien flytte dit att. Lista over dei offentlege verva hans ser slik ut:

  • Formannskapsmedløem og viseordførar i Grytten 1839-1844. Ordførar i 1842 medan den valde ordførar Søren J. Aandahl var på Stortinget.
  • Forlikskommissær i Grytten 1839-1844.
  • Valmann i Romsdals amt ved stortingsvala 1841 og 1844.
  • Formannskapsmedlem og varaordførar i Lom formannskapsdistrikt 1844-1859 og medlem i fattig- og skolekommisjonen, også i same tidsbolken.
  • Som varaordførar møtte han fleire gonger i amtsformannskapet.
  • Valmann i Kristians amt ved stortingsvala 1847, 1850, 1853, 1856 og 1859.
  • I tida etter at han gav frå seg garden, var han oppsynsmann ved fleire veganlegg, i Ringebu, mellom Lom og Vågå og i Skjåk på strekninga Dønfoss-Grotli.
  • Forlikskommissær i tilsaman 33 år frå 1847 til sin død, pluss nokre år som varamann til vervet. Forliksdistriktet var fram til 1866 Lom og Skjåk, frå 1866 Skjåk.
  • Han var mykje nytta i utskiftings- og skyldsetjingsforretningar.

(Lista er sett opp på grunnlag av hans eigne opplysningar i livsminna sine. I den grad vi har sett dette opp mot opplysningar frå andre kjelder, har vi ikkje kome over motstridande fakta.)

I 1848 reiste Ole Sivertsen forslag om at bygdeålmenninga (Skjåk Almenning) skulle utskiftast til privat eigedom for dei einskilde eigarane. Men dette fekk han ikkje fleirtalet av eigarane med på, og det har heller ikkje i ettertid kome til utskifting trass i at spørsmålet fleire gonger har vore reist.

Nordberg kyrkje, bygd i tidsrommet 1861-1864. Ole Sivertsen, og foreldra hans før han, hadde ivra lenge for å få eiga kyrkje "norda berget". Ole kom naturlegvis med i byggjekomiteen.
Foto: Hans P. Hosar (2009).

Ole Sivertsen var drivande kraft i arbeidet for å skilje Skjåk ut frå Lom prestegjeld og formannskapsdistrikt, noko som lykkast i høvesvis 1863 og 1866. Likeins stod han i brodden for å få bygd kyrkje i Nordberg. Kyrkja stod ferdig i 1864.

I sitt siste leveår var han med på å stifte det fyrste venstrelaget i Skjåk, og han vart sjølv leiar der til han altså døydde i desember 1884.

Politiske og religiøse standpunkt

I livsminna fastslår Ole Sivertsen sjølv at han alltid hadde tilhøyrt «det frisindede Fremskridtsparti», dvs. Venstre. Han hadde hylla «republikanske Grundsætninger», men hadde aldri vore revolusjonær republikanar. Som 70-åring i riksretts- og regimeskifteåret 1884 uttrykkjer han at han «agter og ærer Kongedømmet, saalænge dette udøves under vore grundlovsmæssige constitutionelle Former». Viss derimot «den første af disse Statsmagter [dvs. regjering og storting] vil anmasse sig en større Magtmyndighed end Grundloven tilhjemler den, da tror jeg neppe Kongedømmet i Norge bliver gammelt».

Når det gjeld truslivet, syner den aldrande Ole Sivertsen stor respekt for den kristendommen han fekk innpoda av sine haugianske foreldre. Han seier seg lei for at han ikkje har opplevd nokon «virkelig Overgang fra Mørket til Lyset i sand grundig Omvændelse», og vedgår at «endog den gamle Sjælemorder til sine Tider har faaet mig ind paa Vantro og fritænkerske Grundsætninger». Men som syttiåring uttrykkjer han glede over å ha vendt attende til sin kristelege barnelærdom.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3.
  • Ole Sivertsens minnenedteikningar 1884. Handskrive manus. Ukjent om/kvar originalen finst, men det er bevart fleire avskrifter i privat eige. Kopi av to ulike avskrifter i bygdebokarkivet for Skjåk (Norddalsarkivet avdeling Skjåk.)
  • Ættebok for Skjåk, band I. Utg. av Skjåk Historielag 1946, fotografisk opptrykk 1982.

Referansar