Sigurd Bjørkedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Bjørkedal
Foto: Heidi T. Sletten (2009)

Sigurd Asgeir Bjørkedal (fødd 6. mai 1920, død 15. mars 2011 i Eid) var båtbyggjar, bonde og lokalpolitikar i Volda kommune. Bjørkedalen i Volda har lange båtbyggjartradisjonar, og han var ein vesentleg tradisjonsberar innanfor dette feltet. Arbeidet hans var viktig for å ivareta tradisjonen med å klinkbyggje trebåtar både lokalt på Sunnmøre og i nasjonal samanheng. 21. november 2009 fekk Sigurd HM Kongens fortenestemedalje i sølv.

Familiebakgrunn

Sigurd Bjørkedal var son av båtbyggjar Daniel Jakobsson Bjørkedal (1880-1960) og Kanutte Severine Sivertsdotter (1888-1985). Sigurd var gift med Signe Aasen (1923-2006) frå Nordfjord. Dei budde på farsgarden Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen, Volda. Saman med Signe fekk Sigurd sjølv seks barn, derav tre søner som og vaks opp med arbeidet i båtskotet og i dag fører handverket vidare. Sigurd tok ikkje berre vare på arven frå forfedrane sine, men formidla den òg vidare til sønene sine.

Yrkesverksemd

Båtbyggjaren

Handverket og kunnskapen vart overlevert frå far til son i generasjonar. Sigurd fekk båtbyggjinga inn med morsmjølka. Han vaks opp i ein solid båtbyggjarfamilie, som ein av fire brør som alle lærde kunsten. Sitt første oppdrag som båtbyggjar fekk Sigurd 17 år gamal i 1937, då han og faren Daniel J. Bjørkedal bygde skroget til ein 27 fots klegg/sjark for Alfred Toftesund i Gjersvika. I åra som kom, bygde Sigurd ei rad båtar av ulik storleik, utforming og bruk; færingar, ottringar, dekksbåtar/fiskebåtar, fangstbåtar, livbåtar, snekker, seglbåtar og trerøringar. Saman med familien har han truleg bygde mellom 50 og 60 båtar.

Sigurd var også ein habil smed. Det var vanleg å smi den saumen ein trengde for å byggje båt.

Byggjinga av dei store vikingskipa vart starten på ei ny oppblomstring av båtbyggjinga i Bjørkedalen. Det heile tok av då Herøy sogelag tinga kopi av eit skip som det var funne restar av i Kvalsund i Herøy. Dei hadde klart å samle 23000.- kr, og det var eit sjansespel for båtbyggjaren då det var usikkert om han kunne klare arbeidet for denne summen. Kvalsundskipet vart ferdig i mai 1973 og er i dag plassert ved Sunnmøre museum. Seinare byggja han mellom anna:

Bonden

Sigurd tok over drifta av farsgarden, Jakobsgarden i Bjørkedalen, i 1954 og dreiv den fram til sonen Jakob tok over i 1985. Han dreiv på tradisjonelt vis med mjølkekyr, gris og sau. Materiale til båtane vart teken frå eigen skog og bearbeidd på gardssaga.

Frivillig arbeid

Sigurd og naboane og broren Saxe Bjørkedal starta han rundt 1990 å samle inn gamle bjørkedalsbåtar. Dette var starten på Bjørkedal båtsamlingar. Han var med på å starte Bjørkedal kystlag i 1994.

Sigurd representerte Venstre i skulestyret og landbruksnemnda i Volda kommune i mange år på 70-talet. Han var også vara til kommunestyret i to periodar.

Kjelder og litteratur