Møre og Romsdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Møre og Romsdal
15 More og Romsdal vapen.png
Fylkesnummer 15
Basisdata
Adm.senter Molde
Areal 14467.85  km²
Andel land 13984.86  km²
Andel vann 482.99  km²
Folketall 266 856 (2018)
Internettside Internettside
Historisk inndeling
Len Nordmøre: Trondhjems len,
Romsdal: Romsdals len,
Sunnmøre: Bergenhus len
Amt Romsdals amt
(Sunnmøre òg
Nordfjords og Sunnmørs amt)
Stiftsamt: Nordmøre og Romsdal: Trondheims stiftamt; Sunnmøre: Bergens stiftsamt

Møre og Romsdal fylke, tidlegare (19181935) Møre fylke, er vidareføringa av Romsdals amt og femnar om dei tre gamle landskapa og futedømma Sunnmøre, som låg under Bergens stiftsamt, og Romsdal og Nordmøre, som begge låg under Trondhjems stiftsamt. Administrativt sett soknar fylket til Midt-Noreg i samband med rettsvesen, helsevesen, skatt, sosialtenester (Nav) med meire.

Fylket har 38 kommunar. Det grensar i aust til Trøndelag fylke, i søraust til Innlandet fylke og i sørvest til Vestland fylke. Molde (fylkeshovudstad), Ålesund og Kristiansund er nokre av dei største byane.

Møre og Romsdal var frå 2004 til 2009 eit einskapsfylke. Det vil seie at administrasjonane til fylkeskommunen og den statlege fylkesmannen var slegne saman for å komma bort frå den dobbeltadministrasjonen den gamle ordninga førte med seg. Mange i Møre og Romsdal, særleg på Sunnmøre og til dels i Romsdal, meinte at dette forsøket med einskapsfylke var vellykka og at dette er eit alternativ til samanslåing med andre fylke i større regionar. I 2009 vart forsøket avslutta, og frå 1. januar 2010 gjekk fylket tilbake til same modell som dei andre fylka[1].

I samband med regionreforma 2014–2018 og kommunereforma 2014–2018 var det diskusjon om deling av fylket, eller om heile fylket skulle verte ein del av nye Vestland fylke. Det endte med at Møre og Romsdal vart vidareført som eige fylke, men som følgje av kommunesamanslåingar vart grensene noko endra. Hornindal i Nordfjord vart del av Volda på Sunnmøre, og Halsa på Nordmøre vart del av Heim kommune i Trøndelag.

Fylket har vore busett sidan tidleg steinalder. Ein finn fleire stader spor etter Fosnakulturen, som er ei av dei eldste kjende folkegruppene i Noreg. Denne kulturen har sitt namn fra området omkring Kristiansund.

Bergfrue er fylkesblomsteren til Møre og Romsdal.

Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ,Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Språksituasjonen i Møre og Romsdal er ganske innfløkt, med forskjellige dialektar, brytning mellom bokmål og nynorsk, og mellom norsk og samisk.

Referansar

  1. Einskapsfylket i Møre og Romsdal blir avvikla frå 2010 frå Kommunal- og regionaldepartementet

Kjelder

Linkar