Austefjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Austefjorden vestover frå Gjersdalshornet.
Foto: Oddvar Høydalsvik (2007).
Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762.

Austefjorden er både nemninga på inste delen av Voldsfjorden innafor Furneset og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består ifølge den nye Busetnadssoga av dei mindre grendene / skulekrinsane Follabygda, Fyrde, Kalvassbygda (Kalvatn) og Årset. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med Austefjord kyrkje, Austefjord skule og Austefjord Museum, i eige bygg ved skulen.

Tidlegare var dette eit halvemål-(alvemål)område og skal ein tru dei munnlege overleveringane var her frå gamalt ei tredeling: Austefjorden (Haustefjårinj), innom Furneset. Inste Austefjorden (Hinste Haustefjårinj), innom Årsetøya. Aller inste Austefjorden (Hallje hinste Haustefjårinj) går frå utløpet av «Mørevassdraget» som startar på Heggjadalen i Nordfjord der Møreelvane renn mot Møre og mot Osdalen, Kalvatn, Langvatn, Fyrde og endar i Pøyten/utløpet av Fyrdselva.

Skule

Krinsinndelinga frå om lag 1890 fortel om korleis ein praktisk ordna brukbar avstand til skule for borna. Det vart gjort litt endringar på dei tidlegare omgangsskulegrensene og skulane som fekk fast plassering rundt fjorden var desse (i same rekkefylgje som i Busetnadssoga band III):

Dagens skule (2010) er organisert slik at borna frå Hjartå skulekrins går på skule i Volda sentrum, resten av dei gamle skulekrinsane er samla i Austefjord skule. Borna frå Bjørke skule i Ørsta kommune går også på skule i Austefjorden.

Busetnad og arbeid

Busetnaden har i hovedsak vore på gardar, småbruk og ein del plassar under bruka. For dei fleste familier gav jordbruket for lite inntekt til familia, derfor var mennene oftast borte store deler av året for å skaffe inntekt i tillegg til gardsdrifta, i hovedsak fiske, fangst og anleggsarbeid. Langpendling, til dømes fleire år i gongen i Amerika rundt 1900 var ikke uvanleg.

Namn i området etter lagerplassar for tømmer (Timbreneset, Timbrebakken) og oppgangsager fortel om fleire hundre år med levering av trevirke. Elvane har vore brukt til å drive sager og kvernar. Ca. 1910 starta arbeidet med Kolfossen, fyrste småkraftverket, og 2010 er dei fleste elvane i bruk til energiproduksjon.

Frå 1880 har her vore ein god del småindustri. Frå nokre av desse har det vorte etablert bedrifter for produksjon av trevarer/møblar, singel og sand, betongvarer, betonganlegg og båtar. Her har og vore fleire entrepenørar som har sysselsett mange menneske i lange perioder.

Samferdsel

Samferdsel har gjenom alle tider vore tema: På fjorden har det vore brukt båt når fjorden var open, om vinteren var fjordisen et «meinbegse» sa dei gamle. Verhardt var det andre tider på året og: Å ro eller sigle for eitt nes i gongen, var uttrykk som vart brukt. Så var her ei tid det gjekk rutebåt og det kom etter kvart betre vegar. Rundt 1960, då bilen hadde vorte eit vanleg framkomstmiddel stod det eit skilt på Andaneset i Volda med omlag denne teksta: Austefjordvegen, sjå opp for: Isras, snøras, steinras (og tilføya for hand), takras. Då er det ikkje å undrast på at lensmannen som ein gong på 1950-talet stoppa ein kar som ikkje var heilt edru fekk dette svaret på kvifor: «Eg vil gjerne sjå den mannen i augene som torer å køyre her edru». Vegane fekk ei kraftig oppdatering utover 1960- og 1970-talet og siste bygdene fekk vegutløysing. Men fonnene var der framleis. Fleire Austefjordingar har drive undervising i bilkøyring av sine på denne måten: «Eine auga skal du bruke til å sjå på vegen, den andre skal brukast til å fylgje med om noko lever oppom vegen», stort sett fonner i ei eller anna form. I 2009 var det oppstart på Kvivsvegen etter ca. 150 år med diskusjon, endeleg er akseptabel fonnsikring prioritert.

14. juni 2014 var det offisiell opning av ferdig stykke Grodås - Volda på E 39. Mange frammøtte ynskjer den skal vere til god nytte for distriktet og landet i lang tid framover.

Pr. mai 2011 er ein i slutten av ei runde med ny namning av vegar i Volda kommune: Austefjordvegen har fått lov å behalde namnet sitt frå Volda til kryss i Fyrdsvikane, vidare til Grodås heiter det Kvivsvegen. Fyrdsvikane til Straumshamn har fått namn Høydalvegen.

For meir informasjon om Austefjordingane:

Bilde frå Austefjorden

<googlemap version="0.9" lat="62.063859" lon="6.311302" type="map"></googlemap>

Litteratur

  • Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda. Volda kommune 2007.