Ottadalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Ottadalen er ein sidedal til Gudbrandsdalen mot vest-nordvest. Det er dalføret til elva Otta, som har utspring i Djupvatnet i Møre og Romsdal (på Geirangerfjellet), 1017 meter over havet. Elva munnar ut i Gudbrandsdalslågen ved Otta by, 288 meter over havet. Dalen strekkjer seg frå vest gjennom kommunane Skjåk, Lom og Vågå, og endar i Sel kommune. Ottadalen har ikkje fungert som offentleg administrasjonseining, men det har til tider vore samarbeid mellom Ottadals-kommunane til dømes kva gjeld interkommunale rutebilselskap. I offentleg forvaltning og rettsstell har Ottadalen inngått i Nord-Gudbrandsdalen.