Dalsfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Dalsfjord kyrkje.
Foto: Widerøe (1963).

Dalsfjord kommune (herad) er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal. Den vart utskild frå Volda kommune i 1924 og lagt attåt att i 1964. Kommunen var den vestlegaste luten av Volda, med grenser mot Rovde, Syvde, Vanylven kommune og Eid kommune i Sogn og Fjordane. Grensa mellom den nye kommunen og Volda vart sett mellom gardane Rossetvikane og Nautvika.

Dalsfjord herad hadde ei flatevidd på 165,49 km2. Av dette var i 1963 6,03 km2 dyrka eller dyrkande jord og 14,42 km2 produktiv skog. I 1960 var folketalet 1166.

I 1910 vart Dalsfjorden utskild frå Volda prestegjeld som eige sokn. I 1915 kalla soknestyret inn til ålmannmøte om spørsmålet om å dele også heradet. Resultatet vart at soknestyret året etter sende søknad om at Dalsfjord sokn kunne bli utskild som eige herad. Søknaden vart behandla i Volda heradsstyre og avvist med 16 mot fem røyster. Det same skjedde i 1917, men i 1918 vart dokumenta sendt amtet som gav påteikning og førte til at Volda nedsette ei nemnd som skulle greie ut heradsdeling. Resultatet var at Dalsfjord vart eige herad frå 1. juli 1924.

I det første formannskapet sat Knut Steinsvik (ordførar), Elias K. Reite, Lars N. Sætre og Johs. Brune.

Første budsjettet til heradet var på til saman kr. 40.467. Nokre av postane: kr 4000 til skulen, 4700 til fattigkassa, kr 920 til vegar, kr 10.140 i fylkesskatt og kr. 15.300 til underskot i Volda Elektrisitetsverk. Ti år seinare (1933-34) var budsjettet skore ned til kr 28.675.

Med verknad frå 1.1.1964 vart så Dalsfjord herad slege samen med Volda kommune att.

Litteratur