Vestland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestland fylke vert oppretta den 1. januar 2019 når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman. Den politiske leiinga og administrasjonen skal ha sete i Bergen, medan fylkesmannen i Vestland skal sitje i Hermansverk.

Samstundes som fylka vert slått saman, vert òg Hornindal kommune i Sogn og Fjordane slått saman med Volda kommune i Møre og Romsdal og overført til det fylket.

Vestland fylke skal ha nynorsk som primært administrasjonsspråk.

Opphavleg var forslaget at fylkes skulle heitte Vestlandet. Dette vart fråråda av Språkrådet og andre, sidan landsdelen Vestlandet òg femner Rogaland, Romsdal og Sunnmøre.

Litteratur og kjelder