Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Volda kommune
Volda komm 2020.png
Basisdata
Kommunenummer 1577
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Volda
Areal 738.84  km²
Areal land 703.41  km²
Areal vann 35.43  km²
Folketall 10 960 (2023)
Målform nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma.

Geografi

Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.

Voldsfjorden har to sidearmar: Dalsfjorden og Austefjorden. Sånn halvegs i Austefjorden går Kilsfjorden, ei lita sidearm mot sør-vest.

Dei større bygdene i Dalsfjorden er Velsvika, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfoten, Steinsvika og Dalsbygda. I Austefjorden er Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn, Follabygda og Høydalen. I Kilsfjorden er Bjørnaset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. På sørsida, rett over fjorden frå Volda sentrum ligg Folkestad. Nord for Volda sentrum ligg Morkabygda og Berkneshalvøya med Lid og Berkneset og i sørenden av Vartdalsfjorden, heilt nord i kommunen, ligg Yksnøya.

Europaveg 39 går gjennom kommunen, i sør frå Nordfjordeid, nordover på vestsida av fjorden til Folkestad, vidare med ferje til kommunesenteret Volda. så mot nordaust over til Ørsta kommune. Volda og Ørsta deler Ørsta/Volda lufthamn som ligg på Hovden.

Tidlegare Hornindal kommune, som vart ein del av Volda i 2020, omfattar Hornindalen og dei bratte sidedalane, og bygdene langs austsida av Hornindalsvatnet. Vatnet er den djupaste innsjøen i Europa, opp til 514 meter djup.

Kommunehistorikk

Volda sitt kommunevåpen fram til 2020.

Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart kommunen delt, og den austlegaste delen, Ørsta, vart etablert som eigen kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 3 485 innbyggjarar, mens Ørsta hadde 2 070 innbyggjarar. 1. januar, året etter, vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar ført tilbake til Volda.

1. juli 1924 vart Dalsfjord kommune skilt ut som eigen kommune, den hadde då 960 innbyggarar. Volda kommune hadde etter oppdelinga 4 715 innbyggjarar. Men 1. januar 1964 vart Dalsfjord kommune igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6 056 innbyggjarar og Dalsfjord 1 151, slik at den nye Volda kommune total hadde eit innbyggjartal på 7 207.

Den 1. januar 2020 vart tidlegare Hornindal kommune i Nordfjord innlemma i Volda. Kommunen fekk då nytt våpen, som kombinarer pennesplitten frå Volda sitt gamle våpen med to ljåblad frå Hornindal sitt våpen.

Sjå òg liste over ordførarar i Volda.

Det skrevne ord

Kommunevåpnet til Volda har ein pennspiss som symbol og saman med nabokommunen Ørsta har området lange tradisjonar med språk og det skrevne ord. Ivar Aasen kom frå Ørsta. Lokalavisa Møre reknar seg som Noregs eldste lokalavis (1810). På Ekset, låg noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk, som vart oppstarta i 1808. Eit museum i Aarflotgarden inneheld gamle maskiner frå prenteverket. Haugen bok er ein av dei største bokhandlarane i Noreg.

Organisasjonsliv

Volda husflidslag held til i kommunen.

Nokre personar frå Volda

Eksterne lenkjer

Litteratur