Årsetøya
Hopp til navigering
Hopp til søk
Årsetøya er ei øy og ein gard med gards/bruksnr. 42/3 i Austefjorden i Volda kommune. Bygsla av begge bruka på Årset i 1854.
Busetnad
Busett frå 1858, dei siste brukarane som budde på øya var Andreas og Knut Aarsetøy. Etter at Andreas døydde i 1981 budde Knut på øya åleine. Siste åra var han der om sommaren, og var vintrane hos systerdottera Signy Ryste i Hovdebygda. Ho er eigar av Årsetøya i dag. Andreas og Knut bygde opp Årsetøysamlingane som seinare er flytta til Austefjord Museum.
Båtane
"Barmann" Ein "spisstemna møring med dekk"
"Olena" eller "Oline" (skrive på fleire måtar). Oppborda seksring med dekk og gaffelrigg
MB_«Litleveiren»_M_20_VA. Tilhøyrde Årset notlag. Brukt frå øya
Bilde Årsetøya
Litteratur
- Busetnadsoge for Volda b.3 s.502. Vidare er der historisk stoff om Årset krins frå s.460.
Kilde
- Busetnadssoga for Volda band 3
- Voldasoga II s 399.