MB «Færdig» M 60 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra MB "Færdig" M 60 VA)
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Færdig»
Reg.nr.: M 60 VA
Type: Klinkerbygd spisstemna båt i tre
Byggeår: Ukjend
Båtbygger: Ukjend
Sted: Truleg Volda
Mål: Lengde omlag 25 fot, fleire ombyggingar
Motor: Fyrst robåt og siglar, så 3 - 4 motorar
Eier: Ola og Lars Årsetøy (så Ola åleine)

MB «Færdig» M 60 VA eller «Øyaormen» er 18.03.1921 ført i lokal utgåve av fiskeriregisteret i Volda. Bto. drektighet 2,5 tonn. Den er bygd i furu som spisstemna klinker til ukjend tid av ukjend båtbyggjar. Den har etter 1921 heimehamn på Årsetøy i Austefjorden og eigarane er ved registrering i fiskeriregisteret 1920 Ola Årsetøy f. 1892 og Lars Årsetøy f.1894. I fiskeriregisteret er namnet til Lars stroke på ukjent tidspunkt og dermed stod Ola som eineeigar her til om lag 20 år etter sin død i 1955.

Ved innføring i fiskeriregisteret er «Færdig» notert ombygd utan nærare tidfesting og med måla lengde 25,1, breidd 7,1 fot og «tiendedele der av» og 2 fot og 6 tomar djupte i romet. Den har ein 4 HK «American» frå 1914.

1937 er «Færdig» ombygd på nytt og har fått nye mål: Lengd 25 fot 7 tomar, breidd 7 fot 8 tomar, djupte 3 fot 4 tomar. Det er sett inn ein 5 HK «Grey»-motor med ukjend alder, men umbygd i 1936. Det er ein bensin/petroleumsmotor. Dette fortel at motoren måtte ha to drivstofftankar. Ein på 5 - 10 liter for bensin og ein større tank for petroleum eller det som seinare vart kalla parafin. Motoren vart starta og køyrd varm på bensin, så bytte ein tank til den billegare parafinen så lenge ein nerma seg stopp av motoren. Då gjekk ein over på bensin att så der stod rein bensin i forgassaren ved stopp. Då var det klart for ny start, på rein bensin.

Motorar: I båten var fyrst ein «American» 4 HK bensin/parafin-motor frå 1914, så ein «Grey»-motor på 5 HK av ukjend alder, også bensin/parafin-motor. Så ein godt brukt Sabb 5 - 9 HK semidiesel med propanfyring og til slutt ein 10-hestar Sabb diesel. Dette får ein kome tilbake til.

Medan Ola Årsetøy eigde «Øyaormen» arbeidde han som montør og reparatør for motorar på Volda Mekaniske Verkstad og reparerte og bygde om eigne motorar ved behov (og sikkert litt eksperimentering etter nye ideear). Samtidig eigde Ola mykje av øyabåten MB «Trygve» M 18 VA frå han var ung til han døde.

«Færdig» er berekna og registrert til fiske og fangst i fjord og ved kyst og er elles godt eigna til skyssbåt.

At båten heitte «Færdig» var det truleg få som hadde fått med seg. Den var kjend som «Øyaormen».

Jakt på størje hadde nok gått i blodet på øyakarane for frå dei var små hadde det gått i størjejakt når høvet baud seg. På øya var størjetårn med utsiktsplattform og flaggstang på toppen. Frå denne følgde dei med kva som rørde seg på fjorden. Såg dei likt til fisk eller størje dei ville prøve seg på gjekk dei i båt.

På ”Øyaormen” vart montert ei kanon som Ola hadde laga på Volda Mekaniske Verkstad. Løysinga var oppbygging/stillas framme for størjekanona og med gangveg til rorhuset bak i båten.

Dermed vart det jakta størje med hjelp av brødrene Knut og Andreas på med den heimelaga størjekanona. Kommunikasjonen føregjekk med teikn og fakter for ikkje å skreme størja unødig.

«Øyaormen» var brukt ein god del til frakt av varer og krøter for seg sjølv og andre. Dette var arbeidsbåten til øyakarane og den måtte tole dei vilkåra som baud seg. Startstykkeskrivaren hugsar som eit tidleg barneminne om lag 1954 at grannen kjøpte ein brukt tohjulstraktor som det var mykje plager med i bratt terreng. Ein dag kom «Øyaormen» og gjekk rett fram i fjøra aust av «Lauritsnaustet». Dei la han sidelengs fram i steinane og stroppa han fast med sterke tampar. Så gjekk tre - fire karar opp på marka, tok den tunge tohjulstraktoren mellom seg og trilla den rett ned i båten. Knut reparerte traktoren fyrste året. Andre året byggde han frontvogn på. Slik ser BMB-en frå 1946 - 1948 ut framleis (2012).


«Øyakarane» med etternamn Årsetøy treng ei forklaring:

Knut f. 1904 hadde smie/mekanisk verkstad med treverkstad på loftet på Øyakaia. Her på kaia vart mykje av vedlikehald og nykonstruksjonar på båtane i fjorden og ein del for landbruket til opp gjenom åra.

Andreas f.1902 var «husmor». Han var veldig flittig og vitelysten og er opphav til Årsetøysamlingane i Austefjord Museum.

Andreas og Knut eigde Årsetøya frå 1955.

Ola f. 1892 (Bulder-Ola) arbeidde på Volda Mekaniske Verkstad som smed, mekanikar og medarbeidar i produksjon av Volda-motoren. Han eigde Årsetøya frå 1932 - 1955. Han arbeidde mykje av tida i Volda og leigde rom der. Når helga kom reiste han heim til Årsetøya. I heimbygda var han ivrig deltakar i Hjartåbygda Skyttarlag og han sang i kor med base på Årset skule.

Samspelet mellom desse tre førte til praktiske løysingar på mange ting opp gjenom åra.

Kjelder

Informantar