Stamstadgardane (Sygard og Nordgard) i Lom ca. 1880-1890. Tunet på Nordgard lengst borte. Der var mannen til Rønnaug fødd og oppvaksen, og ekteparet budde der iallfall periodevis. Kor lenge dei levde, og kvar dei døydde, er ikkje bringa på det reine. Foto: Axel Lindahl/Galleri NOR, Nasjonalbibliotekets biletsamling.
Rønnaug Jonsdotter Frisvoll (Andvord) (fødd i Lom 1812, død 16. mars 1900 på Østre Toten) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i Garmo sokn, der foreldra var gardbrukarar. Foreldra var Jon Pålsson Frisvoll (1781-1853) og Rønnaug Ivarsdotter frå Sygard Aukrust (1790-1869). Rønnaug var nummer to i ein syskenflokk på fem.
Rønnaug vart tilsett som jordmor i Lom i 1849. Til da hadde det vore berre ei «eksaminert» jordmor i heile det store Lom prestegjeld og herad (nåverande Lom og Skjåk kommunar). Det var Magnhild Sperstad, som budde i Skjåk. Rønnaug skulle ha 20 spesidalar årleg i jordmorstillinga.
Rønnaug Frisvoll gifta seg i godt vaksen alder i 1859. Brudgommen var 18 år yngre. Det var Tosten Pålsson Andvord (fødd 1830), son av lensmann i Lom Pål Tostensson Andvord (1795-1863) og kona Torø Sevaldsdotter frå garden Kjæstad, som også ligg i Lom (1806-1896). Pål og Torø Andvord åtte og dreiv garden Nordgard Stamstad, der Tosten hadde vakse opp. Han var odelsgut, og hadde overteke farsgarden i 1850, men dreiv han berre eit års tid da han selde den att. I åra 1859-1863 var Nordgard Stamstad ått og driven av yngste bror til Tosten, Richard Andvord, som rett etter dette vart handelsborgar i Christiania og grunnla det kjende papirfirmaet med hans namn. Les mer …
Olav Aukrust. Udatert foto.
Olav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernentusiast, men framfor alt diktar. Han blir rekna blant dei fremste lyrikarane i norsk litteratur, og er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også påverka av Austens religionar, og han vart sterkt oppteken av teosofien og antroposofien.
Olav Aukrusts dikting innbyr både til begeistring og til sterke motforestillingar, både kva gjeld innhald og form. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit tredje berande element, som også er tett innvove både i nasjonalismen og i religiøsiteten. Likeins er kjærleiksmotivet, både erotisk elskhug og den altomfattande Guds kjærleik, framherskande i mykje av diktinga hans. Han dyrka det «rotekte bondenorske» med utgangspunkt i ein tradisjonsbunden gardbrukarstand i ei fjellbygd som han sjølv kom frå. Den nasjonalistiske tankeverda og retorikken vekte begeistring ikkje minst i dei norrøndyrkande krinsane som slutta opp om Nasjonal Samling, noko som har gjort sitt til at Aukrusts dikting i periodar har vore ideologisk sterkt omdiskutert. Les mer …
Tor Jonsson 1950. Foto: Ukjent. Tor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet, som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sjel. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «stridsdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk. Og som litteraturvitaren Reidar Djupedal nemner ein stad: «I ein stutt fredsrus våren 1945 gjekk Tor Jonsson og noko frå sin kjende veg og skreiv nasjonale dikt som stikk merkeleg av frå diktinga hans elles.» Les mer …
Harald Ramm Østgaard. Foto: R. Ovesen, Kristiania.
Harald Ramm Østgaard (fødd i Vestre Aker 29. januar 1855, død i Lom 1908) var jurist, sekretær i Den Norske Turistforening 1881-1884 og lensmann i Lom 1884-1908. I Lom var han aktiv i kommunalt styre og stell, i sparebanken, telefonselskapet o.a., og han var med i det førebuande arbeidet for jernbane gjennom Gudbrandsdalen.
Foreldra var jurist og forfattar, seinare fut i Sør-Østerdal futedømme, Nikolai Ramm Østgaard (1812-1873) og Anna Gunhilda (Gunelia) fødd Neergaard (1828–1910).Harald Ramm Østgaard hadde sine fyrste barneår på Torshov, som fram til 1859 tilhøyrde Aker herred. Familien budde på Rosenlund, ein eigedom som faren hadde kjøpt i 1844.
Da faren vart fut i Sør-Østerdal i 1859, selde dei Rosenlund og flytta til Elverum. Les mer …
|